Viser innlegg med etiketten Skandi Aker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Skandi Aker. Vis alle innlegg

onsdag 2. februar 2011

Sogelaget for Hamnsund sokn


har som normalt komt med sitt årlige skrift, Årsskrift 2010, dette er det 19 i rekken og eg er så heldig at eg har alle 19 i mine hyller. Dette kom ut før jul og dei fleste har nok fått det med seg.

Som vanligt er dette eit fyldigt og variert årsskrift med mange forskjellige artiklar og tema. Største og lengste artikkelen i denne utgava er skrevet av Per Hånes og omhandler skulen i Søvika i åra 1970 til 2010. Det passer godt for i 2010 vart det opna ein ny og moderne barneskule i Søvika. (Første del av skulehistoria, 1920-1975 er omhandla i årsskriftet for 2009)

På framsida av dette årsskriftet er det bilde av MS Skandi Aker som vart valgt til ”Ship of the year” for 2010. Dette er verdens første mobile borerigg bygd på eit skipsskrog. Kanskje ikkje så mykje lokalhistorie akkurat no, men er ein så stor begivenheit at eg forstår godt at dette kom med i årets utgave.

Ellers så er det tre artikkler om det folket som vi i dag omtaler som ”reisende”. Dei har hatt mange navn igjennomtidene, og her er dei omtalt som ”Splint”, ”Tater” og ”Fantefylgje”.

Bjørn Jonson Dale har ein artikkel om den gamle storgarden Søvik og om dei som kom derifrå. ”Studenten, Tausa og Gullungen. Opphav til Mechlenburg’ar, Friis’ar og andre fine Ålesundborgarar” som han skriv sjølv. Denne artikkelen kan du også finne her på nettet.

For oss som også driv med slektsforskning er der fleire interessante artikler, blant anna ein om Georg Ingvald Skjeldrup som stamma blant anna ifrå ei grein i Sunnylven og ei grein ifrå Wærran på Ytterøy i Nord-Trøndelag.
Denne mannen som gjekk under namnet ”Skjegge Skjeldrup” er omtalt som ein orginal globetrotter og verdensborgar. Mykje er skrevet om denne mannen, blant anna skreiv Gerhard Kjølås boka ”Skjegge Skjeldrup” som vart utgitt i 1972. Denne artikkelen i årsskriftet er skrevet av mangeårig medlem av DISNorge, Asbjørn Scheldrup.

Årsskriftet anbefalast på det varmaste og kan som normalt skaffast hos Sparebanken Møre i Søvika og hos Bok & Papir i Brattvågen.

Eg låner eit uttrykk frå ein større kjede: Løp og kjøp :-)

onsdag 27. januar 2010

Solide skuter på STX Søviknes

No i jula så hadde vi eget juletre i Søvika, beliggande nede på verftet.
Nemlig den skuta som etterkvart vart døpt Skandi Aker, 157 meter lang, 27 meter brei og med boretårnet, aka juletre, som rager heile 62 meter over vannflata. Det skal visst være det høgaste i verda når vi ikkje tar med produksjonsskip.

No for eit par dager sidan kom dei slepande frå Romania med eit nytt skrog av samme type og størrelse og desse to som ligger der nede no ruver bra i landskapet.


Tok meg ein tur i dag og tok eit par bilder slik at dere kan få sjå desse flotte skutene sjølv.

Den med boretårnet som ligger til høgre er altså Skandi Aker, den til venstre veit eg ikkje navnet på.

Ein del fleire bilder, blant anna frå innredning og maskinrom, kan dere sjå på denne linken. Denne linken befinner seg på Norsk Skipsfarts forum, ein plass det er vel verdt å besøke om du liker å følge med på det som rører seg i den maritime næringa