tirsdag 22. desember 2015

Julehelsing frå Ingmar, Rod og Sofie i Søvika



Då var atter ein jul komt over oss. Noen feirer heime med sine kjære og andre feirer dagen på jobb langt vekke. Men slik er livet og dei som feirer dagen andre plasser har stort sett valgt dette sjølv.

I år er eg av dei som får feire jula heime sammen med mine kjære så eg skal ikkje klage :-)

Ikkje så mykje julestemmning akkurat, meire som haust ute, 9 grader pluss og regn innimellom.

All maten er komt i hus, her går det i pinnekjøtt, dampa tørrmør, grisemør, diverse seafood som reker og scallops samt masse grønnsaker av ymse typer.

Vil ønske alle våre bloggevenner, chattevenner og andre venner og familie ein riktig fin og fredfull jul og eit strålande nyttår når den tida kjem.

Ta godt vare på kvarandre no, det er det viktigaste av alt, det er dessverre ikkje alle som får feire jula samman med sine egne...

Merry xmas to our family and friends in Thailand and Philippines :-)

สุขสันต์วันคริสต์มาสกับครอบครัวและเพื่อนของเราในประเทศไทย

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar