fredag 24. desember 2010

Julehelsing frå Blåmyra

Då var atter ein julaftan komt over oss. Noen feirer heime med sine kjære og
andre feirer dagen på jobb langt vekke ifrå. Men slik er livet og vi som
feirer dagen på sjøen har valgt dette sjølv.

Vi er no på vei over til Wilmington på US østkyst, kjem frå Yanbu i Saudi
Arabia, vi passerte Gibraltar på tirsdagskvelden og vi passerte før i dag
litt nord om Madeira. Været har betra seg betydeligt siste døgnet, no står i
alle fall kaffikoppen roligt på bordet…

Vil ønske alle mine bloggevenner, chattevenner og andre venner ein riktig
fin og fredfull jul og eit strålande nyttår når den tida kjem.

mandag 20. desember 2010

På vei vestover

Då var vi ferdige i Yanbu, har passert Suez kanalen og om denne har eg
skrevet før så det er ikkje så mykje meire å sei om den. (Frå min side)

Vi er no snart ute ved Gibraltar, passerer der i morra tirsdag, ut på dagen
ein gang. I går og i dag har vi hatt brukbart vær, men dei første dagane ut
ifrå Port Said var ganske så ruskete.
Værmeldingane frå Atlanteren sei at det skal bli ruskete der også, det været
som har herja over England siste dagane er på vei sør østover og då treffer
vi det om nokre dager.

Ellers er det ikkje så mykje som skjer, Filipinarane pynter til jul og det
henger snart dingeldangel alle plasser :-)

Dagens bilde er frå ein fergekai i Suez kanalen, mange horn på bilane der
som nok ikkje hadde vøre godkjente i Norge… :-)

Kos dåkke i desse føre julsdagane.

fredag 10. desember 2010

Exit Gulf of Aden for denne gang

Då var vi komt i gjennom GoA for denne gang, er nå komt opp i Raudehavet og
her er det straks litt fredligere og tryggere.

Det var igrunna ganske så fredeligt denne gangen, vi såg og haure ikkje så
mykje, kun ein episode der eit "liten" fiskebåt? ikkje svarte på anrop frå
eit par marinefartøy. Dei sendte då opp eit helikopter for å sjekke og det
flaug sjølvsagt over oss så eg fekk tatt eit bilde og det er også dagens
bilde i bloggen. Den observange leser vil sjølvsagt straks sjå hvilken
nasjon dette tilhøyrer.

Kan i alle fall straks sei at det ikkje er ifrå Norge, Norske myndigheiter
ser ikkje det store behovet ved å delta internasjonalt for å hjelpe til her
nede… Sjølv om dei no vistnok vurderer å sende ned ein fregatt igjen i 2012.

Det går ca 22 til 23000 skip i gjennom GoA kvart år, dvs meire enn 60 skip
dagligt. Det siste vellykka angrepet frå piratane skjedde for eit par dager
sidan, meire enn 2000 km frå Somalia og kun 550 km frå India, ein bulker frå
Bangladesh med 25 mann og ein kvinne om bord.
Dei var på tur frå Singapore til Hellas med nikkelmalm.

Akkurat no er det antagelig tryggere i GoA området enn nede i det Indiske
hav, men no når monsunen snur i januar så kjem nok pakket trekkandes hit opp
igjen.

For øyeblikket holder Somaliske pirater 22 skip med 521 mann/kvinner som
gisler og forhandler om løysepenger for å frigje desse.

Og store deler av verdenssamfunnet set på ræva og ser på dette uten å gjere
noko…

God helg.

søndag 5. desember 2010

Ombord og back in bizznizz igjen.

Då var eg tilbake i kvardagen igjen, reisen ned til Dubai og videre til
Fujairah gjekk greitt. Etter ei natt på hotell så kom vi ombord i skuta på
mandagen.

Sidan den tid har vi vøre i Al Jubail (Saudi Arabia) å lasta, nå er vi på
vei til Yanbu for ytterligere lasting. Yanbu er også i Saudi Arabia, men
ligger i Raudehavet i motsetning til Al Jubail som ligger i den Persiske
gulfen. Vi bruker over sju dager mellom desse to havnene og då går vi
gjennom piratområder mykje av veien… Det er synd at det skal være slik i
dagens samfunn at eit fåtall mennesker kan terrorisere ein heile næring.
Heile det Indiske hav, GOA og deler av Raudehavet er svært utrygt i desse
tider.

Dagens bilde er frå prepareringa til å gå i gjennom GOA (Gulf Of Aden)
området, masse piggtråd eller "barbwire" som skal forsinke desse piratane
fra å komme seg ombord.

Ønsker alle ein riktig fin dag og takk for at du tok deg tid til å lese
denne bloggen.