På denne dato i 1869 har eg ein person i min database som døde. Han døde på havet.
I dagens Sunnmørspost er det ein liten notis om ein tragedie i Ullasundet, ein mengde båter var på vei inn frå torskefiske frå torskefelta utanfor Nordøyane, i sterk storm og snøkave forliste fleire av båtane i det trange Ullasundet. Ein del av mannskapet kom seg opp på Ullaholmen og fant ly i nokre sauefjøser som stod der.
Kring 20 mann miste livet borte i sundet.
Eg tar då fram ein kopi eg har av KB for Haram i denne perioden og slår opp på døde.
På denne dato finn eg 5 stk frå Eids Præstegjeld som "drugnede ved Ulle", og 3 stk frå Rogne som leid samme skjebne, deriblant min slektning.
I samme sundet så omkom også 2 mann 17 februar samme året, ein var frå Veøy og den andre var frå Eid igjen.
Det gjekk altså med 6 mann frå Eid i løpet av 14 dager på samme plassen.
Ingen andre er nevnt så kvar tallet 20 omkommne kjem frå veit ikkje eg.
Jeg har omsider innsett realitetene...
for én uke siden
Iflg. "offisielle" kilder på Ulla så omkom det 18 mann den 2. mars 1869. Det foranlediget byggingen av Ulla fyr.
SvarSlett