lørdag 25. april 2009

Neste reise

er nå i gang, er no på vei ut frå Houston, skal ein liten tur innom Freeport, Texas, før vi setter kursen nedover Karibien og over Atlanteren og ned til Mossel Bay i Sør Afrika. Der ankommer vi rundt 17 mai om alt går som det skal, og det bruker det å gjere :-)

Været her i Houston slutta slik som det byrja for ein god ukes tid sidan, regn og torden.... Men det har vøre nokre strålande dager innimellom, temperaturer over 30 grader innimellom.

Det blir antagelig dårligt med internett tilgang resten av turen så dette er muligens siste blogginnlegget før eg kjem meg heim rundt 1 juni ein gang.

Benytter anledninga til å ønske alle sammen ein riktig fin forsommer.

Vi skal i allefall ha sol og sommer heile turen ned til Mossel Bay....

onsdag 22. april 2009

Morgenstemning i Houston

Her tidligt ein morgon så var det dette synet som møtte meg når eg titta ut av ventilen på lugaren


Eit anlegg som brente av noko "flare", kombinert med stim og røyk frå diverse petrokjemiske anlegg skapte dette bildet.

Bildet er tatt gjennom ventilen på lugaren og kunne sikkert vøre noko skarpere, men den trolske stemninga er der i allefall.

søndag 19. april 2009

Houston calling

Heisann folkens.

Set her ein laurdagskveld på eit kjemikalie anlegg her i Houston, mykje regn og dårligt vær ute, men frå i morra av og fem dager framover skal det vistnok være fint vær.

Ikkje noko nytt herifrå, turen over dammen gjekk fint som vanligt og skuta fant vi nede i Lake Charles.

Ønsker alle ein fin og fredlig søndag.

tirsdag 14. april 2009

Jobb igjen

Ja ja, så er det på'n igjen.

Denne gangen går turen til Lake Charles, Louisiana. Også diverse lasting i Houston området før turen går ned til Sør Afrika, India og så opp til Persiske Gulf (PG) antagelig. Mei får håpe at piratane held seg langt unna....

Regner med å være heime igjen i byrjinga av juni til ein velfortjent ferie.

Veit ikkje om det blir noko blogging i denne perioda, ikkje så ofte at vi har kontakt med internett ute på dei store hav.

lørdag 11. april 2009

Stille påske

Ikkje mykje som skjer her i desse påskedagane, litt besøk til og frå venner og slekt, masse god mat med noko attåt. Slik liker eg påska.

Men det er ikkje mange dagane før jobben kaller igjen så det er best å utnytte den tida som er igjen på beste måte.

Her kjem ein påske kylling til, ikkje så søt som den førge men....


Ikkje har det blitt så mykje slekting i påska heller, men det kjem no inn ein og anna opplysninga, helst frå og om levande slekt og om den slekta som skal komme i løpet av hausten - Gratulerer til dei :-)

Vil ønske alle sammen ein fortsatt fin påske.

tirsdag 7. april 2009

Raskatastrofa i Tafjord for 75 år sidan.

Tafjordulykka skjedde kl. 03:10 natt til 7. april 1934. Langhammaren som låg mellom Tafjord og Fjøra, 730 meter over havet, falt ned, skrubba med seg Heggura som låg under og tre millioner kubikkmeter med stein rasa ned i Tafjorden.

Her kjem eit par bilder av rasstaden tatt i 2008. Bilde er tatt ifrå stranda i Tafjord der alt vart rasert.


Og eit "nærbilde". Sjå i fjellsida ved siden av raset, der er eit par små hus i dag.


Dette danna flodbølger som var opp til 66 meter høye. Enkelte stader slo flodbølgen meir enn 200 meter innover land, mange plasser 16 -17 meter høge. Dei største materielle skadene vart gjort i Tafjord og Fjøra, men flodbølgen rulla også utover fjorden og gjorde skader både i Valldal, Osvika, Stranda og Geiranger. Heilt ut til Sjøholt vart det registrert skader på nausta i vannkanten.

Folket, iallefall dei i Fjøra kjente til denne fjellsprekken som utvida seg år for år heilt tilbake til 1870.

Totalt så omkom 40 mennesker i denne ulykka, 23 av desse budde i Tafjord, 17 stykker i Fjøra. Sidan det var mørkt og midt på natta så var det mange som ikkje visste kva som skjedde før vannet kom.

Ved ein sjekk i min database så finn eg ein person som omkom under denne katastrofen, ein 10 år gammal jente som var ifrå Osvik.

fredag 3. april 2009

Påske



Ikkje så mykje nytt her for tida, vil benytte anledningen til å ønske alle ein fin og fredlig påske.