lørdag 17. desember 2011

Sogelaget for Hamnsund sokn



Har som normalt komt med sitt årlige skrift, Årsskrift 2011, dette er det 20 i rekken og sjølvsagt har eg alle 20 i min hylle.

Som vanligt er dette eit fyldigt og variert årsskrift med mange forskjellige artiklar.

Største og lengste artikkelen i denne utgava er skrevet av Per Hånes og omhandler misjonærane Solveig og Helge Hånes som blant anna har vøre mange år i Bolivia i Sør Amerika.

Det nærmaste ein kjem eit tema i denne utgava er ein serie artiklar om dei forskjellige posthusa her i distriktet. Det var nesten som om det var eit posthus på kvart nes rundt omkring.

Totalt er det 40 forskjellige artiklar i denne utgava, fordelt på rundt 250 sider.

Det var no kjekt for undertegna å sjå bilete frå min/vår konfirmasjon i Hamnsund Kyrkje på Palmesøndag 4. April i 1971. Dette bildet har forøvrigt stått på trykk i eit tidligere årsskrift også :-)

Der er opptil fleire artiklar som kanskje interesserer oss slektsforskere meire enn andre, nevner spesielt den om handelshuset i Hamnsundet som vart drevet av bergens borgaren Johan Willumsen Wind. Det er mange frå våre trakter som stammer frå denne familien.

Dagens bilde viser omslaget på første og siste årsskrift.

Årsskriftet anbefalast på det varmaste og kan som normalt skaffast hos Sparebanken Møre i Søvika og hos Bok & Papir i Brattvågen.

Eg låner eit uttrykk frå ein større kjede: Løp og kjøp :-)

2 kommentarer:

  1. Du driver god reklame jeg må.følgen ordet heftet. Godt nytt år til deg!

    SvarSlett
  2. Det er Arthur P. Må skaffe meg det hefte.

    SvarSlett