torsdag 31. desember 2015

Velkommen 2016 og Godt nytt år til alle.


Vil ønske all familie, venner og kjente eit riktigt godt nytt år.

Håper at alle har hatt eit fint 2015, men veit sjølvsagt at det ikkje er tilfelle. I løpet av året har vi mista mange kjente og venner, ingen nevnt ingen glemt.

Det er nok mange som har sett opp ein liste over nyttårsforsett, det har ikkje eg, tenker at eg har nok med å oppfylle listene frå det siste tiåret uansett :-)

Vil nok også fortsette med å legge ut nye slektsdatabaser på mitt TNG nettsted som du finner Her Ved hjelp av denne sida har eg komt i kontakt med mykje slekt og det er kjekt.

Så ennå ein gang Ha eit riktigt godt nyttår og takk for det gamle.

tirsdag 22. desember 2015

Julehelsing frå Ingmar, Rod og Sofie i Søvika



Då var atter ein jul komt over oss. Noen feirer heime med sine kjære og andre feirer dagen på jobb langt vekke. Men slik er livet og dei som feirer dagen andre plasser har stort sett valgt dette sjølv.

I år er eg av dei som får feire jula heime sammen med mine kjære så eg skal ikkje klage :-)

Ikkje så mykje julestemmning akkurat, meire som haust ute, 9 grader pluss og regn innimellom.

All maten er komt i hus, her går det i pinnekjøtt, dampa tørrmør, grisemør, diverse seafood som reker og scallops samt masse grønnsaker av ymse typer.

Vil ønske alle våre bloggevenner, chattevenner og andre venner og familie ein riktig fin og fredfull jul og eit strålande nyttår når den tida kjem.

Ta godt vare på kvarandre no, det er det viktigaste av alt, det er dessverre ikkje alle som får feire jula samman med sine egne...

Merry xmas to our family and friends in Thailand and Philippines :-)

สุขสันต์วันคริสต์มาสกับครอบครัวและเพื่อนของเราในประเทศไทย

onsdag 16. desember 2015

Sogelaget Hamnsund, årsskrift 2015



Sogelaget for Hamnsund sokn har som normalt komt med sitt årlige skrift, dette er det 24 i rekken og det fjerde i serien som er innbundet i stive permer.

Som vanligt er dette eit fyldigt og variert årsskrift med mange forskjellige artiklar. Største og lengste artikkelen i denne utgava er om Gamlemshaugen i krigsåra 1940 til 1945. Denne artikkelen, eller samlinga av småhistorier er ført i pennen av Per Atle Ulvestad (1943-2005) i 1985/86 og er tidligere publisert i eit hefte med svært lavt antall så nå får mange fleire lese dette. Også mange flotte bilder i forbindelse med denne artikkelen.

Øyvind O. Kjerstad har skrevet om alle dei første båtane som vart bygd på/ved Søviknes Verft i åra 1947 til 1954. Felles for alle desse var at dette var treskuter, første jernskuta vart bygd i 1955.

Ein artikkel om ein del av dei forskjellige fiskebåtane på Grytastrande finn du også i dette heftet sammen med ca 26 andre artikkler fordelt på omtrent 210 sider. Også mange fine bilder i boka frå leik og arbeid, krig og fred.

Som Bygdebladet på Skodje skreiv det:
"Frå krigsdrama og skipsulukker til salmevers og tran".

Årsskriftet anbefalast på det varmaste og kan som normalt kjøpast hos Sparebanken Møre, COOP og Spar i Søvika og hos Bok & Papir i Brattvågen.

Eg låner eit uttrykk frå ein større kjede: Løp og kjøp :-)

søndag 1. november 2015

Slektsforskerdagen 2015 i Ålesund – Well done.


Det var her eg skulla lagt ut masse bilder og skrevet om alt det flotte som eg fekk oppleve på denne dagen, men neida…

Faktisk, det som skjedde inne på Legacy rommet der eg og Einar F. sat var at det vart full rulle heile tida. Når foredraga vart holdt inne i storesalen så kom der alltid nokon "lurande", enten for å få hjelp med valg av slektsprogram, eller med meir eller mindre problemer med sine program. Håper og trur at dei fleste fekk den hjelpa og den informasjonen dei var på jakt etter, det var i alle fall ingen som slengte igjen døra når dei gjekk :-)

Men vi fekk no helse på masse kjentfolk, samt nokre nye ukjente som vi ved neste korsvei kan kalle kjente.
Og når sjefen og kassereren for DIS Møre og Romsdal samt lederen for lokallaget i Molde også hadde tid til å stikke innom vart dagen nesten fullkommen :-) Synd at tida ikkje strekker til sånne dager.

Og dagens (Og resten av årets) tilbud om DIS medlemsskap var det fleire som sa dei skulle benytte seg av, det var berre valget om å kunne velge billigaste varianten som laga litt trøbbel :-) (Sunnmøringer veit dåkke)

Valga var som følger:
Bli medlem av DIS nå og få medlemskap for 2016 med på kjøpet!
Eller,
Kjøp medlemskap i DIS for 2016 nå og få resten av 2015 med på kjøpet!


Kaffien og vaflane smakte utmerket så takk til dei som var på kjøkkenet og takk til alle andre som bidro til ein hyggelig dag.

Mei sjåast well att neste år ;-)

tirsdag 27. oktober 2015

Slektsforskerdagen 2015 i Ålesund


DIS-Ålesund/Sula arrangerer Slektsforskerdagen 2015 i Biblioteksalen 3 etg, Rådhuset, Ålesund, 31. Oktober kl 10.00 – 14.00

Årets tema er dei fleste plasser er: Hvem tror du at du er, medan det i Ålesund i år blir meire som eit slektsverksted der du kan få informasjon om det meste innenfor slektsforskninga, men kl. 12:00 vil Per Helge Myren holde eit foredrag om hvordan lage slektshefte/bok. Klikker du på plakaten/bildet øverst i dette innlegget så vil heile programmet for dagen komme opp.

I lokalene vil det være fleire PC-stasjoner hvor man kan få hjelp til å finne sine slektninger. PC-ene vil være betjent av representanter fra DIS-Møre og Romsdal.

Gratis adgang, alle er hjertelig velkommen og det vil bli anledning til å kjøpe kaffi og noko å bite i.

For å finne ut om det er et arrangement i nærheita av deg så sjekk her.

På Denne Linken vil du finne ein "presentasjons brosjyre" om DIS-Norge, væl verdt å ta ein titt på denne :-)

Undertegnede vil vise fram slektsprogrammet Legacy på møtet i Ålesund.

Om tida strekker til vil eg også vise fram, informere om programmet TNG som er mykje brukt for å legge slekta ut på nettet. Du kan sjå eit eksempel på slike sider her.

Du kjem vel innom?

onsdag 7. oktober 2015

Haram bygdebok, framtidige utgivelser.


I eit innlegg i Haram kommunestyre 01.10.2015 orienterte Bjørn Sandnes i egenskap av å være styreledar i bygdeboknemda om følgende utgivelser:

• Søvik, Gamlem med øyane uttaføre kjem i Mars 2016
• Fjørtoft, Skuløy/Flemsøy kjem til påska i 2016 så vi får håpe på tidlig påske neste år.
• Haramsøy, Lepsøy kjem sommeren 2017.
• Hildrestranda og Brattvåg kjem i to band sommeren 2019.

For desse banda som gjelder gamle Haram kommune er dette i beste fall, forfatteren har vøre mykje sjuk så vi får håpe på det beste for både han og bøkene som vi alle venter på.

mandag 24. august 2015

Derfor bruker eg Legacy som slektsprogram.



Ein liten oppummering av forskjellige funksjoner og egenskaper i Legacy

Legacy er lett å bruke, har to versjoner, Standard som er gratis og De Luxe som koster ca 30 US$. Inger årlige utgifter, man betaler kun for hovedoppgraderinger, noko som skjer 3-4 kvart år. Alle oppdateringer innenfor samme nr (8.x.x) er gratis.

Oppgradering av Standard til De Luxe er lett, man legger berre inn eit registreringsnr i Standard utgava.

Legacy får du på Norsk samt ein hel del andre språk, vil du lage ein rapport på f.eks. Engelsk så tar det berre eit par tastetrykk å endre.

I Legacy kan man lage sine egne "hendelser" om det skulle være ønskeligt.

Oppsatt på rette måten kan man sjå opptil 8 generasjoner i samme skjermbilde, men det synest eg blir "rotete" og lite oversiktlig.

Det finnst ein masse forskjellige "Fargeoppsett" til Legacy, du kan også skreddersy ditt eige.

Det er muligt å "Sette" farge på opptil 8 anelinjer slik at du kan sjå hvilke av dine oldeforeldre som feks stammer frå ein person i databasa.

