mandag 22. desember 2014

Julehelsing frå Ingmar


Då var atter ein jul komt over oss. Noen feirer heime med sine kjære og andre feirer dagen på jobb langt vekke. Men slik er livet og dei som feirer dagen andre plasser har stort sett valgt dette sjølv.

I år er eg av dei som feirer jula borte frå mine kjære, her blir det jul i Daesan, Korea.

Ikkje så mykje julestemmning akkurat, temperaturen ligger og vaker rundt 0 grader, det sner innimellom så vi får antagelig ein blanding av orange og kvit jul :-)

Vil ønske alle mine bloggevenner, chattevenner og andre venner og familie ein riktig fin og fredfull jul og eit strålande nyttår når den tida kjem.


Ta godt vare på kvarandre no, det er det viktigaste av alt, det er dessverre ikkje alle som får feire jula samman med sine egne...

tirsdag 16. desember 2014

Sogelaget Hamnsund, årsskrift 2014


Sogelaget for Hamnsund sokn har som normalt komt med sitt årlige skrift, dette er det 23 i rekken og det tredje i serien som er innbundet i stive permer.

Som vanligt er dette eit fyldigt og variert årsskrift med mange forskjellige artiklar. Største og lengste artikkelen i denne utgava er ein fortsettelse av "Dagbok frå Søvikreit". Ole Magnus Johanssen Søvik (Søvikreit) skreiv dagbok frå 1915 til 1929 og her er det utdrag av denne i tida 1926 til 1929, første bolken (1915-1921) stod i årsskriftet for 2012 og andre bolken 1922-1926 i årsskriftet for 2013. Som tidligere år er det Per Hånes som har skrevet av dette. Dette var tredje og siste delen av denne dagboka. Forfatteren av dagboka døde i 1931.

Det er ingen spesielle emner i denne utgava, men jubileumet for 1814 og 1914 er sjølvsagt nevnt. Eit register over merkepliktige fiskefartøy i Borgund kommune/Hamnsund sokn mellom 1950 og 1980 er tatt med, også ein artikkel om stortingsmannen Odd Vigestad og presten Hans Kornelius Søvik er tatt med.

I tillegg er det mange andre gode artiklar med mykje godt lesestoff og flotte fotografier frå ein svunnen tid.

Årsskriftet anbefalast på det varmaste og kan som normalt kjøpast hos Sparebanken Møre og COOP i Søvika og hos Bok & Papir i Brattvågen.

Eg låner eit uttrykk frå ein større kjede: Løp og kjøp :-)

onsdag 5. november 2014

Eit tilbud så godt at du nesten ikkje skulle tru det...

Er det DIS-Norge no kjem med :-)

Kort sagt så er det gratis medlemskap ut 2014 som er tilbudet og har du meldt deg inn og betalt kontignent etter slektsforskerdagen 25. Oktober 2014 så vil du få refundert beløpet.

Du kan lese meire om denne avtalen her

Og ein liten gladmelding til for alle som sokner til Haram med omland er at vi snart er i gang igjen med møtevirksomheita i DIS-Haram. Det er no over to år sidan siste møtet her, men forhåpentligvis så kjem vi igang igjen no.

Vi skal prøve å få i stand eit møte no før jul, mest sannsynligvis vil det bli avholdt i "Kantina" på Vatne ungdomsskule.

Meire om dette møtet og tidspunkt vil bli lagt ut seinare.

Med ønske om ein fredlig slektsforsker haust :-)

torsdag 21. august 2014

Sunnmøre historielag, digitaliserte årbøker


Kanskje ikkje ein fersk nyheit for somme av oss, men for andre så er dette kanskje greitt å få kjennskap til :-)

Eg klipper direkte frå heimesida deira:

Sunnmøre historielag er glad for å no kunne publisere Årbok for Sunnmøre / Tidssskrift for Sunnmøre historielag 1910-2010 digitalt og søkbart. Den digitale utgåva er eit samarbeid med Senter for digitalisiering av kulturarven (SEDAK).

8288 sider Sunnmørssoge er no tilgjengeleg for alle, ei verkelg storhending! Sunnmøre historielag er det første historielaget i Norge som gjer alle sine tidsskrift søkbart tilgjengelege på nettet.


Sunnmøre historielag sine sider finn du her og ein direktelink til dei digitaliserte årbøkene finn du her

Mykje godt stoff i desse bøkene, anbefaler alle som er intresserte i slekt og historie om å sjå innom.

torsdag 24. april 2014

Legacy "kurs" på Gomerhuset, Skodje

Sist tirsdag var eg invitert inn til Skodje der ein glad gjeng driver på med slektsforskning.

Når dei starta opp så hadde dei beslutta at dei skulle ta i bruk Legacy som slektsprogram, og det var i den forbindelsen dei inviterte meg. Etter at versjon 8 kom ut i fjor før jul var det mykje nytt og dei ønskte at eg skulle komme innom ein tur for å vise, demonstrere og svare på spørsmål.

Og som sagt så gjort, vi gjekk i gjennom oppsett, påpeika viktigheita av gode backup rutiner og bruk av kilder samt ein masse andre ting.

Vi sat alle sammen rundt eit bord med Legacy på lerret og dei fleste hadde med seg egne maskiner slik at dei kunne jobbe på den samtidig som vi gjekk igjennom saker og ting.

Vi var ein 11 - 12 personer tilstades, nokre av dei med felles slekt med meg også ;-) Heile denne gruppa der inne består av 15 til 17 stykker og dei møtast jevnligt på biblioteket på Gomerhuset. Dei fleste, om ikkje alle av desse er medlemmer av Skodje Sogelag.

Ein hyggelig gjeng og eit trevligt møte, dette gjer eg gjerne fleire ganger :-)

Linken til dei Norske Legacy sidene finn dåkke Her

tirsdag 25. mars 2014

Slektsprogrammet Legacy 8 er ute.

Og det har det vøre sidan slutten av november i fjor, det var ein del barnesykdommer med det, spesielt på rapportsiden, men nå skal alt fungere.

Det har allereie vøre skrevet ein heil del om denne utgava på nettet så eg skal ikkje gjenta så mykje her, men berre føre dåkke på sporet av eit par av desse omtalane.

Den "første" som la ut noko om dette var Laila, på bloggen sin "Slekt og Slikt!" hadde hun dette Innlegget Lailas blogg anbefalast å lese av alle som er intereserte i Slektforskning, ein av landets aller beste på dette feltet etter min meining. Denne finner du Her


Så kom nettstedet slekt.no ut med denne Artikkelen Eit utdrag av denne omtalen er som følger:

Sitat:
Det beste slektsdataprogrammet

"Dette er det beste slektsdataprogrammet du kan velge." Vi har til nå unngått å karakterisere et program som "det beste". Årsaken til det har vært at brukernes behov har vært ulikt. Men nå tar vi sjansen på å kåre Legacy 8 som det aller beste dataprogrammet for slektsgranskere. Det er fire årsaker til at vi mener det.
Sitat slutt.

I denne artikkelen får Legacy rein 6 som karakter.

Pris for oppdatering til DeLuxe versjonen frå versjon 7 er ca 22 US$ og full versjon koster 29,95 US$. Standard versjonen er framleis gratis, den duger til det meste og finner du ut at du vil ha DeLuxe versjonen så legger du inn kun ein kode i programmet som opner opp alle muligheiter.

Norske versjoner kan lastast ned frå dei Norske sidene som du finner Her

Ikkje så mykje meir å sei om denne saken, driver du på med slektsforskning så veit du kvar du skal gå for å finne det beste programmet :-)

lørdag 8. februar 2014

Tidenes idrettsutøver :) Ole Einar Bjørndalen


Eg sa før OL at eg håpa Ole Einar Bjørndalen skulle ta ein medalje, gjerne eit gull. Så gjorde "gamlingen" det, the one and only :-) Eg er så stolt på hans vegne at eg nesten er på gråten, samme ka som skjer resten av OL så vil det ikkje komme opp mot dette :-)

onsdag 1. januar 2014

Velkommen 2014

Vil ønske all familie, venner og kjente eit godt nytt år.

Håper at alle har hatt eit fint 2013, men veit sjølvsagt at det ikkje er tilfelle. I løpet av året har vi mista mange kjente og venner, ingen nevnt ingen glemt.

Det er nok mange som har sett opp ein liste over nyttårsforsett, det har ikkje eg, tenker at eg har nok med å oppfylle listene frå det siste tiåret uansett :-)

Men det er i allefall ein ting eg skal prøve å få gjort noko meire med og det er å få igang igjen lokallagsgruppa av DIS-Haram slik at vi får i gang igjen slektsforskninga og det gode samværet som vi hadde på desse møta tidligere.

Vil nok også fortsette med å legge ut nye slektsdatabaser på mitt TNG nettsted som du finner Her Ved hjelp av denne sida har eg komt i kontakt med mykje slekt og det er kjekt.

Så ennå ein gang Ha eit riktigt godt nyttår og takk for det gamle.