fredag 11. januar 2013

Langtur Houston - Durban

Så har vi endeligt komt oss i sjøen igjen.

Etter omtrent ein månad under land i USA så har vi endeligt komt oss ut og satt kursen mot Durban i Sør Afrika.

Det er ein lange tur, stort sett med vind og sjø imot heile veien (Gammal erfaring) så gjennomsnittsfarta vår i desse sparetider med kun 29,5 tonn fuel til hovedmotoren er på 13 til 13,5 knop. så vil det ta ca 27 døgn før vi er framme.

Ruta på denne turen er kort som følger: Kortaste vegen ut av ECA (Lavsvovel området) så nord om Cuba og Haiti/Dominikanske republikk, ned gjennom Mona kanalen og så søraustover og ut i Atlanteren via St. Lucia kanalen som ligger sør for Martinique. Deretter er det omtrent strake kursen mot Durban.

På ein tidligere tur i samme området berga vi på 1. mai 2009 ein mann i ein åpen båt, han hadde fått problemer med motoren sin og var på det tidspunktet vi fant han ca 200 km frå land. Du kan lese meir om dette Her.

Ellers så er det ikkje så mykje meire å sei om denne turen bortsett frå at den er lang, spesielt med tanke på at skiftedato denne gangen er 15. januar, blir nok nesten 3 uker lengre før vi er heime denne gangen.

Dagens bilde viser skipet i ein stille stund til ankers uttaføre Galveston ein av dei første kveldane i 2013.

Ha ein fin weekend alle som leser dette :-)

mandag 31. desember 2012

Godt nyttår 2013


Då var vi komt til siste dagen dette året også. Eit år som har vøre på det jamne uten hverken dei store opp eller nedturane for min del.

Vi ligger akkurat no i Texas City, litt sør for Houston. Bortsett frå ein liten svipptur bort til Point Comfort har vi vøre i dette området heile jula og vi får nok nokre dager til her før vi kan sette kursen mot varmere strøk. Den turen vil gå mot Sør Afrika der vi i første omgang skal til Durban. Og det blir nok heimreise for oss Norske derifrå, noko forsenka ifølge skiftplanen, men slik er no dette livet, finnst ikkje noko særligt med flyplasser ute i sør Atlanteren.

Så då vil eg sei takk for det gamle og samtidigt ønske alle eit riktigt godt nyttår 2013.

søndag 23. desember 2012

God jul frå meg om bord i Bow Firda


Det vart som forventa, julefeiringa kjem midt i Houston oppholdet så her blir det ikkje mykje julefeiring...

Som ein kar skreiv her ein dag: Vi får klippe ut dei raude dagane av kalenderen og så får vi bruke dei i januar eingang når vi er komt i havet igjen.

Mykje arbeid på gang så denne jula blir det ikkje så mange personlige helsinger eg sender ut, men eg vil benytte anledningen her til å ønske alle venner og kjente ein riktig fin og fredfull jul.

Forresten, akkurat no på ettermiddagen har vi eit strålande vær her, 26 grader, ikkje mykje som minner om Norsk jul :-)

onsdag 12. desember 2012

Juleturen 2012 Bow Firda

Starta med fly frå Vigra til Gardemoen og ein natt på hotell der. Grytidligt opp neste morgon og nytt fly til Schippol, flybytte der og nytt fly til Detroit. 8 timer venting på flyplassen der før nytt fly til Barton i Maine, der vi landa rundt midnatt. Bil til hotell i Searsport der vi ankom 0200 på natta og reiste om bord i skuta kl. 0800.

I Searsport lossa vi noko cargo før vi gjekk til New York og to kaier der. På kai nr 2 kom også Bow Faith sigande rett før vi gjekk så det blir dagens bilde :-).

Akkurat no er vi i Wilmington, kom inn seint i går ettermiddag og starta lossinga. Forhalte (Skifta kai) no på morrakvisten og ligger no og losser igjen. Her i Wilmington såg vi også snurten av Bow Fortune som i likheit med Bow Faith er eit av våre søsterskip. Flotte skuter desse Kværner bygga :-)

Forventa avgang Wilmington i kveld, natt og då setter vi kursen mot New Orleans. Turen dit tar ca 3,5 døgn frå los til los.

Travle dager, ikkje meire enn ein uke sidan eg reiste heimafrå :-)

Sjølve jula, romjula og nyttåret ser det ut som om vi får i Houston området, så det blir nok ein jobbe jul, men slik er det i dette yrket.

Kjem nok snart tilbake med ein ny rapport, ha ein strålande dag alle som leser dette.

tirsdag 20. november 2012

1000 besøk på min slektsdatabase

Sidan eg la inn ein besøksteller på min TNG slektsdatabase 30. juli i år har det vøre 1000 besøkende innom :-) Det gir eit snitt på ca 9 stykker pr. dag.

Ein del av desse har lagt igjen meldinger ved hjelp av gjesteboka, men fleirtallet har tatt kontakt med spørsmål og utfyllande kommentarer ved hjelp av mail.

Besøkande nr. 1000 la igjen følgande spor: Ip adressa held eg hemmelig, men vedkommande bruker Win7, ein eldre Firefox versjon (3,6) og har skjermoppløysning på 1920x1080. Det vart søkt etter Laurits Martinussen Otterlei som ligger i den basa.

Du også er hjertligt velkommen innom, kanskje du finn slekta di du også :-)

Du kjem til denne sida ved å trykke på denne Linken

torsdag 15. november 2012

Adopter ein Eidsvollmann

Er det eit prosjekt som heiter.

Andre påskedag i 1814 samla det seg 112 utvalgte menn seg i Eidsvollsbygningen. Representantene som var valgt fra by, land og militære enheter, var møtt opp for å fastsette Norges grunnlov.

I eit samarbeider mellom Riksarkivaren og DIS-Norge vil ein prøve å finne etterkommere til alle eidsvollsmennene frem til i dag og så presentere denne
informasjonen på Internett.

DIS-Norge har også eit samarbeider med Norsk Slektshistorisk Forening (NSF) når det gjelder dette prosjektet.

NSF skal forske på eidsvollsmennenes aner og nærmaste familie. Informasjonen skal samles og vil bli utgitt i bokform i jubileumsåret 2014.

Du kan lese meire om dette prosjektet Her.

Og årsaken til at eg blogger om dette er at det har dukka opp ein av desse etterkommere som er inngifta i mi slekt.Og kven dette er spør du? Jau, det var ein Dame som vart gift med første guten som vart fødd i Brattvågen :-) Og veit du framleis ikkje kven dette er så kan du ta ein titt Her. Og Eidsvollmannen som er hennes ane er Elling Olsen Walbøe Lande frå Ørskog, han finner du Her.

For å finne anna kjentfolk og slekt på mine TNG sider så kan du prøve Her.

Dagens bilde er av Eidsvollbygningen ca 1890, dette bildet fant eg hos DigitaltMuseum.

torsdag 25. oktober 2012

Slektsforskerdagen 2012 i Ålesund


Så er denne dagen komt igjen, den årlige slektsforskerdagen. Her kjem programmet for dagen i Ålesund.

DIS-Ålesund/Sula arrangerer Slektsforskerdagen 2012 i Biblioteksalen 3 etg, Rådhuset, Ålesund kl 10.00 – 15.00

Årets tema er: Brev, postkort og postvesen.

Program:

10.00 - 10.15 - Åpning v/ Liv Skramstad, nestleder i DIS-Møre og Romsdal
10.15 - 11.30 – Vi forteller om DIS-Norge, Slekt og data og viser program og hvordan søke på nett.
12.00 – 12.30.00 - Foredrag v/ Arve Hoel, Post på Sunnmøre med et ekstra blikk på brevhuset Smøge.
13.00 - 13.30 – Foredrag v/ Oddvar Jan Melsæter, Ålesund før, under og etter brannen. En historie fortalt gjennom postkort.

Det serveres kaffe og noe å bite i mellom foredragene og ellers.

I lokalene vil det være flere PC-stasjoner hvor man kan få hjelp til å finne sine slektninger. PC-ene vil være betjent av representanter fra DIS-Møre og Romsdal.

Gratis adgang, alle er hjertelig velkommen.


For å finne ut om det er et arrangement i nærheita av deg så sjekk her.

Denne Linken vil du finne ein "presentasjons brosjyre" om DIS-Norge, væl verdt å ta ein titt på denne :-)

Undertegnede vil vise fram slektsprogrammet Legacy på møtet i Ålesund.

Om tida strekker til vil eg også vise fram, informere om programmet TNG som er mykje brukt for å legge slekta ut på nettet. Du kan sjå eit eksempel på slike sider her.

Du kjem vel innom?

søndag 21. oktober 2012

Den som venter på noko godt

venter ofte forgjeves :-)

Men i dette tilfellet skal det snart skje noko - Trur eg :-)

Etter ein lange tur på jobb er eg endeligt komt heim og kan ta ein titt på slektsforskninga igjen.

Har no pløgd igjennom bortimot 700 mailer som har dumpa innom postkassa mi i denne perioda, samt gått igjennom lokalavisene for samme tidsrommet. Mykje god info her som skal inn i Legacyen og som seinare blir lagt ut på mine TNG sider.

Ha ein fin dag alle sammen.

fredag 28. september 2012

Tur på Østen

Jaha, siden sist har vi vøre i Taichung på Taiwan. I Singapore, i Dumai og
Batam i Indonesia og til slutt Port Klang i Malaysia.

Etter Port Klang gjekk mei nordvestover til vi var ute av Malakka stredet og
så sette vi kursen sørvestover ned i gjennom det Indiske hav der vi til
slutt vil treffe Durban i Sør Afrika om ein knappe 14 dager. Og derifrå
setter nokre av oss etterkvart kursen for Norge og ein velfortjent ferie.

Vi kan ikkje gå for lang vestover i havet heller fordi vi då kjem inn i det
såkalla høgrisk området for pirater, men det går nok greitt uansett.

Siste døgnet har det minska med skip rundt oss så nå er det berre oss sjøl
på mils avstand.

Var akkurat ein tur ute på dekk, godt og varmt både i sjø og luft.

Og med tanke på gårsdagens fotballresultat der Hødd knuste Brann vil dette
bli ein særs fin dag :-) Det er godt å jobbe for eit Bergensselskap når sånt
skjer ;-)

Dagens bilete er av Bow Spring som vi møtte i Dumai når vi gjekk derifrå.

Ha ein fin helg alle som leser dette.

onsdag 5. september 2012

Litt frå Sør Korea

Då er første heile uka (og well så det) tilbrakt om bord.

Reisa til Sør Korea gjekk greitt, litt lita tid på flybytte i Inchon-Seoul,
men det gjekk bra. Det holder med ein halvtime om man "springer" rette vegen
:-)

Det vart ein natt på Hotel Lotte i Ulsan før vi gjekk om bord ut på mandags
morgonen. Måtte om bord litt tidligere enn planlagt fordi det var ein tyfon
ved navn Bolaven i anmarsj, og den kom, men det merka oss ikkje så mykje
til. Vi, sammen med alle andre skip måtte forlate Ulsan før den traff der så
vi stakk bortom Japsekysten og låg i dekning eit godt døgn der.

Tilbake i Ulsan så rakk vi akkurat ein ny operasjon på land før neste tyfon
kom, denne gang var det Tembin som kom opp frå Taiwan og besøkte oss. Samme
prosedyre, ut i havet og over mot Japan igjen. Denne tyfonen kom nordover
før den skar innover mot land, reiste rett over den Koreanske halvøya så vi
merka litt meire til denne enn den første, men ingen problemer.
Vindhastigheitane på desse tyfonane vart målte til 260 km i timen så det er
bra futt i dei :-)

Så var det tilbake til Ulsan for siste lossinga og så sette vi kursen mot
Pyeongtaek som ligger nesten oppe ved Seoul. Her fekk vi nokre dager til
ankers medan vi venta på at kaia vår skulle bli ledig.

Mykje rusk og rask i sjøen etter desse tyfonane, men vi har ikkje sett
større skader etter dei, sjølv om det er rapportert at det gjekk med ein god
del verdier og liv på deira herjing her i området.

I Pyeongtaek lasta vi frå ein "ordinær" kai så då blir det litt slanger
utover, når det dessuten er 8 meter med forskjell på høg og lavvann så blir
det ein del styr med gangvei, trosser og slanger. Dagens bilde viser skuta
på vei mot lavvann, men framleis ca 3 meter før vi er nede på minimum
vannstand. Grått og trist var det også som dåkke ser på bildet.

Og då er vi på vei sørover, Taichung på Taiwan er neste stopp, det blir nok
seint på fredagen lokal tid. Sol og sommer ute, det er godt :-)