600 km sør for her vi ligg til ankers på utsida av Freeport.
Den skal visst treffe land no i kveld amerikansk tid, for øyeblikket er det
ein kategori 1 hurricane med vindstyrke på rundt 130 km/t og opptil 160 km/t
i kasta.
Som sagt så er den ca 600 km sør for oss, men er godt merkbar her også, er
nok ein bølgehøyde på minst 3 – 5 meter her så vi slingrer godt her vi ligg.
Ifølge værmeldinga så skal vi ha ein vindstyrke på ca 56 km/t for
øyeblikket.
Vinden presser mykje vann opp mot land så det er forventa at vannstanden ved
høyvann no i dag vil være ca 1,2 meter over normalen.
Det er også meldt om store regn mengder, mellom 150 og 300 mm, her i Texas i
løpet av dei neste to dagane.
Og så er havna her i Freeport stengt frå 1930 om kvelden og i allefall fram
til 0630 om morgonen pga været. Siste nye no er at alt er stengt, så då blir
mei nok liggande her på utsida og vente ein stund til.
Andre ting som skjer i Gulfområdet for tida er at opprenskinga av oljesølet
ved Lousianna blir hindra av dårligt vær, samt at ca 25 % av oljeindustrien
ute i havet er stengt ned midlertidigt på grunn av Alex.
Dagens "Bilde" viser Alex sin ferd inn over land.