fredag 17. september 2010

Gibraltar stredet

Der gjekk mei i gjennom i går kveld, skille mellom Middelhavet på eine sida
og Atlanterhavet på den andre, med Afrika på babord sida og Europa på
Styrbord sida når vi går vestover :-)

Sjølve sundet er 13 km breidt og 65 kilometer langt, terskel dybda i sundet
er 320 meter.

Pga fordampningen i Middelhavet er større enn tilførselen av ferskvann så
går strømmen hovedsakeligt gjennom sundet frå Atlanterhavet og inn til
Middelhavet. Eg las ein gang i tida at det tok ca 80 år for å fornye alt
vannet i Middelhavet på denne måten.

Lite trafikk der i går kveld, det vi såg mest av var dei hurtiggåande
passasjerbåtane som går mellom Gibraltar og Algeciras i Spania og over til
Marokko.

Dagens bilde viser to verdener, Afrika (Marokko) til venstre og Europa
(Spania) til høgre.
Tenkte at eg skulle fått lagt inn eit skikkeligt panoramabilde med dette
motivet, men lav sol og mykje dis i lufta øydela den sjangsen…

Ha ein god helg.

1 kommentar:

  1. Det var nå et fint bilde likevel. Og der var det ikke mye bølger

    SvarSlett