Viser innlegg med etiketten Slektsprogram. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Slektsprogram. Vis alle innlegg

torsdag 23. august 2012

Oppdatert slektsdatabase

Eg har den siste tida oppdatert min slektsdatabase som ligger på nettet. Etter ein del mindre problemer tok eg og laga ein fullstendig ny side, har også denne gangen brukt programvare frå TNG.

Og alle data som du finner her er lagt inn ved hjelp av slektsprogrammet Legacy. Eit topp program som anbefalast til alle som vil starte med denne flotte hobbyen.

Eg er rimeligt fornøgd med sida, det meste stemmer og sida ser bra ut - Meiner eg :-)

Den inneholder for øyeblikket noko i overkant av 27.000 personer og nesten 10.000 familier. Og bur du her på Sunnmøre er det ikkje usannsynligt at du finn dine egne forfedre på desse sider.

Har også fått installert teller og gjestebok på sida, det hadde vøre kjekt om DU la igjen ein helsing til meg :-)

Ser du feil og mangler her så send meg gjerne ein oppdatering så tar eg og legger inn ved anledning.
Ser du di eiga slekt her så ikkje vær redd for å be om ein rapport, eg er raus på sånne :-)

Eg er straks på vei på jobb igjen og med lite tilgang på internett så kan du ikkje forvente svar på øyeblikket, men det kjem nok etterkvart.

Denne databasa finner du HER

lørdag 17. september 2011

Legacy, dataprogram for slektsforskning.



No når vi er på vei inn i mørkere tider er det på tide å ta fram hobbyane sine igjen, eg for min del holder på med dette heile året i ledige og ifølge min Frue ikkje ledige stunder :-)

Og for å få fullt utbytte av denne fine hobbyen så trenger vi eit hjelpemiddel, nemligt eit slektsprogram.

For å samle og systimatisere opplysningane holder det ikkje lenger med skoesker, det blir i allefall vanskeligt å lage rapporter etc for egen slekt direkte derifrå. Så her anbefalast det å ta i bruk eit slektsprogram, eg sjølv har prøvd/brukt ein del forskjellige gjennom åra men har no siste 7-8 år brukt samme programmet og det skal svært mykje til for at eg skal skifte igjen.

Programmet som eg bruker i dag heiter Legacy, er egentligt amerikansk, men er fullstendigt oversatt til Norsk, både bokmål og nynorsk finnst.(Og vil du ha ut ein rapport på engelsk for å sende til ein amerikansk slektning så skifter du berre språk ved hjelp av eit par tastetrykk og så kjem rapporten ut på engelsk)

Standard utgaven av Legacy er gratis, Dø Lux utgaven koster 29 US$ og det er den vel verdt. Å skifte frå standard til Dø Lux'en gjerast ved å skrive inn ein kode i programmet og alle muligheiter blir opna, dette tar ca 15 sekunder å gjere om du bestemmer deg for dette.
Dei norske sidene samt nedlasting av Legacy finn du her.