torsdag 15. mars 2012

Digitale bygdebøker på nett

Dette tema kom opp på slektschatten til DIS i går kveld.

Spørsmålet var om kvar vi fann desse på nettet, og her kjem svaret for dei som ikkje var tilstades der :-)

Nettsida Slekt1 har laga ein side der dei fleste av desse er nevnt og med lenker til kvar bok, denne finn du her.

For litt over eit år sidan skreiv eg eit innlegg om Bokhylla, Gratis bøker på nettet, det kan du lese igjen her om du ønsker det, like aktuelt i dag som den gangen.

fredag 2. mars 2012

Bygdebøkene for Skodje digitalisert.

Dette arbeidet er ifølge Bygdebladet (29.02.2012) i full sving, vistnok kun gjennomgang og eventuelle rettinger som gjenstår.

Desse to bøkene (Bygdebok for Skodje, Gard og Slekt, Band 1&2) kom ut i 1986 og er på omtrent 1700 sider tilsammen. Forfatter er Louis Giske, og det er Harald Vågane som no har skanna bøkene.

Om bøkene vil bli lagt ut på nettet når dei er ferdige veit eg ikkje, men i såfall kjem dei kanskje på heimesidene til Skodje Sogelag.

Eller kanskje her på Slekt1 der vi finner andre digitaliserte bøker for Møre og Romsdal.

Eg har høyrt at Vatne Sogelag også har lukta på å digitalisere Vatnebøkene, men det stranda på pengane, snakk om ein 70-80.000 kr. for å få dette gjort.

Veit også at det pågår arbeid med å digitalisere "Vigra-Slekter gjennom 500 år". Om nokon veit noko meire om dette siste prosjektet så gje meg eit ord.

Det er kjekt at fleire og fleire av desse "gamle" bygdebøkene kjem ut på nettet, det er omtrent umuligt å skaffe seg sine eigne eksemplar lenger.

fredag 3. februar 2012

Englandsfarten av Ragnar Ulstein

Dette praktverket som omhandler dei aller fleste som flykta over Nordsjøen i tildels dårlige båter i 1940/42 har i mange år vøre utilgjengelig frå forlaget. Eg husker sjølv at eg last det første gangen tidligt på 1970 tallet.

Dette er no komt i ny, oppdatert utgave med nye båter og navn i 2011. Det inneholder ca 3500 navn i siste utgave og eg finn mange navn der som eg har i min database. Det er navneregister i bøkene så det er lett å finne det ein leiter etter.

Det er mange forskjellige historier i boka, både lange og korte. Kvar enkelt båt som gjekk over er omtalt med navn og avreise/ankomst datoer der det finnst samt ein mannskap/passasjerliste (med fødselsår) for kvar enkelt.

Absolutt eit verk å ha i hylla heime og som slektsforsker finner du også ekstra "kjøtt på beinet" til din egen slekt.

Mine eksemplar kjøpte eg hos Haugenbok i Volda, ingen upris heller, noko over kr. 500,- totalt.

onsdag 18. januar 2012

Lokallagsmøte i DIS-Haram og Slektsforumet, ein god kombinasjon.

På gårsdagens møte i DIS-Haram tok vi for oss bruk av etterlysninger i Slektsforumet.

Fleire av dei som var tilstades hadde spørsmål om personer som dei ikkje hadde funnet ut skjebna til og det vart laga til etterlysninger som vart posta på slektsforumet.

Den første etterlysninga var litt lokal og den fant sin løysning i løpet av eit par timer, du kan sjå denne etterlysninga og svara her

Den andre etterlysninga gjaldt ein kar som gjekk i land frå eit skip i USA og sidan "forsvant". Også her kom løysninga i løpet av eit par timer, du kan sjå denne her

Så var det ein kar som vart så inspirert av dette at han for rett heim og la ut ein etterlysning etter folk i USA han og. Dette vart full klaff og du kan sjå resultatet her. Han hadde litt fleire opplysninger i utgangspunktet og det vil alltid hjelpe dei som vil hjelpe til med å finne ytterligere opplysninger.

Så er du på jakt etter forsvunne slektninger så er det Slektsforumet som gjelder. Trenger du hjelp til å komme i gang så er det nytt møte i DIS-Haram 21.02.2012, sjå vår Facebook side for nærmere opplysninger når det nærmer seg den datoen.

Og om DIS-Haram kan du lese meire om du trykker på denne Linken

søndag 1. januar 2012

Godt nytt år til alle mine venner


Og som eg skreiv i fjor på desse tider så er det ikkje så mykje meire å sei i den forbindelsen heller.

Håper alle får eit fint år :-)

fredag 23. desember 2011

Julehelsing frå Søvika

Då var atter ein jul komt over oss. Noen feirer heime med sine kjære og andre feirer dagen på jobb langt vekke ifrå. Men slik er livet og dei som feirer dagen andre plasser har stort sett valgt dette sjølv.

I år er eg så heldig at eg får feire jula heime sammen med mine kjære så eg skal ikkje klage :-)

Men om det er julestemning veit eg ikkje, meire som ein hauststorm ute, 8 grader pluss og regn...

Vil ønske alle mine bloggevenner, chattevenner og andre venner og familie ein riktig fin og fredfull jul og eit strålande nyttår når den tida kjem.

Ta godt vare på kvarandre no, det er det viktigaste av alt.

lørdag 17. desember 2011

Sogelaget for Hamnsund sokn



Har som normalt komt med sitt årlige skrift, Årsskrift 2011, dette er det 20 i rekken og sjølvsagt har eg alle 20 i min hylle.

Som vanligt er dette eit fyldigt og variert årsskrift med mange forskjellige artiklar.

Største og lengste artikkelen i denne utgava er skrevet av Per Hånes og omhandler misjonærane Solveig og Helge Hånes som blant anna har vøre mange år i Bolivia i Sør Amerika.

Det nærmaste ein kjem eit tema i denne utgava er ein serie artiklar om dei forskjellige posthusa her i distriktet. Det var nesten som om det var eit posthus på kvart nes rundt omkring.

Totalt er det 40 forskjellige artiklar i denne utgava, fordelt på rundt 250 sider.

Det var no kjekt for undertegna å sjå bilete frå min/vår konfirmasjon i Hamnsund Kyrkje på Palmesøndag 4. April i 1971. Dette bildet har forøvrigt stått på trykk i eit tidligere årsskrift også :-)

Der er opptil fleire artiklar som kanskje interesserer oss slektsforskere meire enn andre, nevner spesielt den om handelshuset i Hamnsundet som vart drevet av bergens borgaren Johan Willumsen Wind. Det er mange frå våre trakter som stammer frå denne familien.

Dagens bilde viser omslaget på første og siste årsskrift.

Årsskriftet anbefalast på det varmaste og kan som normalt skaffast hos Sparebanken Møre i Søvika og hos Bok & Papir i Brattvågen.

Eg låner eit uttrykk frå ein større kjede: Løp og kjøp :-)

mandag 28. november 2011

Bygdebok, band 2, for Sandøya i salg


Så var den her denne også etter mykje forviklinger, forsinkelser etc etc.

Det har blitt ei flotte bok med mange fine bilder og illustrasjoner som omhandler dei tre gardane Røssholmen, Ona og Husøy.

Boka innheld tre fyldige kapittel med gards, familie og slektshistorie for dei nevnte tre garder. Den inneholder også grendehistorie for Ona og Husøy.

Det finnst også ein kjeldeliste samt ein alfabetisk liste over alle personer bosatt på desse tre gårdane som er omtala. Denne siste lista inneheld litt over 2400 personer. Dei fleste av desse er kun lista opp med årstall, ikkje datoer slik som vi slektsforskere liker :-)

Forfatter av boka er Randi Kristin Strand, hun har hatt god hjelp av slektsgransker Anne Huse og illustratør Åse Sæterøy.

Boka er på over 800 sider, eg fekk mitt eksemplar frå Sandøy Kommune, den kosta Kr. 800,- pluss frakt. Kun 1000 eksemplar så vil du ha må du være kjapp på labben :-)

Heile dette verket er planlagt å bli på 4 band, band 1 er no under arbeid og vil antagelig bli utgitt seinare. Om band 3 og 4 nokon gang vil bli utgitt veit vi ikkje, men det får vi håpe på :-)

tirsdag 22. november 2011

Bygdebok for Grytastranda i salg.


Endelig så var den her, smekkfull med informasjon og flotte bilder.

Første delen av boka forteller om bygda i både fortid og nåtid. Andre delen av boka er gards og busetnadssoge og omfatter de 9 matrikkelgardene på Grytastranda: Kroksethagen, Krokset, Årset lille, Gjerset, Urkedal, Holmeset, Gryta, Engeset og Uggedal. (Gardane 165-173) Innen dette området er alle hus og husmannsplasser tatt med. De som har flytta ut og første generasjonen etter dei, er også tatt med. Heilt til slutt i boka er det eit personregister på nesten 6000 personer.

Sett i frå ein slektsforsker sin plass så er det kun ein liten mangel ved boka og det er at det ikkje er datoer på personane i boka, kun årstall for fødsel/død etc.

Forfatter av boka er Randi Ingunn Selnes og hun er no i full sving med band to i denne serien, denne vil omhandle Hamnsundet, Søvika, Gamlem, Terøy, Bjørnøy og Store Kalvøy. Skal eg tippe rått er denne klar i 2014.

Boka er utgitt av Harambygdebok AS og er til salgs ved Bok og Papir i Brattvåg og Sparebanken Møre i Søvik. Den er på 550 sider og koster kr. 600,-

Som dei sei i ein hærværende butikk - Løp å Kjøp. Tross alt ikkje meire enn 1200 eksemplar :-)

tirsdag 1. november 2011

Gards og ættesoga for Sandøy kommune, kapittel 5

Ifølge ein notis i dagens Haramsnytt så skal no band 2 i denne serien være klar for salg no i november.

Dette bandet (Som er det første som blir utgitt) omhandler Røssholmen, Ona og Husøy. Forfatter for dette bandet er Randi Kristin Strand, hun har hatt hjelp av slektsgranskar Anne Huse og illustratør Åse Sæterøy.

Det har vøre mykje styr med dette bokverket. Vi får håpe at det er på rett spor no.

Eg har skrevet fleire innlegg om denne soga før, dei kan du lese Her