lørdag 30. mai 2009

Grilling og Pinse

I år som så mange ganger før har eg bestemt meg for å reingjere grillen etter at sesongen er ferdig... (Ikkje slik som i fjor og dei ti føregåande åra - gå frå grillen full av søl og møl om hausten)

Skulle teste grillen i går kveld og måtte då sjølvsagt i sving både med ovnsrens (Lukter ille - Men kanskje ikkje så gale for oss kjemikaliefolka) og høgtrykksspyler med roterande dyse og 180 bars trykk for å bli kvitt gamle synder.

Etter ein runde med dette så vart resultatet tåligt bra og årets første grillmat på verandaen smakte som vanligt bra. (Lukta av ovnsrensen måtte sjølvsagt skyllast ned med noko god drikke)

Og med det flotte været vi har fått no så vil nok grillen bli flittigt brukt no i pinsa og framover sommeren.

Ønsker alle sammen ein riktig god pinse og masse god grillmat.

onsdag 27. mai 2009

Berging på opent hav, 1 Mai 2009

Kl 1730 oppdaga vakthavande styrmann Nils Ove Eknes, langt ute i horisonten, ein liten jolle med ein mann ombord, så det var godt gjort av han.

Etter å ha slått alarm så vi fekk bemanna maskinrom og MOB båt så sirkla vi oss inn på denne jolla og ein time seinare var vi langs sida av jolla og fekk den bergede ombord.


Det viste seg at han var frå Dominica og at han haddde lagt ut på ein fisketur søndagen i forveien, dvs at han hadde drevet rundt i meire enn 5 døgn. Han hadde fått problemer med motoren og dreiv rundt i opent farvann, når vi fant han så var han ein 120 nm frå Dominica. Han hadde heldigvis med seg mykje ferskvann i eine flytetanken ombord og han hadde også funnet nokre kokosnøtter i sjøen som han hadde spist så han var i rimelig bra form. Han hadde også fanga ein fugl som han slepte fri når han var sikker på at vi ville plukke han opp, den hadde han planlagt å spise dagen etter.

Han fortalte også at han hadde prøvd å få tak i ein springer som for rundt jolla, men den hadde vøre så sleip at han ikkje fekk tak på den.

Han hadde blitt ettersøkt på mandagen etter at han forsvant så det vart lett for oss å gå innom Fort de France på Martinique neste morgon i grålysninga for å sette han i land der. Hadde han ikkje vøre etterlyst så hadde det straks vøre meire styr med å få han i land, men heldigvis gjekk det bra denne gangen.

Skal sei det var ein glad mann i ein blå Odfjell kjeledress som klatra ned i patruljebåten som plukka han opp i Fort de France denne morgonen.

Det var i grunnen ein glad gjeng ombord i skuta også, ikkje kvar dag vi får anledning til å redde eit menneskeliv.

mandag 25. mai 2009

Landkjenning

Sånn, då var den turen over. Pga vanskligheiter med å skifte folk i India så skifta vi i Durban, Sør Afrika ein ukes tid før avtalt tid - Og det passa jo oss som skulle heim godt, ikkje sikkert at det passa like godt med dei som skulle ombord då, men sånt skifter, kvar sin gang.

Meire følger nok seinare.