fredag 22. november 2013

Siste nytt om bygdebøker i Haram


Ifølge ein liten notis i dagens lokalavis Nordre (Tidligere Haramsnytt) så kjem dessverre ikkje bandet om Fjørtofta og Skuløy/Flemsøy ut no i haust slik som planlagt. På grunn av sjukdom så vil det bli utsatt til våren ein gang.

Den videre framgangen i denne soga er at bandet om Hamnsundet, Søvik, Gamlem, Bjørnøy, Terøy, Store Kalvøy, og Torholmen vil komme på markedet i 2014/2015 ein gang. Vi kan alltids håpe at det dukker opp neste haust :-)

Dei to siste banda i denne serien, Haramsøya og Lepsøya, Hildrestranda og Brattvågen vil komme til slutt.

Det er lenge å vente, men den som venter på noko godt venter sjeldant forgjeves :-)

lørdag 9. november 2013

Hausttur på Bow Firda

Oppdaga brått at det var over ein månad siden førge blogginnlegg, det er well det som kallast "blogg tørke".

Har no vore her i 3 uker sidan eg kom om bord igjen i Morehead City i South Carolina.
Der lasta vi skuta full med fosforsyre, frå før så var det kun nokre tusen tonn med acrylonitrile om bord som vart lasta i Houston.

Desse to lastene skal til Kandla i India. I skrivande stund så ligg vi oppankra uttaføre Port Said i Egypt, skal gå i gjennom Suez kanalen no i natt/morgon.

På veien hit så hadde vi ein kjappe stopp i Algeciras, som ligger ved Gibraltar, for å ta om bord ein del storres samt bunkre noko fuel til maskineriet vårt.

Mykje av den storresen som vi tok om bord skal brukast no i den nærmaste framtid, etter India skal vi ein tur via Fujairah og så opp til Bahrain for å dokke skuta. Det er 10 års klassinga som stend for døra. Verftet i Bahrain heiter forøvrigt ASRY.

Ellers så er det ikkje så mykje nytt, skuta går framover og den eine dagen er som oftast lik den andre.

Dagens bilde er frå lastekaia i Morehead City, vi er ferdigt lasta, men må vente på høyvann og dagslys før vi kan gå.

mandag 23. september 2013

Slektsforskning, kvar finne opplysninger på nettet.

Lenge sidan siste innlegg på denne bloggen, her kjem eit oppdatert innlegg som eg posta for nokre år sidan, framleis like aktuelt i dag også.

Bygdebøker er alltid ein fin plass å starte, men husk det at dei ikkje alltid er korrekte så opplysningane du finn der må sjekkast opp mot kyrkjebøkene. Og i Norge er vi svineheldige, nesten alle kyrkjebøker er skanna og lagt ut på nettet, desse finn du HER. Og HER ser du eksempel på ein slik kyrkjebokside, dette er klokkerboka 1899-1944 frå Haram. Kanskje det er nokon som drar kjensel på gutt nr 36 :-)

Mormonerene har også i mange år drevet på med å legge ut slektsopplysninger på nettet, HER finn du den vanlige søkesida deira og HER finn du ein ny som dei har laga som mange meiner er enklere å bruke.

Digitalarkivet (DA) i Bergen finner du også masse stoff (Samme plass som kyrkjebøkene ligger) Alle folketellinger 1801, 1865, 1875, 1900 og 1910. Du finn også over 5000 forskjellige andre databaser der.
Og for oss som bor i her i området så ligger det også på DA databaser for gamle Borgund kommune, mykje godt stoff å finne der.

På Registreringssentral for historiske data (RHD) som ligger i Tromsø har dei også ein del databaser liggande, denne finn du HER

Og sist, men ikkje minst, Genealogiske ressurser (GenRes) som er landets største samling av linker, denne er drifta av DIS-Norge, for å komme til startsiden trykk HER. Og vil du sjå kva som ligger under Haram så sjå HER.

Egentligt så holder det lenge om du kun bruker GenRes, her finn du alt du har bruk for :-)

Skulle du mot formodning ikkje finne det du er ute etter så kan du no legge ut ein etterlysning på Slektsforum for å sjå om andre kan hjelpe deg, kanskje det er nokon som har akkurat dei opplysningane du er på jakt etter. På Slektsforum er det for tida ca 17250 registrerte brukere.

Ein annan plass du kan finne opplysninger er i DIS-Norge sine Gravminner, der er det for øyeblikket registrert 2383227 gravminner og av desse er det 1274222 med bilde.

DIS-Norge driver også noko som dei kaller Distreff, her kan medlemmane sende inn sine egne data og då få svar tilbake om det er andre som har det samme, eller som forsker på dei samme slektane, for å få fullt utbytte av Distreff må ein være medlem av DIS-Norge.

Står du framleis fast så får du ta deg ein tur til Dischat, ein chattekanal som drivast av DIS-Norge. Der er som oftast folk som kan hjelpe til og svare på det meste innenfor slekt, slektsprogrammer, matlaging etc etc nesten heile døgnet.
Veldigt sosialt og triveligt å være der.

Og trenger du ein program for å samle dine data i så anbefaler eg å ta i bruk Legacy, dette finn du HER. Du kan lese meire om dette programmet i dette blogginnlegget. Om ikkje lenge så kjem Legacy ut med ein ny versjon, kalla Legacy8. Der er det mykje nytt å glede seg til.

søndag 28. juli 2013

Slektsprogrammet Legacy versjon 8 snart ute.

Slektsprogrammet Legacy er snart ute med ein ny utgave.

Ifølge produsenten så skal den nye utgava som forøvrigt vil heite Legacy 8 sleppast i løpet av hausten.
Og ifølge andre kilder så kjem den også i Norsk utgave med norsk tekst frå dag ein. Dei som oversetter er i full sving.

Masse nye ting som blir lagt inn i denne versjonen, tar du deg ein tur til dei Norske Legacy sidene som du finner HER eller om du går til dei Amerikanske sidene som du finner HER så kan du lese meire om den nye versjonen.

Legacy kan du få i to versjoner, Standard som er gratis og Deluxe Edition som koster den nette sum av 29,95 US$. Du greier deg lenge med standard versjonen, men vil du oppgradere til Deluxe så er det gjort på nokre sekunder, du berre legger inn eit serienummer som du kjøper hos Legacy og vips så har du Deluxe versjonen.

Kjøper du dagens versjon får du gratis oppdatering til Legacy 8 når den kjem. For oss eksisterande brukere så må vi nok regne med å legge minst ein 20 US$ på bordet for å oppgradere. Og det er ikkje stort meire ein eit 0,6 glass med øl koster på byen :-)

Eg gleder meg stort til den nye versjonen, gjer du?

søndag 7. juli 2013

Bordets gleder i Thailand


For øyeblikket lever eg sammen med fem nydelige Damer her i Thailand, ei svigerinne, to onkelunger, ei kjerring og ein datter :-)

Av og til så veit dei ikkje ka godt dei kan gjere for meg som enslig farang, og i dag morges slo dei til igjen. I samla tropp til markedet og så kom dei tilbake med diverse seafood.

Sjølvsagt så viser dagens bilde noko av det eg fekk på bordet.

Men no har eg ikkje til til å skrive meire, bordet venter :-)

tirsdag 25. juni 2013

Thailandske tradisjoner for meg.


Er blant anna "offringa" av eit grisehaud kvar gang vi er heime i Nong Phue. Avgårde tidligt på morgonen, nesten med det samme det har lysnet, har også med eit fat med ris, 6? kokte egg og ein flaske med fanta og ein med Chang øl.

Det blir kappa av utvalgte biter av grisegaudet, øyre, snute, skinn etc som blir lagt opp i ein skål. Egga blir renska og resultatet blir nøye studert med mange kommentarer. Fantaen og Changen blir opna og det blir skjenka opp i eit par små glass.

I alle dei år sidan første gangen (2000) eg var i Nong Phue har det vøre samme mannen som har stått for denne sermonien, han har blitt eldre og eldre og meire "inntørka" og i år så var det ikkje han som var der, men ein ny som hadde overtatt. Min gamle "kompis" er framleis i live, men er som sagt blitt for gammal til denne jobben.

Dagens bilder er av dette "offer" huset på ein av mine og Sofies spaserturer i området.

torsdag 13. juni 2013

Deltok din oldemor i stemmerettskampen?

Her for nokre dager sidan la eg ut ein link på slektsforumet som førte til forskjellige underskriftslister i forbindelse med kvinnene sin kamp for stemmerett.

Det viser seg at denne saken er blitt mykje omtalt i media og i slektsforskermiljøet så eg legger ut denne linken her på bloggen min også, du finner artikkelen her

Skulle artikkelen og linken til denne forsvinne så kan du også gå direkte inn her så får du sjå desse listene.

Lykke til med jakta di :-)

mandag 27. mai 2013

DIS-Chatten for alle

Er Norges kjappaste sted for å få hjelp til å finne din slekt, eller svar på andre slektsspørsmål :-)

Sjølv om aktiviteten er gått noko ned i det siste er det framleis liv der så har du eit slektsspørsmål som du trenger eit kjapt svar på så vil du i dei fleste tilfeller få eit svar der.

For å kommme inn til DIS-Chatten treng du ikkje noko spesiell programvare eller passord, kun rett på sak :-) Du kan logge deg inn Her

Eg har i eit par tidligere innlegg nevnt DIS-Chatten og andre hjelpemiddel for slektsforskninga, dei innlegga finn du Her og Her

Lykke til og velkommen til DIS-Chatten :-)

fredag 17. mai 2013

17. Mai i Coatzacoalcos, Mexico

Ser at det er gått nesten 4 uker siden mitt siste blogginnlegg, det betyr nok at det ikkje er mykje som har skjedd sidan sist.

 

For å ta det kort så har vi sidan sist passert Suez kanalen, gått igjennom Middelhavet, vøre innom Algeciras for storres, bunkring samt polering av skutesider og propell.
(Dei to siste for å øke farta gjennom vannet og spare drivstoff)

Så har vi kryssa atlanteren, ein tur innom Wilmington i North Caroleina for å losse ein skvett med kjemikalier og så har vi gått nedover langs kysten av Florida,
passert Key West og til hit vi er no, nemligt Coatzacoalcos i Mexico.

 

Ikkje mykje 17. Mai stemning om bord, er nok meire som ein vanlig arbeidsdag for oss 4 Norske som er her.

 

Vil benytte anledningen til å ønske alle sammen ein riktig fin 17. Mai

 

Dagens bilde er det flotte Norske flagget som vaier stolt :-)

søndag 21. april 2013

Uventa besøk om bord i Rødehavet

 

Her ein kveld i skyminga var eg på ein spasertur på dekk då eg brått blir oppmerksom på ein fugl som flaug fram og tilbake over skuta.

 

Eg skal ikkje påberope meg den største kjenskapen til forskjellige fuglearter, men dette er well ein hauk eller ein falk av eit eller anna slaget. Den var ikkje så veldigt stor, røret den står på måler rundt 30-35 mm til sammenlikning. Den hadde seg nokre runder til rundt skipet før den forsvant.

 

Det er ikkje uvanligt at vi får besøk av fugler ute i havet, ein gang så fekk vi faktisk om bord nokre spurver i Sør Afrika og dei fulgte skuta heilt til vi var oppe ved Portugalkysten før dei forsvant inn mot land.

 

I good old days når vi berre var nordmenn om bord hendte det spesielt at messepikene kjøpte seg ein undulat eller papegøye som dei hadde på lugaren. Dette til stor glede :-) for Kapteinen, ikkje berre berre å komme inn til eit nytt land med sånne dyr om bord, det kosta nok ofte både nokre flasker og kartonger før tollere og immigrasjonsmyndigheitane vart fornøgde :-)

 

Ellers så har vi jo også slete med å fange eit ekorn som hadde forvilla seg om bord i India ein gang, det tok mange uker før det vart fanga. Men det er ein anna historie :-)