torsdag 23. august 2012

Oppdatert slektsdatabase

Eg har den siste tida oppdatert min slektsdatabase som ligger på nettet. Etter ein del mindre problemer tok eg og laga ein fullstendig ny side, har også denne gangen brukt programvare frå TNG.

Og alle data som du finner her er lagt inn ved hjelp av slektsprogrammet Legacy. Eit topp program som anbefalast til alle som vil starte med denne flotte hobbyen.

Eg er rimeligt fornøgd med sida, det meste stemmer og sida ser bra ut - Meiner eg :-)

Den inneholder for øyeblikket noko i overkant av 27.000 personer og nesten 10.000 familier. Og bur du her på Sunnmøre er det ikkje usannsynligt at du finn dine egne forfedre på desse sider.

Har også fått installert teller og gjestebok på sida, det hadde vøre kjekt om DU la igjen ein helsing til meg :-)

Ser du feil og mangler her så send meg gjerne ein oppdatering så tar eg og legger inn ved anledning.
Ser du di eiga slekt her så ikkje vær redd for å be om ein rapport, eg er raus på sånne :-)

Eg er straks på vei på jobb igjen og med lite tilgang på internett så kan du ikkje forvente svar på øyeblikket, men det kjem nok etterkvart.

Denne databasa finner du HER

tirsdag 14. august 2012

Innlegg nr. 1000 i Slektsforumet


Fekk ein liten påminnelse her i kveld, det kom inn ein melding som gratulerte meg med innlegg nr. 1000 (Skrevet av meg) på Slektsforumet til DIS-Norge.

Det var jo hyggeligt så eg tok meg ein kjappe titt og fekk bekrefta at det var riktigt. Men det er no ikkje så mykje å skryte av då, det er well nokre flinke Damer som har minst 5000 innlegg på samme plassen (Eg har ikkje sjekka antallet) så det er lenge til eg tar igjen dei - Noko eg aldri vil gjere :-)

Men det er kjekt å kunne bidra og å hjelpe til der eg kan så nå ser eg fram mot neste jubileum, og kvar det er trur eg at eg vil holde for meg sjølv ein stund til.

I allefall, trenger du hjelp med å finne forsvunne slektninger etc så er Slektsforumet rette plassen for å finne dei.

onsdag 1. august 2012

Vigra-slekter gjennom 500 år

Denne er no digitalisert og delvis søkbar på nettet.

Så har du slekt på Vigra kan du trygt slå opp her og leite.

Tipset om at denne var komt på nett fekk eg på vårt utmerkede Slektsforum.

I motsetning til den fysiske boka har den digitaliserte utgava fått side og bruksindeks, og dette er bra for det er ingen tvil om at å leite papir utgava ikkje var lett :-)

Setter stor pris på om at sånne positive nyheiter blir pubilisert når det skjer, ikkje alltid så lett å få med seg alt.

Så takk til Giske kommune og deira hjelpera for å få denne på nettet. Skulle ønske at alle kommuner var like behjelplige med sånne bøker.