torsdag 21. mars 2013

Ildebranden i Skolehuset på Kvalsten.



På denne datoen, onsdag 21. mars 1877 omkom 16 skulebarn ved ein brann i "omgangsskulen" på Kvalstein på Ellingsøya, fleire andre barn vart stygt skada. Dei omkomne barna som var i alderen 7 til 12 år vart begravd 31. mars 1877 i ein fellesgrav på kyrkjegarden ved Borgund Kyrkje i Ålesund.

Det var blant anna to søskenflokker på tre barn som omkom og to med to barn som gjekk med så det vart store tap for enkelte familier. I tillegg så var nesten alle desse barna i innbyrdes slekt.

Ganske mange av desse barna er registrert som slekt i min database.

Eg siterer litt frå Borgund og Giske 4:

Det var omgangsskole i krinsen, og samla skole, slik at alle borna i krinsen møtte samtidigt. Sørengaren på Kvalstein var ein av dei få bygningane i grannelaget som kunne hyse så mange born på ein gang. Her var det ein såkalla sal i andre høgda i huset. Huset var bygd i gammal stil med ein inngang ved eine nova til kjøkkenet, og derifrå til stova. I stova var dør til eit kammers i andre enden av huset, og langs stova var ein gang eller eit vedskot, som no var fylt med opphogd eineved. Herifrå gikk ei tropp opp på loftsgangen og inn ei dør til salen.

Ulykkesdagen var det samla 32 born i denne salen. Dei stod og song slutningssalmen i 4-tida om ettermiddagen, då dei vart var røyk i salsglaset. Læraren slo opp døra til salsgangen, men eld og røyk dreiv han attende. Han treiv vassbytta og kasta ned gjennom loftstrappa, utan nytte. Glaset var einaste utvegen. Men huset var høgt og ungane kvidde segpå å oppe ut. Læraren hoppa, men skada seg, og kunne lite gjere. Tau var der ikkje, og brannstigen låg bortlagd på løa. Mannfolk var ikkje på garden, dei var på fiske, og kvinnene som kom til for å redde, var hjelpelause.

Berre 16 av dei 32 elevane som var samla kom frå det med livet, dei andre døde.

Det var truleg ei trebytte med oske som var opphavet til brannen. Bøtta vart sett under loftstrappa, og i bøtta var det glør.
Sitat slutt.

Dagens bilde viser Ellingsøy kyrkje, den ligger ikkje så langt derifrå dette skjedde.


mandag 18. mars 2013

Alle fekk seg eit nummer...


På denne dagen i 1968 fekk alle seg eit nummer, nemligt eit postnummer :-) Alle poststadane i Norge fekk sitt eget nummer.

Brevpostmengden hadde nemligt blitt så stor (Fordoblet på 20 år) at sorteringa tok lang tid. Med innføringa av postnummer kunne mykje av sorteringa gjerast maskinelt.

Eg veit ikkje kor mykje post som blir sendt i dag, men etter innføringen av data/E-Mail er nok det gode gamle brevet på vei ut og postmengda på vei ned. I allefall brevposten.

Postkontora er også på vei ut, blitt meire og meire Post i butikk, noko som eg i byrjinga var skeptisk til, men som eg etterkvart har sett stor pris på. Eg savner ikkje det gode gamle postkontoret i det heile tatt.

onsdag 6. mars 2013

Bygdebøkene for Skodje digitalisert og lagt ut på nettet.


I ein blogg 02.03.2012 skreiv eg at bygdebøkene for Skodje var under digitalisering.

No er dette gjort og bøkene er lagt ut på nettet Her

Dette er eit bra tiltak for oss slektsforskere, skulle ønske att fleire kommuner og sogelag gjorde noko tilsvarande med sine gamle bøker som kun er å oppdrive på biblioteka.

God lesing gødtfølk og takk til Skodje Sogelag og forfatteren Louis Giske for dette.