Her kjem eit par bilder av rasstaden tatt i 2008. Bilde er tatt ifrå stranda i Tafjord der alt vart rasert.

Og eit "nærbilde". Sjå i fjellsida ved siden av raset, der er eit par små hus i dag.

Dette danna flodbølger som var opp til 66 meter høye. Enkelte stader slo flodbølgen meir enn 200 meter innover land, mange plasser 16 -17 meter høge. Dei største materielle skadene vart gjort i Tafjord og Fjøra, men flodbølgen rulla også utover fjorden og gjorde skader både i Valldal, Osvika, Stranda og Geiranger. Heilt ut til Sjøholt vart det registrert skader på nausta i vannkanten.
Folket, iallefall dei i Fjøra kjente til denne fjellsprekken som utvida seg år for år heilt tilbake til 1870.
Totalt så omkom 40 mennesker i denne ulykka, 23 av desse budde i Tafjord, 17 stykker i Fjøra. Sidan det var mørkt og midt på natta så var det mange som ikkje visste kva som skjedde før vannet kom.
Ved ein sjekk i min database så finn eg ein person som omkom under denne katastrofen, ein 10 år gammal jente som var ifrå Osvik.