søndag 21. april 2013

Uventa besøk om bord i Rødehavet

 

Her ein kveld i skyminga var eg på ein spasertur på dekk då eg brått blir oppmerksom på ein fugl som flaug fram og tilbake over skuta.

 

Eg skal ikkje påberope meg den største kjenskapen til forskjellige fuglearter, men dette er well ein hauk eller ein falk av eit eller anna slaget. Den var ikkje så veldigt stor, røret den står på måler rundt 30-35 mm til sammenlikning. Den hadde seg nokre runder til rundt skipet før den forsvant.

 

Det er ikkje uvanligt at vi får besøk av fugler ute i havet, ein gang så fekk vi faktisk om bord nokre spurver i Sør Afrika og dei fulgte skuta heilt til vi var oppe ved Portugalkysten før dei forsvant inn mot land.

 

I good old days når vi berre var nordmenn om bord hendte det spesielt at messepikene kjøpte seg ein undulat eller papegøye som dei hadde på lugaren. Dette til stor glede :-) for Kapteinen, ikkje berre berre å komme inn til eit nytt land med sånne dyr om bord, det kosta nok ofte både nokre flasker og kartonger før tollere og immigrasjonsmyndigheitane vart fornøgde :-)

 

Ellers så har vi jo også slete med å fange eit ekorn som hadde forvilla seg om bord i India ein gang, det tok mange uker før det vart fanga. Men det er ein anna historie :-)

 

4 kommentarer:

  1. Det er sikkert en Svartglente , som er hauke-fam..Den hører til ifra Marokko, algeri, spania,mellom-europa helt opp til danmark og videre østover belte helt til nord for N-korea til Stillehavet.
    Er i slekt med Gulnebbglenten , som hører til sør for shara, den arabiske halv-øy og tilsør mot afikas-horn.( har gult nebb.
    Med hilsen
    landkrabbe Lars Bernt Vemøy

    SvarSlett
  2. det var en flott fugel. Den trengte kanskje litt kvile för den flöy videre.

    SvarSlett
  3. Kvile og litt mat, dei fant visst restane av ein due ute på dekk neste morgen...

    SvarSlett
  4. Artig. "glente" har jeg aldri hørt om. Vi lærer så lenge vi er på Facebook. Takk for det.

    Pussig med de spurvene du fortalte om. De tok rett og slett cruiseveien nordover. Smarte skapninger! Andre tar Hurtigruta nordover.

    SvarSlett