torsdag 21. desember 2017

God jul frå Ingmar, Rod og Sofie


Då var atter ein jul komt over oss, stille og roligt har den nærma seg og no er den her :-)

Tenker av og til litt på mine tidligere kollegaer som feirer jula langt vekke frå sine kjære, kan ofte bli ein melankolsk feiring, men dette er noko som man har valgt sjølv og då går det som oftast heilt greitt.

Været skaper ikkje den store julestemninga, meire som ein våt haustdag, men når matlukta sprer seg i huset kjem som oftast noko av julestemninga sigande også.

All maten er komt i hus, her går det i pinnekjøtt, dampa tørrmør, grisemør, diverse seafood som reker, scallops og Thai mat samt masse grønnsaker av ymse typer.

Vil ønske alle våre bloggevenner, chattevenner og andre venner og familie ein riktig fin og fredfull jul og eit strålande nyttår når den tida kjem.

Ta godt vare på kvarandre no, det er det viktigaste av alt, det er dessverre ikkje alle som får feire jula samman med sine egne...

Merry xmas to our family and friends in Thailand and Philippines :-)

สุขสันต์วันคริสต์มาสกับครอบครัวและเพื่อนของเราในประเทศไทย

onsdag 12. april 2017

God påske frå oss i Søvika


Då var det den tida på året igjen, påske og tilhøyrande skitvær, iallefall i dag.

Men eg skal ikkje ut på ski så det blir nok mykje innepåske med god mat og ein dose med slektsforskning vil eg tru, ikkje usannsynligt at det vil dukke opp ein oppdatering av mine TNG sider også.

Ser at denne bloggen har nesten gått inn i dvale, mangler faktisk eit innlegg som eg trudde eg hadde lagt ut i juletider men men...

Ønsker alle ein fin påske, spesielt alle mine venner og kollegaer som feirer den ute til sjøs, langt frå sine kjære i land.