lørdag 29. mai 2010

Ulykkesdag på Sunnmørshavet, 29 mai 1895


På denne dagen i 1895 forliste 5 båter og 16 mann mistet livet.

Den eine av desse båtane kom frå Rovde, der kom det bort sju mann.

Dei fire andre båtane kom i frå Haram, der kom det bort ni mann.

Dette er nevnt i dagens Sunnmørspost, men dei roter litt med årstallet (1885-1895)

Eg har sjekka ein avskrift av kyrkjeboka for Haram som eg har her heime og det viser seg at av desse ni som var frå Haram var ein fødd på Grytastranda, men bodde på Rogne, ein var fødd på Fjørtofta, bodde også på Rogne. Ein var frå Alvestad, ein var frå Rogne og tre stykker var frå Nogva. Så i kyrkjeboka er det nevnt kun sju stykker frå Haram...

Av desse sju som er nevnt har eg ein i min base, Karl Elias Olsen Rogne, 1856-1895, som var inngifta i min slekt.

Dagens bilde er av ein Sunnmørs åttring, muligens slike skuter som forliste.

1 kommentar:

  1. Slik historie er spennende.
    Håller på og leiter litt sånt eg og.

    Hvor kan man finne mere om historien fra Sövik for exempel?

    Ha ei flott aften.
    Synnöve.

    SvarSlett