torsdag 21. august 2014

Sunnmøre historielag, digitaliserte årbøker


Kanskje ikkje ein fersk nyheit for somme av oss, men for andre så er dette kanskje greitt å få kjennskap til :-)

Eg klipper direkte frå heimesida deira:

Sunnmøre historielag er glad for å no kunne publisere Årbok for Sunnmøre / Tidssskrift for Sunnmøre historielag 1910-2010 digitalt og søkbart. Den digitale utgåva er eit samarbeid med Senter for digitalisiering av kulturarven (SEDAK).

8288 sider Sunnmørssoge er no tilgjengeleg for alle, ei verkelg storhending! Sunnmøre historielag er det første historielaget i Norge som gjer alle sine tidsskrift søkbart tilgjengelege på nettet.


Sunnmøre historielag sine sider finn du her og ein direktelink til dei digitaliserte årbøkene finn du her

Mykje godt stoff i desse bøkene, anbefaler alle som er intresserte i slekt og historie om å sjå innom.

1 kommentar:

  1. Her er det helt sikkert mye interessant stoff. Fant en artikkel med anetavle for Ekrolslekten med en haug av slektninger :) Fant også en artikkel om bjørn og gråbein hvor det gikk frem at den siste gråbein i distriktet vart drept med øks av en kar fra Rekdal. Men det kom et par sunnmøringer (fra Skodje) og ville ha skrotten utlevert så de kunne få premie for den, men det fikk de ikke.

    Mvh HelgeB

    SvarSlett