tirsdag 31. mars 2009

Haramsgruppa vokser



Når vi satte i gang å starte opp ein egen lokalgruppe av DIS her i Haram for 17 månader sidan var vi omlag 12 medlemmer.

Pr dags dato er vi komt opp i 18 stykker og det er ein økning på 50%. Slettest ikkje så verst det.

På møta våre på Tennfjord skule kvar tredje tirsdag i månaden bruker vi å være ein 7 - 8 medlemmer tilstades. Det er god plass til fleire i lokalet, bra tilgang på internett, både kabla og trådlaust. Vil invitere alle medlemmer og andre intresserte til å møte opp her for å få ein smak på kva vi driver med.

Velkommne skal dåkke være.

onsdag 25. mars 2009

Sofie 5 år

Då er ein ny milepæl nådd, i dag fyller vår kjære Sofie 5 år.



Gratulerer så mykje med dagen, håper at du får ein fin dag både i barnehagen og her heime med mamma og pappa.

torsdag 19. mars 2009

Dårligt vær på sjøen

Der kom ein kar ein dag å påsto at det bildet eg hadde tidligere frå sjøen ikkje synte at det var så dårligt vær som eg skulle ha det til - og det kan no so være :-)

Her kjem eit til, sikkert tatt innafrå lugaren min - Der er det trygt for sjødrev :-)


Når skuta er over 32 meter brei så kan dåkke sjøl regne ut hvor langt sjøen blir slengt unna i dette tilfellet.

Men dårligt vær - Nei, det er det ikkje :-)

tirsdag 17. mars 2009

Møte i Haramsgruppa av DIS

Då var atter eit møte avvikla. Som vanligt så var det god stemning blant alle dei som deltok. Vi starta før kl 1800 og forlot ikkje lokala før etter 2100....

I kveld møtte det opp 8 stykker, av dei var det ein som har leita etter slekt litt til og frå nokre år, men som liksom ikkje har komt heilt i gang. Kanskje det var dette som skulle få fart på hobbyen igjen - Ikkje sant Lasse :-)

På slutten av kvelden følte Liv seg litt kalde så då var det straks eit par karer som tilbød seg å varme henne litt, resultatet ser du her:


Legg merke til dei flotte skjortene dei har på seg :-)

Kva vi styra med i kveld spør du ? Jauda, litt søking i kilder, kilder i slektsprogram, ein titt innom Distreff der det vart sendt inn eit bidrag direkte frå ein av medlemmane for å vise hvor enkelt det er å bidra. Ellers så kosa vi oss som vanligt.

mandag 16. mars 2009

16. Mars, atter ein ulykkesdag på sjøen

(Saxa litt frå dagens Sunnmørspost)

16. mars i det Herrens året 1776 raste det ein voldsom orkan langs kysten. Det vert sagt at ikkje ein einaste mann kom seg velberga i land på strekninga Stadt til Seim.

Ein liten sjekk i mitt slektsprogramm sei at i 1776 så omkom ein av mine 4x tippoldefedre, Pål Andersen Remøy 1723-1776. Han omkom på sjøen har eg notert meg, men har ingen dato på dette.

På samme dato i 1830 forliste 6 båter på Sunnmørskysten, 33 mann omkom. Av båtane som forliste kom tre frå Borgund, to frå Sande og ein frå Herøy.

Ifølge mine notater så har eg 1 person som døde på havet i 1830, men han omkom på veg heim frå Borgund kyrkja så det var nok ikkje samme dagen.

lørdag 14. mars 2009

Årsmøte i DIS-Møre og Romsdal

Vart avholdt i Ålesund i dag med oppimot 40 deltagere, det er faktisk talt rundt 8% av medlemmane i Møre og Romsdal det.
Er det andre fylkeslag som er oppe på samme oppmøte prosent ?

Særs godt planlagt og gjennomført - God mat var det også.

Årsmøte vart innleda med eit dias foredrag om den berømte Ålesundsbrannen i 1904. Det var ein engasjert Einar Gustafson frå Ålesund Museum som fortalte oss om dette.
Folk flest prøver å glemme slike ting, men Ålesunderane feirer jaggu meg denne dagen kvart år :-/

Diverse anna underholdning vart det også, her eit bilde av LivS i full fart - Eg sei ikkje meire, dåkke skulla ha vøre der sjølv.


No kan dåkke lure no :-)

Når det gjelder resten av årsmøtet så vil det bli lagt ut referat på DIS sine sider, men vil berre sei her at heldigvis så valgte dei aller fleste styremedlemmane å være med videre og takk for det.

fredag 13. mars 2009

Har du "farlige" programmer på PC'en din ?

Nokre av dei største sikkerhetshulla i pc-en din er ikkje alltid direkte kobla opp mot Windows, men mot programmer som du bruker. Desse programma er ofte utdaterte, men du er ikkje klar over det, eller det er for mykje styr med å sjekke dette samt å finne dei nødvendige oppdateringane.

No har eit firma som heiter Secunia laga eit lite hendigt program som kan hjelpe deg med denne oppgava.

Secunia Personal Software Inspector heiter programmet og det følger heile tiden med på lumske "hull" og tilgjengelige oppdateringer. Programmet søker gjennom systemet ditt, sjekker opp mot ein oversikt over kjente "hull", og finner ut om noen av dine programmer treng å bli oppdatert.

Du finn dette programmet her, eg bruker det sjølv og på eit par gamle pc'er var det faktisk noko "grums" :-) frå gamle dager.

Du bruker sjølvsagt slike program på eget ansvar, husk backup av viktige ting før installering. Dette gjelder forøvrigt alle innstalleringer av nye program.

torsdag 12. mars 2009

Hvordan gjekk det med dei ?

I siste nr. av Forbruker-Rapporten er det nemnt ein lite kjent søkemotor som er spesielt bra på å finne igjen folk.

Du berre taster inn navn og eventuelt bosted og folket pipler fram. Ifølge Forbruker-Rapporten så finner denne søkemotoren også fram til informasjon som er slettet.

Her finner du denne søkemotoren http://www.pipl.com/

tirsdag 10. mars 2009

Vår lille solstråle

Etter at eg kom meg på eit webhotell så har eg masse plass på min heimeside.

Dette testa eg ut ved å legge ut nokre filmsnutter av Sofie, tenkte at eg kunne dele dei med dåkke her også.

Den første er frå ein liten svømmetur i Thailand i fjor haust.

Så kjem to stykker frå første gangen hun hadde ski på beina, Bambi på snø, og no går det betre.

Litt store filer så det kan ta litt tid før filmen kjem fram.

Kos dåkke :-)

søndag 8. mars 2009

"Ny" heimeside

Har ennå ein gang flytta desse sider, denne gang fordi start.no har lagt ned sin gratis lagring av heimesider.

Benytta då anledningen til å gjere det eg har tenkt på i alle år, men ikkje komt meg i gang til å gjere, nemlig opprette mitt eget domene og komme meg over på eit web hotell. Valgte å bruke one.com og det ser ut til å fungere svært bra. Enkelt og greitt å komme i gang med.

Har også oppgradert sidene med nye slekts opplysninger, blant anna brukt Legacy sin heimeside generator for dette formålet.

Her er den "nye" siden

Velkommen innom ein tur.

torsdag 5. mars 2009

Ulykkesdag i Herøy

I dagens Sunnmørspost er det ein liten notis som forteller oss følgende:

Askeonsdag 5. mars 1851 var atter ein ulykkesdag for fiskere her på Sunnmøre.

4 båter med ialt 20 mann kom bort. Einaste som vart gjenfunnen og fekk ein tørr grav var romsdalingen Knut Knutsen Bjørset.


Denne gangen skjedde det på søre Sunnmøre, i området rundt Runde.

Etter ein kjapp sjekk i min database kan eg konstatere at "ingen" av mine var innvolvert denne gangen.

mandag 2. mars 2009

Tragedie i Ullasundet

På denne dato i 1869 har eg ein person i min database som døde. Han døde på havet.

I dagens Sunnmørspost er det ein liten notis om ein tragedie i Ullasundet, ein mengde båter var på vei inn frå torskefiske frå torskefelta utanfor Nordøyane, i sterk storm og snøkave forliste fleire av båtane i det trange Ullasundet. Ein del av mannskapet kom seg opp på Ullaholmen og fant ly i nokre sauefjøser som stod der.
Kring 20 mann miste livet borte i sundet.


Eg tar då fram ein kopi eg har av KB for Haram i denne perioden og slår opp på døde.
På denne dato finn eg 5 stk frå Eids Præstegjeld som "drugnede ved Ulle", og 3 stk frå Rogne som leid samme skjebne, deriblant min slektning.

I samme sundet så omkom også 2 mann 17 februar samme året, ein var frå Veøy og den andre var frå Eid igjen.
Det gjekk altså med 6 mann frå Eid i løpet av 14 dager på samme plassen.

Ingen andre er nevnt så kvar tallet 20 omkommne kjem frå veit ikkje eg.