onsdag 16. desember 2009

Sogelaget for Hamnsund sokn


har som normalt no før jul komt med sitt årlige skrift, Årsskrift 2009, dette er det 18 i rekken og eg er så heldig at eg har alle 18 i mine hyller.

Som vanligt er dette eit fyldigt og variert årsskrift med mange forskjellige artiklar og tema. Største og lengste artikkelen i denne utgava er skrevet av Per Hånes og omhandler skulen i Søvika. Det passer no godt for no i 2010 så blir det opna ny og moderne barneskule i Søvika.

For oss som også driv med slektsforskning er der også fleire interessante artikler, blant anna ein om hanseaten Claus Janecken som kom i frå Rostock i Tyskland og som hamna her oppe på vestlandet. Han er stamfar til ein anselig mengde mennesker her i distriktet og som har sitt utgangspunkt på Bjørnøya i Haram kommune.

Årsskriftet anbefalast på det varmaste og kan som normalt skaffast hos Sparebanken Møre i Søvika og hos Bok & Papir i Brattvågen.

Eg låner eit uttrykk frå ein større kjede: Løp og kjøp :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar