onsdag 31. mars 2010

God påske frå Bow Firda

Nå er det ikkje så lenge til påskefreden senker seg over oss også.
Dei fleste av oss avslutter dagens arbeid kl 1700 og tar pause heilt til i
morra, Skjærtorsdag kl 1000 :-)

Vi er no på vei ned til Aratu/Salvador i Brazil, skal ein liten tur innom
Fort De France på Martinique på natt til søndag for å sette i land ein
kjelesmed frå Aalborg som har vøre med oss ifrå Houston.

Her er det i allefall påskevær, sol og "sommer", godt oppe på tjuetallet med
både luft og sjø temperaturen.

Det var godt å komme i sjøen igjen etter nesten fire uker i Mexico og Texas
området, ein sjømann er bygd for å være på sjøen, ikkje ligge under land.
:-)

Ønsker alle ein riktig god påske frå alle oss ombord i Bow Firda.

torsdag 25. mars 2010

Gratulerer med 6 års dagen Sofie


Vår kjære Sofie fyller heile 6 år i dag.

Håper at du får ein kjempefin dag sammen med alle vennane dine i barnehagen.

tirsdag 23. mars 2010

Internett ombord i Bow Firda


Ville berre vise dåkke nokre glade karer her ombord som endeligt fekk bruke internett nokre dager her i Houston.

På dei aller fleste Odfjell skip finnst det ikkje internett og då har vi stort sett kun muligheita til oppkobling via eksternt utstyr i Rotterdam og her i Houston området.

Hadde dei som set på pengesekken i Bergen sett den gleda det blir ombord når gutta får koble seg opp så trur eg at dei kanskje hadde løsna litt på den nevnte sekken.

Internett tilgang for oss sjøfolk i dag er nok ein av dei viktigaste tingene vi mangler, det å kunne holde kontakta med familie og venner på ein normal måte skaper ein slik glede at sjølv dei med 9 månaders kontrakter ser lysere på dette livet som er temmeligt asosialt med mangel på dei fleste goder som dei som arbeider på land tar som ein sjølfølge.

Vi får håpe at det blir satt fortgang i dette arbeidet på våre skip, det kan også bidra til at også yngre folk vil satse på Odfjell som ein arbeidsplass også for framtida.

Odfjell er nemligt ikkje nokon dårlig arbeidsplass når alt kjem til alt

onsdag 17. mars 2010

Gards og ættesoga for Sandøy kommune, kapittel 4

Ifølge ein artikkel i Haramsnytt 5 mars 2010 er det no bestemt at dei to første binda av Sandøysoga skal gjevast ut, og bra er no det.

Eg er no i Houston området og har ikkje tilgang til papiravisa og dei opplysningane som står der, men her er ein link til eit utdrag av artikkelen som ligger på nettet.

mandag 15. mars 2010

Houston, Texas

Her kjem eit lite bilete frå ein del av Houston området som heiter Morgans
Point, ein lange strand med ein del meget herskaplige villaer.

Om dette "slottet" som det er bilde av går det følgende lille historie
(Sjølvsagt fortalt av ein los).

"Ein kar med masse penger kjem inn til ein entrepenør, slenger ein 1 dollar
seddel på pulten foran han og sei: Eg skal ha eit slikt slott".

Slottet vart bygd det, om enn ikkje akkurat slik som biletet på dollar
seddelen, og står der den dag i dag, dog noko forfallent, kun ca 1/3 av det
som er i bruk. Det inneholder blant anna 14 forskjellige bad.

Det som kjem fram bak slottet er Barbers Cut, ein stor containerkai her i
Houston. Dette området ser ein del betre ut når det er sommer, i allefall
ein god del grønnere der då enn det er nå.

fredag 12. mars 2010

Om Freeport, Texas

Er det ikkje så mykje å skrive om.

Vi var inne på Dow Chemicals sitt anlegg der og lossa og lasta. Ellers så
var det ikkje så veldigt mykje uvanligt som skjedde der.

Det einaste er kanskje tåka som låg der store deler av tiden, dagens bilde
viser hvordan det såg ut i ti-tiden på kvelden når vi skulle til å gå ut.

Det er well unødvendigt å sei at vi vart liggande til denne letta :-)

Det var samme grautskodda på veien bortover mot Houston så nå ligger vi for
øyeblikket ankra uttaføre Galveston, men i dag er det strålande solskinn så
vi går til kai no i løpet av føremiddagen.

Så dei neste 10 dagane omtrent vil vi befinne oss i Houston området.

Meire følger :-)

mandag 8. mars 2010

Blogg frå Port Arthur, Texas

Port Arthur er i dag ein forholdsvis liten by, ved kanten av innsjøen Lake
Sabine, i det østlige Texas.
For ein 110 år sidan var dette ein blomstrande by i full vekst, men etter at
oljen i området nærmet seg slutten reiste folket herifrå og over til Houston
(Sei eit gammalt rykte - Og ein los ein gang i tiden)

I dag er det ein del petrokjemisk industri i området, samt nokre skipsverft.

Vi bruker å være innom her med jamne mellomrom, så også denne gangen. Vi
ankom "på utsia" på laurdags ettermiddag. Måtte ankre opp og vente fordi
kaia var opptatt. Så seint søndag ettermiddag gjekk vi inn og her ligg vi
no.

Bildet som er i dagens blogg viser oss inne i hamna rett før vi tørner rundt
og bakker videre innover. Det byrja å bli litt mørkt så kvaliteten er ikkje
heilt på topp.

No i ettermiddag, mandag, er vi ferdige her, setter då kursen over mot
Freeport, Texas, der vi har ankomst tirsdag ettermiddag.

Meire følger :-)

onsdag 3. mars 2010

Coatzacoalcos i Mexico

Då var vi komt dit, ein stille og fredlig reise oppover kysten frå Brasil,
men mykje arbeid så tida gjekk fort.

No på onsdagsmorgonen ligg vi til ankers her, kom i går, men for mykje vind
til å ta oss inn til kai, men noko er på gang no så i løpet av formiddagen
går vi nok inn. Beregna tid ved kai er ca 24 timer så vi regner med å komme
oss avgårde på torsdagen ein gang, skal forøvrigt ha to forskjellige kaier
så tida går ofte fort.

Ser at byen her har fått navnet frå elva Coatzacoalcos, tidligere heitte
byen Puerto Mexico. I gamle dager, med mindre skip, så gjekk vi ofte opp
denne elva til ein by lenger oppe som heiter Minatitlan, men det er mange år
sidan eg var der sist nå og ikkje trur eg at eg nokon gang kjem til å komme
dit igjen.

Ellers ikkje så mykje nytt herifrå, ingenting å ta bilder av heller her vi
ligger så det får være til neste gang.