Kan også sette forskjellig farge på forskjellige kjønn, samt markere levande med eigen farge.

Det er enkelt å koble sammen dubletter samt velge hvilke opplysninger/kilder som skal følge med den nye "sammenslåtte" personen.

Det er muligt å skreddersy egne løsninger for søk direkte på internett for den personen du jobber med, kan søke direkte i forskjellige baser etc.
Forskjellige oppskrifter for dei ulike søk ligger på Legacyforumet.

Det er meget enkelt å skreddersy sin egen verktøylinje "Min verktøylinje" i Legacy, her legger man opp ikon for dei mest brukte funksjonane som man sjølv ønsker.

I Legacy kan man skifte mellom 5 forskjellige skjermbilder for forskjellige framvisninger.

Omtrent uansett hvor man er i programmet kan man velge å redigere opplysninger om ein person, man trenger ikkje å gå tilbake til eit "redigeringsbilde".

Legacy inneholder over 120 forskjellige rapporter og skjema.

I tillegg er der eit "Charting" tillegg der du kan lage og skrive ut 25 forskjellige typer anetavler, feks ane og etterkommertavler, ane sirkler i forskjellige utgaver, timeglass, DNA etc etc.

Etterkvart som man blir kjent med programmet vil det også kunne dukke opp ein masse "hemmligheiter og tips" ved hjelp av høgreklikking på musa i forskjellige felt.

Legacy har også eit velfungerande heimeside og forum på Norsk der du kan få svar og hjelp på det aller meste med programmet. Og det finnst også fleire facebook sider for programmet.

Spesielt på den engelske er det mykje hjelp å få, dette pga at supportfolket hos Legacy er veldigt ivrige og hjelpsomme på den sida.

I tillegg er det ein engelskspråklig mailingliste der produsentane er flinke til å svare om det er noko.

Også ein ting med Legacy er at det er eit stort firma som står bak utviklinga og produseringa av programmet, ikkje eit enkeltmannsfortak som kan stoppe opp når som helst om nokon faller fra eller gir opp (Slik som det skjedde med TMG)

To ting som gjerne skulla ha vøre skikkelig på plass er:
Partnerskap mellom samme kjønn er ikkje muligt utan å "trikse" i databasa, det er ikkje noko for den vanlige bruker.
Det er noko "kronglete" å få til "Klikkbare" linker i Legacy, vi får håpe at det kjem ein lettere løysning på dette etterkvart.

Dei Norske Legacy sidene med brukerforumet finn du her

søndag 29. mars 2015

God påske alle sammen :-)


Og med denne tegninga som beviset på ein sannheit vil eg ønske alle mine kollegaer ute på dei sju hav og alle landkrabber ein riktig god påske.

torsdag 1. januar 2015

Velkommen 2015


Vil ønske all familie, venner og kjente eit godt nytt år.

Håper at alle har hatt eit fint 2014, men veit sjølvsagt at det ikkje er tilfelle. I løpet av året har vi mista mange kjære, kjente og venner, ingen nevnt ingen glemt.

Det er nok mange som har sett opp ein liste over nyttårsforsett, det har ikkje eg, tenker at eg har nok med å oppfylle listene frå det siste tiåret uansett :-) Men, den eine tingen som eg nevnte for ca 1 år sidan var at eg skulle prøve å få igang igjen lokallagsgruppa av DIS-Haram, og det har lykkast, kun eit møte i slutten av året, men med nye ildsjeler som hjelper til så håper eg at vi kjem igang igjen for fullt i 2015, også i den tida eg ikkje er heime :-)

Eg vil også fortsette med å legge ut nye slektsdatabaser på mitt TNG nettsted som du finner Her Ved hjelp av denne sida har eg komt i kontakt med mykje slekt og det er kjekt.

Jula og nyttåret 2014 har eg og oss andre om bord i Flaggskuta Bow Firda stort sett feira i Korea, julaftan og det meste av romjula tilbrakte vi til ankers uttaføre Daesan i Sør-Korea. Vi var så heldige at vi kom oss ut ifrå Yosu tidligt på nyttårsaftan, men værgudane sto oss ikkje bi på nyttårsaftan og natt til første nyttårsdag, ein voldsom slingring så det meste låg strødd rundt omkring - Jadda, vi hadde gjort sjøklart, men man kan ikkje gardere seg mot alt :-)

Så ennå ein gang: Ha eit riktigt godt nyttår og takk for det gamle.