søndag 25. april 2010

Ny mail adresse

Då har Tafjord konsernet tatt ein besluttning om at alle som har hatt xxxx@adsl.no som sin mail adresse skal flyttast over til xxxx@mimer.no

Så då oppfordrer eg alle mine venner om at dei går inn i sine e-post program og forandrer den adressa dei har på meg, der det i dag står adsl.no skal det byttast ut med mimer.no

Sidan eg ikkje fekk med meg dette før i dag og skal ut å reise i morgon igjen så har eg ikkje så mange andre muligheiter til å varsle flest muligt om dette enn på denne måten.

Ha ein fortsatt fin dag.

mandag 19. april 2010

Bow Firda i Santos

Her på den sørlige halvkule har vi framleis fint vær, sol og sommer. I
allefall her i Santos.

Når vi passerte ekvator og kom ned mot Aratu/Salvador så regna det jamt og
trutt, ikkje var det noko smådråper heller, forstår godt at dei har hatt
problemer her nede med alt det regnet.

Og på den nordlige halvkule er det også problemer, vulkanen på Island spyr
ut aske og flytrafikken er stoppa opp. Det medfører at min avløyser set i
Norge og ikkje kjem seg ut og eg set her nede og kjem meg ikkje heim. Får
trøyste meg med at det ikkje er berre meg det gjelder. Set mange rundt
omkring i samme situasjonen.

Som ein vittig sjæl skriv det:

Dear Iceland,

We said "Please send 'cash', not ash!"

Yours faithfully,

Great Britain

Jau jau, ikkje så mykje vi kan gjere mot naturkreftene, det er i slike
situasjoner vi egentlig ser hvor små og hjelpelause oss er.

Akkurat no så ligg mei på Dow i Santos, skal seinare i dag opp på Alemoa som
er i andre enden av byen og losse noko tjafs der også.
Etter Santos går turen til Rio De Janeiro før kursen settast mot Argentina,
men innan den tid håper eg at eg er komt meg i land, har tross alt eit fly
som går til LOS neste mandag og det har eg planer om å rekke.

Dagens bilde er tatt oppover elva frå her vi ligger på Dow og viser eit par
containerkaier med skip som laster og losser.

Ønsker alle ein fin og askefri dag.

fredag 9. april 2010

Atter ein gang cruise fart på Brasil kysten

Då har vi passert ekvator og vannet i vasken har forandret retning igjen.

Slik som stoda er nå så ankommer vi Salvador/Aratu i Brazil på søndags
ettermiddag og etter eit forhåpentligsvis kort opphold der så settast kursen
mot Santos.

Verdens beste fotballspeler gjennom alle tider kjem forresten ifrå Santos,
skulle være unødvendigt å nevne navn, men han heiter Pele :-) og var ofte
nevnt som den Sorte perle. Skulle kanskje være unødvendigt å skrive hans
fulle navn siden eg regner med at alle lesere av denne bloggen er såpass
opplyst, men for sikkerheits skyld: Edson Arantes do Nacimento var
døypenavnet til denne mannen som vart fødd i 1940.

Grunnen til at eg håper at vi får eit kort opphold i Salvador er ganske så
enkelt, når vi kjem til Santos så skal vi (Nokre av oss) heim.

Og den beste dagen i ein sjømanns liv er som kjent den dagen man mønstrer av
og reiser heim :-)

Trudde no at eg skulle få tid til å sette meg ned med litt slektsarbeid no i
påska, men dengang ei (Igjen) tida strekker ikkje til...

Eg får trøste meg med at vi har fortsatt rundt 30 grader i både sjø og luft
så det er fint med ein spasertur oppe på dekk både på dag og kveldstid.

Ønsker alle ein fortsatt fin vår.