Som kjent frå før vil det etterkvart komme ut bygdebøker for Haram kommune.
På kulturkvelden og årsmøtet i Hamnsund Sogelag sist uke vart det oppgitt at første band i denne serien mest sannsynligt vil komme ut til hausten.
Bygdebok prosjektet i Haram er egentligt delt i to, den delen av kommuna som kom frå gamle Borgund kommune, Grytastranda, Søvika og Gamlem vil få to? bøker, der den første omhandler Grytastranda og det er denne som kjem først. Forfatter for desse er Randi Ingunn Selnes som har gitt ut ein del slike bøker før, blant anna for Nesset i Romsdalen.
Desse gardane i dette området er også nemnt i Borgund og Giske 4.
I den "gamle" delen av kommuna som omhandler Hildrestranda, Brattvågen og Nordøyane er også arbeidet i gang, har her høyrt eit rykte om at det vil bli tre bøker for dette området. Forfatter av desse bøkene er Stein Arne Fauske.
Og som kjent har siste delen av kommuna som inneholder Vatne/Tennfjord området samt bygdene på nordsida mot Romsdalsfjorden allereie sine egne bøker, Vatne bygdebok, band 1 og 2. Sidan gamle Vatne kommune også inneholdt deler av Dryna og Midøya så er nokre av gardane her også omtalt i desse bøkene. Forfatter av desse bøkene som kom ut i 1983 var Harald Slyngstad.
Eg gleder meg til alle desse nye bøkene står i hylla her :-)