mandag 22. desember 2014

Julehelsing frå Ingmar


Då var atter ein jul komt over oss. Noen feirer heime med sine kjære og andre feirer dagen på jobb langt vekke. Men slik er livet og dei som feirer dagen andre plasser har stort sett valgt dette sjølv.

I år er eg av dei som feirer jula borte frå mine kjære, her blir det jul i Daesan, Korea.

Ikkje så mykje julestemmning akkurat, temperaturen ligger og vaker rundt 0 grader, det sner innimellom så vi får antagelig ein blanding av orange og kvit jul :-)

Vil ønske alle mine bloggevenner, chattevenner og andre venner og familie ein riktig fin og fredfull jul og eit strålande nyttår når den tida kjem.


Ta godt vare på kvarandre no, det er det viktigaste av alt, det er dessverre ikkje alle som får feire jula samman med sine egne...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar