torsdag 30. juli 2009

India farvell

Då var vi ferdige i India for denne gang, Kandla og Cochin. Og alle gleder
seg, ikkje akkurat beste plassen du kjem til som sjømann.

No går turen nordover igjen, til varmere farvann, til Mesaieed i Qatar og
Jubail i Saudi Arabia.
Og august er årets varmaste månad i desse trakter så vi kan vente oss ute
temperaturer langt oppe på 40 tallet i verste fall.

Der oppe i PG (Persiske Gulf) skal vi laste diverse stoff for Mombasa i
Kenya og for Durban i Sør Afrika. Det skal bli godt å få litt last i skuta
igjen, no er vi heilt tomme og det skal ikkje så mykje sjø til før vi
slingrer.

Det er monsumtid i desse farvanna og det er no bra når vi skal sørover
igjen, piratane liker ikkje vind så dei trekker mot land, i tillegg går vi
langt aust i havet så det går nok bra denne gangen også sjølv om Mombasa er
lovligt nær desse områda som er utrygge.

Ønsker alle ein fortsatt fin og solfyllt sommer.

mandag 27. juli 2009

Arbeidsplassen min

er som kanskje kjent eit skip, Bow Firda, bygd av Kleven Florø, levert i
november 2003 og eigd av Rederiet Odfjell i Bergen.

Bow Firda er ein topp moderne kjemikalietanker, såkalt "State of the art"
som er laga for å frakte stort sett alt som flyter, vi har muligheiter til å
varme opp lasta til over 80 grader C. Vi har ein total lastekapasitet på
40515 m3.

Hun er 183,10 meter lang, 32,2 meter bred og har ein høgde på 42,8 meter.
Service speed på 16 knop.

Vi har 47 forskjellige lastetanker, alle laga av rustfritt stål (Syrefast)
Alle tanker har sin egen pumpe, line og manifold ventiler så det er fysisk
umuligt å blande last utan at nokon går inn for det. Hadde kanskje vøre lite
kjekt å få litt blåsyre inn i feks vegoljen som du har i kjølskapet heime
:-)

Av teknisk utstyr kan det nevnast at vi har en hovedmotor på 14160 HK, to
hjelpemotorer på 1800 hk kvar, 3 kjeler for heating av last/tankspyling etc
etc. Påhengt på hovedmotoren har vi ein akselgenerator som leverer 1100 KW,
generatorane på kvar hjelpemotor leverer 1260 KW så vi produserer straum
ombord nok til ein liten by. Vi har stort sett to og tre av alle pumper/anna
utstyr etc så vi står ikkje fast om noko ikkje fungerer. Vi har også ein
baugthruster på 1200 hk for å hjelpe oss med å fortøye.

Når det gjelder hovedmotoren så kan det nevnast at dette var den første
hovedmotoren, som kom i drift på eit skip, som ikkje har kamaksling. Vi har
tre hydrauliske pumper som via diverse utstyr styrer både innsprøytning og
eksosventiler. Alt dette er styrt av ein haug med datamaskiner - og ja, det
fungerer bra. Motoren er ein Man B&W og den er bygd i Danmark.

Vi har plass til 1694 m3 med HFO (Heavy fuel oil) som brukast som drivstoff.
I tillegg så kan vi ta 246 m3 med dieselolje også. Samt noko over 175 m3 med
forskjellige typer smøroljer.

For å drive og passe på alt dette så er vi 27 - 28 mann ombord. varierer med
mellom 7 og 9 nordmenn og ca 20 filippinere. Eg trur at dei fleste trivast
godt ombord, sjølv om vi av og til får oss ein tur gjennom Aden gulfen og
det Indiske hav som er noko befengt med pirater.

På dette skiftet er vi tre stykker som har vert med sidan skipet var nytt,
på andre skiftet er det to med samme status. Seilingstida for oss norske
varierer mellom 1,5 og 2 månaders perioder medan filipinerene stort sett har
kontrakter på mellom 6 og 9 månader.

Jobben min om bord er som maskinsjef, omtrent det samme som ein teknisk sjef
heime. Eg har det tekniske ansvaret for alt utstyr om bord. I dag så består
denne jobben dessverre av alt for mykje papirarbeid, det blir for lita tid
til å komme seg ut i felten for å holde seg oppdatert der...

Bildet denne gangen er frå maskinrommet, tatt ifrå forkant og akterover.
Hovedmotoren i midten og på kvar side bak eksosrøret så ser dåkke dei to
hjelpemotorane (Dei blå/turkise klompane)

tirsdag 21. juli 2009

Aden gulfen, piratfritt område :-)

Då er vi atter ein gang komt oss i gjennom Gulf of Aden i fred og ro.

Som sjøfolk flest ønsker vi oss fintvær, men i dette området så kan det
gjerne blåse friskt, då held piratane seg vekke.
Denne gangen var været i første del av området altfor fint, flatt hav i alle
retninger, men det kom seg på slutten, såpass at vi følte oss rimeligt
trygge. Vind og sjø vart på vårt parti.

Då fortsetter vi mot India i normal mode, ankomst Kandla seint torsdag
kvelden. Har preparert tollister for dei, lurer på kva tollerane sei når 3.
maskinisten har oppgitt 12,5 par med sokker, eine sokken forsvant i siste
vasken :-)

Du trur eg spøker ? Ånei, i India må vi oppgi nøyaktigt antall av alt vi har
ombord, stemmer ikkje kartet med terrenget så kan vi risikere at ting blir
beslaglagt, det gjelder både penger og sokker... Det har skjedd før at dei
for på land med både TV og symaskin, reserveankeret hadde dei også lyst på,
men det vart for tungt så den saka vart fiksa med ekstra "presanger"...

Som mange sikkert veit så kan eg ikkje lese desse blogginnlegga sjølv, dei
er lagt opp via e-mail frå skipet, men eg håper at dei ser bra ut og
eventuelle kommentarer vil eg lese når eg får tilgang til internett igjen.

fredag 17. juli 2009

Gjennom Suezkanalen

Suezkanalen er ein 171,25 km lang (Uten tilførselkanaler 161 km) kanal som
forbinder Middelhavet (Port Said) og Rødehavet (Suez).

Ein Fransk ingeniør, Ferdinand de Lesseps, la planane for ein kanal fram for
Egypts visekonge Said Pasja i 1854 og i 1856 fekk han og selskapet hans
konsesjon for å bygge kanalen og deretter å drive den i 99 år.

Arbeidet med bygginga av kanalen starta i 1859 og den vart offisielt åpnet
17 november 1869. Summen for å bygge kanalen den gangen var ca 430 millioner
kr.

I 1956 erklærte president Nasser at kanalen var nasjonalisert, dette vart
starten på Suez konflikta. Etter krigen med Israel i 1967 vart kanalen
stengt fram til etter oktoberkrigen i 1973 då arbeidet med å gjenåpne
kanalen tok til. Og den vart åpnet igjen i 1975.

Distansen frå Bombay til London rundt sørspissen av Afrika er 10900 nautiske
mil, medan avstanden mellom samme punkta gjennom Suezkanalen er 6100
nautiske mil. Ein innsparing på 44%

Min første tur gjennom Suezkanalen var i august 1979 ombord i Odfjellskipet
Bow Flower som vart bygd i Finland i 1975. Min foreløpig siste tur gjennom
kanaler vart utført med Bow Firda, bygd i Florø i 2003 no i desse dager. Så
i neste månad kan eg feire 30års jubileum for kanalpassering :-)

Turen gjennom kanalen tar normalt ein 12 til 16 timer, starter tidligt på
morgonen og er ute seint på ettermiddag/kveld på andre siden. Lengda på
turen er avhengig av hvor lenge vi må vente på motgåande konvoi i Great
Bitterlake omtrent midt i kanalen.

Egentligt ein ganske så kjedelig tur med åra, stort sett sand å sjå, ikkje
så mykje anna...

Ønsker alle sammen ein riktig flotte weekend med sol og sommer, her er det i
allefall varmt nok for øyeblikket :-)

onsdag 15. juli 2009

Frå Algeciras til Port Said

Heisann folkens

Nå er vi komt igjennom Middelhavet, ein fin tur frå Algeciras i Spania til
Port Said i Egypt.

No i dag skal vi i gjennom Suez kanalen, regner med å være ute i Rødehavet
tidligt i kveld.

Ikkje så mykje som er skjedd så langt, temperaturen har vøre oppi ein 28 -
29 grader, men regner med at det blir betydeligt varmere dei neste dagane.

Legger ved eit lite bilde som viser sola som holder på å gå ned i havet bak
oss.

Ønsker alle ein fortsatt fin sommer

tirsdag 7. juli 2009

Då er det jobb igjen

Denne gangen går turen ned til Spania, går ombord i skuta i Algeciras. Første del av reisa går til India via Suez kanalen, Rødehavet og Aden gulfen. Etter India er det foreløpig meire usikkert, time will show.

Som den observange leser sikkert har oppdaga så har eg testa ut muligheitane til å legge ut blogg innlegg via mail så dåkke skal ikkje sjå bort i frå at det kan bli nokre oppdateringer etterkvart frå havet.

Ønsker alle mine blogg, facebook og ikkje minst chattevenner på DIS-Norge ein fortsatt strålande sommer.

torsdag 2. juli 2009

Passenger ship United States in Philadelphia

Prøver å legge ut eit blogginnlegg frå Mail med bilde.

Bildet viser ein fordums skjønnheit, nemligt passasjerskipet United
States der det no ligg i opplag og vansmekkes i Philadelphia.

På jomfruturen i 1952 sette hun ny rekord over Atlanteren og hun var
verdens raskeste passasjerskip den gangen.

Då får mei sjå hvordan dette blogginnlegget blir då.

onsdag 1. juli 2009

Tester å sende blogginnlegg via mail

Det finnst ein muligheit for å sende eller legge ut nye blogg tema via
e-mail.

Det er denne muligheita eg tester ut nå.

Det som står i subjektet av mailen skal bli overskrifta i
blogginnlegget.

Det er også muligt å poste bilder på denne måten, det vil eg teste ut
seinare.

For å unngå at diverse signaturer/virus meldinger etc etc kjem med i
loggen så må følgande "tegn" med i slutten av mailen, nemligt #end.

Så då prøver eg å legge denne opp :-)