Sist tirsdag var eg invitert inn til Skodje der ein glad gjeng driver på med slektsforskning.
Når dei starta opp så hadde dei beslutta at dei skulle ta i bruk Legacy som slektsprogram, og det var i den forbindelsen dei inviterte meg. Etter at versjon 8 kom ut i fjor før jul var det mykje nytt og dei ønskte at eg skulle komme innom ein tur for å vise, demonstrere og svare på spørsmål.
Og som sagt så gjort, vi gjekk i gjennom oppsett, påpeika viktigheita av gode backup rutiner og bruk av kilder samt ein masse andre ting.
Vi sat alle sammen rundt eit bord med Legacy på lerret og dei fleste hadde med seg egne maskiner slik at dei kunne jobbe på den samtidig som vi gjekk igjennom saker og ting.
Vi var ein 11 - 12 personer tilstades, nokre av dei med felles slekt med meg også ;-) Heile denne gruppa der inne består av 15 til 17 stykker og dei møtast jevnligt på biblioteket på Gomerhuset. Dei fleste, om ikkje alle av desse er medlemmer av Skodje Sogelag.
Ein hyggelig gjeng og eit trevligt møte, dette gjer eg gjerne fleire ganger :-)
Linken til dei Norske Legacy sidene finn dåkke Her
Når Digitalarkivet er nede….
for 5 uker siden