lørdag 31. desember 2016

Velkommen 2017 og Godt nytt år til alle frå Sofie, Rod og Ingmar





Vi vil ønske all familie, venner og kjente eit riktigt godt nytt år.

Håper at alle har hatt eit fint 2016, men veit sjølvsagt at det ikkje er tilfelle. I løpet av året har vi mista kjente og kjære venner, ingen nevnt ingen glemt.

Det er nok mange som har sett opp ein liste over nyttårsforsett, det har ikkje eg, tenker at eg har nok med å oppfylle listene frå det siste tiåret uansett :-)

Det store med meg som skjedde i 2016 var at eg tok til fornufta og pensjonerte meg, ei besluttning eg ikkje har angra eit sekund på :-)

Så ennå ein gang: Ha eit riktigt godt nyttår og takk for det gamle.

torsdag 22. desember 2016

Julehelsing frå Ingmar, Rod og Sofie i Søvika


Då var atter ein jul komt over oss. Og i år feirast den heime. Første jula som pensjonist og det gir meirsmak :-) Etter nærmere 20 juler ute til sjøs siste 41 åra kjenner eg at det var nok.

Tenker litt på mine tidligere kollegaer som feirer jula langt vekke frå sine kjære, kan ofte bli ein litt melankolsk feiring, men dette er noko som man har valgt sjølv og då går det som oftast heilt greitt.

Ikkje så mykje julestemmning akkurat, meire som haust ute, mellom 3 og 10 grader pluss, masse vind og regn innimellom.

All maten er komt i hus, her går det i sjølv salta/tørka pinnekjøtt, dampa tørrmør, grisemør, diverse seafood som reker, scallops og Thai mat samt masse grønnsaker av ymse typer.

Vil ønske alle våre bloggevenner, chattevenner og andre venner og familie ein riktig fin og fredfull jul og eit strålande nyttår når den tida kjem.

Ta godt vare på kvarandre no, det er det viktigaste av alt, det er dessverre ikkje alle som får feire jula samman med sine egne...

Merry xmas to our family and friends in Thailand and Philippines :-)

สุขสันต์วันคริสต์มาสกับครอบครัวและเพื่อนของเราในประเทศไทย

onsdag 14. desember 2016

Bygdebøkene for Hamnsund, Søvik, Gamlem, Terøy, Bjørnøy, Store Kalvøy og Torholmen er komt ut


Endelig så var dei her, smekkfulle av informasjon og flotte bilder.

På grunn av mengda av stoff måtte boka delast opp i to band der første bandet forteller om bygdene i fortid og nåtid, samt omhandler Hamnsundet og Søvik. I band to kjem gardane som ligger under Gamlem, Terøy, Bjørnøy, Store Kalvøy og Torholmen. Alle hus og husmannsplasser tatt med. Dei som har flytta ut og første generasjonen etter dei, er også tatt med. Personregister som inneholder rundt 9000 personer finst i band 2.

Forfatter av boka er Randi Ingunn Selnes og hun har som vanligt gjort ein kjempejobb, masse flotte bilder frå gammal og nyere tid. Mange av bilda er sånne som er samla inn og tatt vare på av Sogelaget for Hamnsundet. Medlemmer av sogelaget har også bidratt med arbeidet til å innhente personopplysninger.

Sett i frå ein slektsforsker sin plass så er det kun ein liten mangel ved boka og det er at det ikkje er datoer på personane i boka, kun årstall for fødd/død etc.

Bøkene selgast kun samla, pris 800,- er utgitt av Harambygdebok AS og er til salgs blant anna ved Bok og Papir i Brattvåg og Sparebanken Møre i Søvik.

Som dei sei i ein hærværende butikk - Løp å Kjøp. Tross alt ikkje meire enn 1000 eksemplar :-)