søndag 7. juli 2013
Bordets gleder i Thailand
For øyeblikket lever eg sammen med fem nydelige Damer her i Thailand, ei svigerinne, to onkelunger, ei kjerring og ein datter :-)
Av og til så veit dei ikkje ka godt dei kan gjere for meg som enslig farang, og i dag morges slo dei til igjen. I samla tropp til markedet og så kom dei tilbake med diverse seafood.
Sjølvsagt så viser dagens bilde noko av det eg fekk på bordet.
Men no har eg ikkje til til å skrive meire, bordet venter :-)
tirsdag 25. juni 2013
Thailandske tradisjoner for meg.
Er blant anna "offringa" av eit grisehaud kvar gang vi er heime i Nong Phue. Avgårde tidligt på morgonen, nesten med det samme det har lysnet, har også med eit fat med ris, 6? kokte egg og ein flaske med fanta og ein med Chang øl.
Det blir kappa av utvalgte biter av grisegaudet, øyre, snute, skinn etc som blir lagt opp i ein skål. Egga blir renska og resultatet blir nøye studert med mange kommentarer. Fantaen og Changen blir opna og det blir skjenka opp i eit par små glass.
I alle dei år sidan første gangen (2000) eg var i Nong Phue har det vøre samme mannen som har stått for denne sermonien, han har blitt eldre og eldre og meire "inntørka" og i år så var det ikkje han som var der, men ein ny som hadde overtatt. Min gamle "kompis" er framleis i live, men er som sagt blitt for gammal til denne jobben.
Dagens bilder er av dette "offer" huset på ein av mine og Sofies spaserturer i området.
torsdag 13. juni 2013
Deltok din oldemor i stemmerettskampen?
Det viser seg at denne saken er blitt mykje omtalt i media og i slektsforskermiljøet så eg legger ut denne linken her på bloggen min også, du finner artikkelen her
Skulle artikkelen og linken til denne forsvinne så kan du også gå direkte inn her så får du sjå desse listene.
Lykke til med jakta di :-)
mandag 27. mai 2013
DIS-Chatten for alle
Sjølv om aktiviteten er gått noko ned i det siste er det framleis liv der så har du eit slektsspørsmål som du trenger eit kjapt svar på så vil du i dei fleste tilfeller få eit svar der.
For å kommme inn til DIS-Chatten treng du ikkje noko spesiell programvare eller passord, kun rett på sak :-) Du kan logge deg inn Her
Eg har i eit par tidligere innlegg nevnt DIS-Chatten og andre hjelpemiddel for slektsforskninga, dei innlegga finn du Her og Her
Lykke til og velkommen til DIS-Chatten :-)
fredag 17. mai 2013
17. Mai i Coatzacoalcos, Mexico
Ser at det er gått nesten 4 uker siden mitt siste blogginnlegg, det betyr nok at det ikkje er mykje som har skjedd sidan sist.
For å ta det kort så har vi sidan sist passert Suez kanalen, gått igjennom Middelhavet, vøre innom Algeciras for storres, bunkring samt polering av skutesider og propell.
(Dei to siste for å øke farta gjennom vannet og spare drivstoff)
Så har vi kryssa atlanteren, ein tur innom Wilmington i North Caroleina for å losse ein skvett med kjemikalier og så har vi gått nedover langs kysten av Florida,
passert Key West og til hit vi er no, nemligt Coatzacoalcos i Mexico.
Ikkje mykje 17. Mai stemning om bord, er nok meire som ein vanlig arbeidsdag for oss 4 Norske som er her.
Vil benytte anledningen til å ønske alle sammen ein riktig fin 17. Mai
Dagens bilde er det flotte Norske flagget som vaier stolt :-)
søndag 21. april 2013
Uventa besøk om bord i Rødehavet
Her ein kveld i skyminga var eg på ein spasertur på dekk då eg brått blir oppmerksom på ein fugl som flaug fram og tilbake over skuta.
