tirsdag 24. november 2009

Panamakanalen

forbinder Atlanterhavet og Stillehavet gjennom Panamaeidet.

Kanalen er totalt 81,6 km lang og det er tre sluser i kvar ende av kanalen.
Gatun locks på Atlanterhavnsida og Pedro Miguel og Miraflores på
Stillehavssida.

Frå Atlanterhavssida så løftast båtane totalt ca. 26 meter opp før dei kan
ta turen over til andre siden.

Det var eit fransk selskap som i 1880 åra først prøvde å bygge kanalen, men
dei mislykkes. Mykje på grunn av forskjellige tropesykdommer.

I 1902 overtok amerikanarane dette prosjektet, og i 1903 fekk dei også
suverenitet over kanalsona i ubegrenset tid.
Etter langvarige forhandlinger vart USA og Panama (President Jimmy Carter og
Panamas regjeringssjef Omar Torrijos) i 1977 enige i at suvereniteten over
området skulle tilbakeførast til Panama innan 31. desember 1999.

Kanalen vart fullført og opna for trafikk 15. august i 1914.

Dagens bilde er tatt ifrå den mittre slusa på Atlanterhavssida, Gatun Lock,
det viser eit par tre skip som er på vei mot Stillehavet.

Då er det Houston next, regner med å være framme der på laurdag seint på
dagen eingang, og då får eg kanskje internett kontakt igjen...

Mei sjåast :-)

onsdag 18. november 2009

Odfjell solreiser

Så steamer vi avgårde nedover langs kysten av Mexico, har ferieplassen
Acapulco rett her inne.

Det er endelig sol og sommer igjen, over 30 grader i både sjø og luft. Og
sjøen ligger nesten heilt speilblank...

Nokre av ungdommane ombord oppdaga nok i går at sola kan være lumsk sjølv om
den ikkje virker så sterkt, i dag så lukter det sololje og aftersun over
heile skuta :-)

Det er sånne dager det kan være godt å være sjømann på sjøen også :-)

Forventa ankomst Panama er på mandag. Regner med å passere gjennom kanalen
på tirsdag. Det finnst ein del web kamera i slusene så det er godt muligt at
skuta blir å sjå ut på tirsdag ettermiddag norsk tid eingang.

Til så lenge, ha ein fortsatt fin dag.

torsdag 12. november 2009

Ankomst Stockton, California

Jaha, då var ein lang og begiventhetsløs reise straks slutt, vi er no på vei
med los inn til San Francisco der vi skal ankre opp og innklarere før vi
fortsetter reisen opp til Stockton for å losse.
Regner med å forlate Stockton allereie i morgon ettermiddag (Fredag) Klokka
vår er 9 timer etter Norsk tid for øyeblikket.

Ikkje mykje som foregår på ein sånn reise, har knapt nok sett andre skip på
turen over, eit lyspunkt er at vi har sett ein og annan springar (Delfin) og
dei er no verdt å kaste eit blikk på, nydelige dyr som dei er. Stort sett
rimeligt pent vær over havet, lufttemperatur mellom 9 og 12 grader og
sjøtemp mellom 14 og 20 grader.

Antageligt mørkt når vi passerer Golden Gate brua både på inntur og på uttur
så det blir dårligt med bilder denne gangen :-)

Sjølv om det er lite som skjer her ombord på ein slik tur så går livet
videre på land, i løpet av denne turen så døde ein gammal tante av meg og
eine onkel jenta mi fekk seg ein jente.

Thats life...

tirsdag 3. november 2009

Pinsing, kva er no det?

Det er det vi sei oss sjøfolk når vi forandrer klokka ombord.

Jordkloda er oppdelt i 360 grader rundt, og med 24 timer i døgnet er 1 time
15 grader.

Når vi går vest eller austover så går vi med ein fart av rundt 7-8 grader i
døgnet.
Det vil då sei at ca annakvar natt må vi pinse.
Går vi vestover så blir det døgnet 1 time lenger, vanligvis så er det 20
minutter på kvar vakt, 20-24/00-04 og 04-08. Veldigt greitt for oss som
liker lange netter :-)

Går vi austover så er saken den motsatte, korte netter og lite søvn...
Straks meire travelt den vegen.

Også ein stor ulempe for oss som no går austover frå Korea til USA er at vi
på denne turen krysser datolinja så det betyr at vi denne uka i tillegg til
korte netter får vi to onsdager... Då blir uka lang.

Mykje greiere å gå andre vegen. Lange sløve netter og så hopper mei over ein
dag når det passer :-)

Då skulle dei fleste vite kva pinsing er.