søndag 18. oktober 2009

Tilbake på jobb - Trasig reise

Då er eg ombord igjen etter ein heller trasig reise frå Norge til Taiwan,
starta på fredag heime og var ombord i skuta på tirsdag i Mai Liao.

Ved ankomst Bangkok så må vi av flyet ein times tid fordi dei skal bunkre.
Vel tilbake ved flyet så får vi beskjed om at flyet videre er innstilt og
det er berre å plukke opp handbagasja og gå i gjennom immigrasjonen og til
ankomsthallen.
Men ingen kunne opplyse kvar vi skulle møte så vi enda opp med å gå imellom
immigrasjonsskranka og diverse informasjonsskranker til vi endelig fekk
beskjed om at vi skulle møte opp ved bagasjeband 23 etter at vi hadde
passerte immigrasjonen.

Ved bagasjeband 23 fant vi til slutt bagasja vår, fekk så etterkvart beskjed
om at vi skulle møte ved "gate 4". Eetter mykje om og men så fant vi denne
gaten, der var det også masse folk samlet, men ingen visste noko som helst.

Etter ein stund så byrja det å dukke opp busser som skulle ta oss til
Novotel Hotel ved flyplassen, ved ankomst hotellet så gjekk det kjapt med å
få rom og beskjed om matservering, men info om videre reise var heilt i det
blå. Var snakk om i morgon ein gang, dette var i 1600 tida på søndagen.

Natt til mandag kl 0400 ringte telefonen på rommet, det banka på døra og med
beskjeden om at vi måtte komme oss på flyplassen ASAP... Ved ankomst
flyplass vart vi plassert ved ein skranke til China Air der vi etter mykje
om og men fekk plass på eit fly til Taipei samme morgon.

Ved ankomst Taipei så skulle vi egentligt reise videre til Kaohsiung, men
det vart innstilt sidan skuta allereie var ferdig der og hadde forlatt
stedet.
Då vart det til at vi fekk oss ein bil som tok oss ned til Taichung, ein tur
på eit par tre timer.
Der vart det inn på eit nytt hotell med beskjed om at vi skulle ombord neste
morgon.

Kl 0400 igjen så ringte telefonen på rommet, bilen var venta 0430 så det var
berre å komme seg igang igjen.
Denne gangen tok bilturen ned til Mai Liao ein god time og etter ytterligere
ein times tid hos emigration så gjekk endelig turen ombord i skuta der vi
var rett før kl 0700 om morgonen... Då var det godt å ha komt heim igjen.

Ein laaange tur var komt til ein ende, det er i allefall ikkje KLM
(Flyselskapet) sin fortjeneste at det gjekk som det gjekk, deira folk var
totalt fråværande etter at problema oppstod i Bangkok, der kan vi takke
hyggelige Thaier på ground service nivå at det gjekk som det gjekk til
slutt.

Som ho sa ho eine som hjalp oss - Det er ikkje vårt problem, men nokon må no
hjelpe til. Welcome to LOS - Thailand. Land Of Smile.

2 kommentarer:

  1. Høres ut som du fikk flydd deg ja! Godt man er vant med å reise litt, ellers kan man lett få panikk osv i et land man ikke helt kan språk osv. Men regner med at du greier deg fint ja...

    Alle gleder seg til du kommer him!

    SvarSlett
  2. Glad det ikke var jeg som var på turen hadde aldri klart det. Kommer jo ikke engang opp av sengen om morgenen og kledd meg på en ½time, ferdig å ta en bil no way.

    SvarSlett