fredag 22. november 2013

Siste nytt om bygdebøker i Haram


Ifølge ein liten notis i dagens lokalavis Nordre (Tidligere Haramsnytt) så kjem dessverre ikkje bandet om Fjørtofta og Skuløy/Flemsøy ut no i haust slik som planlagt. På grunn av sjukdom så vil det bli utsatt til våren ein gang.

Den videre framgangen i denne soga er at bandet om Hamnsundet, Søvik, Gamlem, Bjørnøy, Terøy, Store Kalvøy, og Torholmen vil komme på markedet i 2014/2015 ein gang. Vi kan alltids håpe at det dukker opp neste haust :-)

Dei to siste banda i denne serien, Haramsøya og Lepsøya, Hildrestranda og Brattvågen vil komme til slutt.

Det er lenge å vente, men den som venter på noko godt venter sjeldant forgjeves :-)

lørdag 9. november 2013

Hausttur på Bow Firda

Oppdaga brått at det var over ein månad siden førge blogginnlegg, det er well det som kallast "blogg tørke".

Har no vore her i 3 uker sidan eg kom om bord igjen i Morehead City i South Carolina.
Der lasta vi skuta full med fosforsyre, frå før så var det kun nokre tusen tonn med acrylonitrile om bord som vart lasta i Houston.

Desse to lastene skal til Kandla i India. I skrivande stund så ligg vi oppankra uttaføre Port Said i Egypt, skal gå i gjennom Suez kanalen no i natt/morgon.

På veien hit så hadde vi ein kjappe stopp i Algeciras, som ligger ved Gibraltar, for å ta om bord ein del storres samt bunkre noko fuel til maskineriet vårt.

Mykje av den storresen som vi tok om bord skal brukast no i den nærmaste framtid, etter India skal vi ein tur via Fujairah og så opp til Bahrain for å dokke skuta. Det er 10 års klassinga som stend for døra. Verftet i Bahrain heiter forøvrigt ASRY.

Ellers så er det ikkje så mykje nytt, skuta går framover og den eine dagen er som oftast lik den andre.

Dagens bilde er frå lastekaia i Morehead City, vi er ferdigt lasta, men må vente på høyvann og dagslys før vi kan gå.