Eg skal ikkje påberope meg den største kjenskapen til forskjellige fuglearter, men dette er well ein hauk eller ein falk av eit eller anna slaget. Den var ikkje så veldigt stor, røret den står på måler rundt 30-35 mm til sammenlikning. Den hadde seg nokre runder til rundt skipet før den forsvant.
Det er ikkje uvanligt at vi får besøk av fugler ute i havet, ein gang så fekk vi faktisk om bord nokre spurver i Sør Afrika og dei fulgte skuta heilt til vi var oppe ved Portugalkysten før dei forsvant inn mot land.
I good old days når vi berre var nordmenn om bord hendte det spesielt at messepikene kjøpte seg ein undulat eller papegøye som dei hadde på lugaren. Dette til stor glede :-) for Kapteinen, ikkje berre berre å komme inn til eit nytt land med sånne dyr om bord, det kosta nok ofte både nokre flasker og kartonger før tollere og immigrasjonsmyndigheitane vart fornøgde :-)
Ellers så har vi jo også slete med å fange eit ekorn som hadde forvilla seg om bord i India ein gang, det tok mange uker før det vart fanga. Men det er ein anna historie :-)
onsdag 17. april 2013
Allereie 3 uker om bord i Bow Firda

Ja, faktisk er det no 3 uker sidan eg reiste om bord igjen til denne flotte skuta.
Eg reiste ned til Dubai og gjekk om bord i Jebel Ali som ligg i dei forente Arabiske Emirater (UAE).
Etter Jebel Ali gjekk vi til Bahrain der vi hadde eit kjapt verkstedsopphold på ASRY for å reparere ein bulk i baugen som vi fekk i eit møte med ein mørklagt og drivande lekter i Missesippi i fjor før jul.
Etter Jebel Ali var vi oppe i Al Jubail som ligger i Saudi Arabia. Der fyllte vi opp skuta med last og så sette vi kursen mot Suez kanalen i Egypt. På vegen mot Egypt hadde vi eit kjapt stopp i Fujairah for å bunkre, samt ta om bord 4 vakter som skulle følge oss gjennom piratområda i Aden gulfen og videre heilt opp til Egypt der dei skal i land igjen. Eg må sei at å ha om bord 4 bevæpna vakter gav oss ein heilt anna tryggheitsfølelse enn når vi gjekk i desse områda utan desse folka om bord.
No etter at vi passerer Suezkanalen, noko som antagelig vil skje på laurdag skal vi stoppe opp i Algeciras (Spania ved siden av Gibraltar) for å bunkre igjen, samt ta om bord storres og proviant som er sendt ned frå Rotterdam. Etter Algeciras setter vi kursen mot Wilmington, South Carolina, Coatzacoalcos i Mexico og så endeligt opp til Houston der vi er i andre halvpart av mai. Regner med å reise heim derifrå.
Life is good :-)
Dagens bilde er tatt inn mot ASRY om kvelden før vi gjekk inn til kai, ikkje all verdens kvalitet, men... :-)
torsdag 21. mars 2013
Ildebranden i Skolehuset på Kvalsten.

På denne datoen, onsdag 21. mars 1877 omkom 16 skulebarn ved ein brann i "omgangsskulen" på Kvalstein på Ellingsøya, fleire andre barn vart stygt skada. Dei omkomne barna som var i alderen 7 til 12 år vart begravd 31. mars 1877 i ein fellesgrav på kyrkjegarden ved Borgund Kyrkje i Ålesund.
Det var blant anna to søskenflokker på tre barn som omkom og to med to barn som gjekk med så det vart store tap for enkelte familier. I tillegg så var nesten alle desse barna i innbyrdes slekt.
Ganske mange av desse barna er registrert som slekt i min database.
Eg siterer litt frå Borgund og Giske 4:
Det var omgangsskole i krinsen, og samla skole, slik at alle borna i krinsen møtte samtidigt. Sørengaren på Kvalstein var ein av dei få bygningane i grannelaget som kunne hyse så mange born på ein gang. Her var det ein såkalla sal i andre høgda i huset. Huset var bygd i gammal stil med ein inngang ved eine nova til kjøkkenet, og derifrå til stova. I stova var dør til eit kammers i andre enden av huset, og langs stova var ein gang eller eit vedskot, som no var fylt med opphogd eineved. Herifrå gikk ei tropp opp på loftsgangen og inn ei dør til salen.
Ulykkesdagen var det samla 32 born i denne salen. Dei stod og song slutningssalmen i 4-tida om ettermiddagen, då dei vart var røyk i salsglaset. Læraren slo opp døra til salsgangen, men eld og røyk dreiv han attende. Han treiv vassbytta og kasta ned gjennom loftstrappa, utan nytte. Glaset var einaste utvegen. Men huset var høgt og ungane kvidde segpå å oppe ut. Læraren hoppa, men skada seg, og kunne lite gjere. Tau var der ikkje, og brannstigen låg bortlagd på løa. Mannfolk var ikkje på garden, dei var på fiske, og kvinnene som kom til for å redde, var hjelpelause.
Berre 16 av dei 32 elevane som var samla kom frå det med livet, dei andre døde.
Det var truleg ei trebytte med oske som var opphavet til brannen. Bøtta vart sett under loftstrappa, og i bøtta var det glør.
Sitat slutt.
Dagens bilde viser Ellingsøy kyrkje, den ligger ikkje så langt derifrå dette skjedde.
mandag 18. mars 2013
Alle fekk seg eit nummer...
På denne dagen i 1968 fekk alle seg eit nummer, nemligt eit postnummer :-) Alle poststadane i Norge fekk sitt eget nummer.
Brevpostmengden hadde nemligt blitt så stor (Fordoblet på 20 år) at sorteringa tok lang tid. Med innføringa av postnummer kunne mykje av sorteringa gjerast maskinelt.
Eg veit ikkje kor mykje post som blir sendt i dag, men etter innføringen av data/E-Mail er nok det gode gamle brevet på vei ut og postmengda på vei ned. I allefall brevposten.
Postkontora er også på vei ut, blitt meire og meire Post i butikk, noko som eg i byrjinga var skeptisk til, men som eg etterkvart har sett stor pris på. Eg savner ikkje det gode gamle postkontoret i det heile tatt.
onsdag 6. mars 2013
Bygdebøkene for Skodje digitalisert og lagt ut på nettet.
I ein blogg 02.03.2012 skreiv eg at bygdebøkene for Skodje var under digitalisering.
No er dette gjort og bøkene er lagt ut på nettet Her
Dette er eit bra tiltak for oss slektsforskere, skulle ønske att fleire kommuner og sogelag gjorde noko tilsvarande med sine gamle bøker som kun er å oppdrive på biblioteka.
God lesing gødtfølk og takk til Skodje Sogelag og forfatteren Louis Giske for dette.
Om meg
- Ingmar
- Ein ung mann på 63 år, altså i min beste alder. Masse slekt spesielt rundt omkring på Sunnmøre, men forskjellige greiner strekker seg andre plasser også.
Slekt database
Været her heime
Min bloggliste
-
Adressebøker – ikke bare for de store byene!for 5 uker siden
-
-
Jeg har omsider innsett realitetene...for 8 måneder siden
-
Hvem er jeg?for 6 år siden
-
-
-
Mitt barndomshjemfor 7 år siden
-
-
Møte i S&D-ST Februar 2018for 8 år siden
-
-
-
Carol (2015)for 10 år siden
-
-
Flytting av bloggfor 12 år siden
-
Litt å transkriberefor 12 år siden
-
Nesten på dagen året...for 13 år siden
-
Bloggfor 14 år siden
-
-
Diskrimineringfor 14 år siden
-
-
Lyd og bilde på kryss og tversfor 16 år siden
-
-
-
-
-
-
-
-
-
-
-


