tirsdag 9. februar 2010

Slektsforumet, ein plass for meire enn å finne slekt.

Der er det også eit flott forum for kjøp og salg av forskjelligt stoff, slik som bygdebøker med meire.

I januar 2006 la eg ut ein etterlysning etter nokre bøker der, nemlig Herøy bøkene, 2. utgave ved Bjarne Rabben. Har vøre nære på eit par ganger at eg har fått kloa i desse, men eine gangen presterte dei faktisk å sende meg feil bøker, og ein annan gang vart eg akkurat for seine til å kjøpe frå ein annan kar som ville selge.

Men det som er så greitt i Slektsforumet er at ingenting forsvinner derifrå, alt blir liggande, lett søkbart, det forsvinner ikkje i mengda.

No i siste uke fekk eg ein hyggelig melding frå ein kar som hadde lest etterlysninga mi og han kunne tipse meg om at Nome Antikvariat hadde desse tre bøkene i katalogen sin. Då gjekk det ikkje mange minutta før eg hadde funnet telefon nummeret dit og der traff eg ein hyggelig dame som kunne bekrefte at dei hadde desse bøkene, og ville sende dei til meg ASAP. Ikkje var det dyrt der heller :-)

Og no i dag så kom dei, såg ut som dei ikkje hadde vøre opna før, men det blir dei no - Garantert. Eg har mykje slekt i dette området.

Her er linken til Slektsforumet og her er linken til Etterlysninga mi.

1 kommentar:

  1. Jeg har også bestilt en del fra Nome, og de er superhyggelige. Anbefales sterkt!

    SvarSlett