fredag 13. august 2010

Buholmstrand ulukka 13 august 1885

På den dagen i 1885 så bles det opp til nordvest storm på Sunnmørskysten.

Mange båter frå Ålesund var ute på fiske og av desse så forliste sju stykker, dei fleste høyrde heime på Buholmstranda i Ålesund. Derav navnet på ulukka.

Totalt så omkom det 33 mann, berre to mann frå desse sju båtlaga overlevde. Den eine som overlevde var den då 26 år gamle Petter K. Lausund, han flaut på kvelven i 18 timer før han vart funnet og berget av fiskedampskipet "Herø". Den andre som overlevde dreiv omkring i ein båt full av sjø i tre døgn før han vart berget av folk frå Vigra.

For ein gangs skyld så har eg ikkje registrert at nokon av mine gjekk med i denne ulukka, det er heller sjeldent :-) Men denne karen som overlevde kom nok i frå Lausund på Lepsøya og då er eg med stor sannsynligheit i slekt med han.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar