tirsdag 13. juli 2010

Passering av ekvator og Linjedåp

Var i gamle dager ein liten begivenheit, var det første gangen du gjorde
dette så fekk skuta besøk av Kong Neptun og hans folk, då skulle du nemligt
døypast. Vart ofta ein fin fest ut av det besøket…

Eg sjølv vart døypt ein gang i 1976 på vei sørover frå Tampa med den
Ærverdige skuta Bow Queen, lasta ombord var fosforsyre og vi var på vei til
Paranagua i Brasil. Dåpen foregjekk på ein laurdag og vi var ein 5-6 stykker
som vart døypte, eg fekk navnet "Den Store Havhesten". Dette
dåpssertifikatet mitt henger heime ein eller annan plass, men sist eg såg
det så var det så falma att det knapt kunne lesast – og det er jo synd.

Denne skikken med linjedåp er nå i ferd med å forsvinne frå vanlige skip –
og det er jo ennå meire synd.

Vi passerer ekvator rett før midnatt i dag vår tid, dvs litt før 0400 Norsk
tid, natt til onsdag.

Og været er framleis strålande, over 30 grader i både sjø og luft.

1 kommentar:

  1. hei Ingmar,

    når er du heme igjen?
    vi feier nordover no på søndag og blir ein 10-12 dagers tid,
    hadde vært show og ses att.

    ha en strålende sommer videre.

    SvarSlett