mandag 16. mars 2009

16. Mars, atter ein ulykkesdag på sjøen

(Saxa litt frå dagens Sunnmørspost)

16. mars i det Herrens året 1776 raste det ein voldsom orkan langs kysten. Det vert sagt at ikkje ein einaste mann kom seg velberga i land på strekninga Stadt til Seim.

Ein liten sjekk i mitt slektsprogramm sei at i 1776 så omkom ein av mine 4x tippoldefedre, Pål Andersen Remøy 1723-1776. Han omkom på sjøen har eg notert meg, men har ingen dato på dette.

På samme dato i 1830 forliste 6 båter på Sunnmørskysten, 33 mann omkom. Av båtane som forliste kom tre frå Borgund, to frå Sande og ein frå Herøy.

Ifølge mine notater så har eg 1 person som døde på havet i 1830, men han omkom på veg heim frå Borgund kyrkja så det var nok ikkje samme dagen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar