tirsdag 27. mars 2012

Wilhelmine Brandts bok: Slægten Benkestok

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi

"Benkestok (også kjent som Benkestokk, Benchestoch med videre) var en norsk adelsslekt i middelalderen. Slektsnavnet gikk ut av bruk midt på 1700-tallet. Riktignok er det antatt at slekten er utdødd i mannslinjen, men den har idag en lang rekke etterkommere gjennom kvinneledd.

Personer i slekten eide i gammel tid mye jordegods i Båhuslen, Herjedalen, Vestlandet, Nordland, Shetland og Færøyene. Personer i Benkestok-slekten bodde i Båhuslen, i Luster i Sogn der Jordanger var setegård, i Bergen, Bjørnør, Stavanger, Nordmøre, Trondheim og på Agder. Senere flytter de nordover og Melø gård i Meløy, som ble utgangspunktet for utbredelsen i Nordland. Den siste som brukte navnet Benkestokk bodde i Nordland midt på 1700-tallet.[1] Anetavler fra 1700-tallet viser til at Benkestokk-er også kan ha bodde i Ryfylke, der Talgje (Talgø) i Sjernarøyane og Haraldseid i Skjold kan ha vært setegårder, men det ikke samtidige kilder som bekrefter det."


Teksten overfor har eg ærligt og redeligt lånt frå Wikipedia.

Grunnen til at eg skriver dette innlegget er at mange som holder på med slektsforskning har høyrt om Benkestokk slektene og boka "Slægten Benkestok" som vart skrevet av Wilhelmine Brandt og utgitt i 1904.

Her for ikkje så lenge sidan kom eg over denne boka ved ein tilfeldigheit, Norsk Slektshistorisk Forening (NSF) mottar ofte heile boksamlinger som gaver frå dødsbo etc. I dei tilfeller dei har bøkene frå før så selger dei dublettane som det heiter og det var der eg fant mitt eksemplar. Her er linken til denne sida der du finner dublettane, ser at det blant anna ligger eit årsskrift for Vatne Sogelag frå 2005 der.

Om eg har bruk for denne boka, tja... Trur nok at den kjem innunder kategorien kjekt å ha, eg har så langt eg veit ingen tilknytning i den retninga, men eg har fleire kompiser som kan finne spor av sine aner der og då kan det no være greitt å ha boka i hylla for påkommande anledninger :-)

Tar du eit søk etter Benkestok på nettet så dukker det opp mange sider om denne slekta. Det ligger blant anna ein diskusjon om Benkestok her.

Slektssamlere tar ofte vare på mykje rart i andre sine auge :-)

torsdag 15. mars 2012

Digitale bygdebøker på nett

Dette tema kom opp på slektschatten til DIS i går kveld.

Spørsmålet var om kvar vi fann desse på nettet, og her kjem svaret for dei som ikkje var tilstades der :-)

Nettsida Slekt1 har laga ein side der dei fleste av desse er nevnt og med lenker til kvar bok, denne finn du her.

For litt over eit år sidan skreiv eg eit innlegg om Bokhylla, Gratis bøker på nettet, det kan du lese igjen her om du ønsker det, like aktuelt i dag som den gangen.

fredag 2. mars 2012

Bygdebøkene for Skodje digitalisert.

Dette arbeidet er ifølge Bygdebladet (29.02.2012) i full sving, vistnok kun gjennomgang og eventuelle rettinger som gjenstår.

Desse to bøkene (Bygdebok for Skodje, Gard og Slekt, Band 1&2) kom ut i 1986 og er på omtrent 1700 sider tilsammen. Forfatter er Louis Giske, og det er Harald Vågane som no har skanna bøkene.

Om bøkene vil bli lagt ut på nettet når dei er ferdige veit eg ikkje, men i såfall kjem dei kanskje på heimesidene til Skodje Sogelag.

Eller kanskje her på Slekt1 der vi finner andre digitaliserte bøker for Møre og Romsdal.

Eg har høyrt at Vatne Sogelag også har lukta på å digitalisere Vatnebøkene, men det stranda på pengane, snakk om ein 70-80.000 kr. for å få dette gjort.

Veit også at det pågår arbeid med å digitalisere "Vigra-Slekter gjennom 500 år". Om nokon veit noko meire om dette siste prosjektet så gje meg eit ord.

Det er kjekt at fleire og fleire av desse "gamle" bygdebøkene kjem ut på nettet, det er omtrent umuligt å skaffe seg sine eigne eksemplar lenger.