tirsdag 3. november 2009

Pinsing, kva er no det?

Det er det vi sei oss sjøfolk når vi forandrer klokka ombord.

Jordkloda er oppdelt i 360 grader rundt, og med 24 timer i døgnet er 1 time
15 grader.

Når vi går vest eller austover så går vi med ein fart av rundt 7-8 grader i
døgnet.
Det vil då sei at ca annakvar natt må vi pinse.
Går vi vestover så blir det døgnet 1 time lenger, vanligvis så er det 20
minutter på kvar vakt, 20-24/00-04 og 04-08. Veldigt greitt for oss som
liker lange netter :-)

Går vi austover så er saken den motsatte, korte netter og lite søvn...
Straks meire travelt den vegen.

Også ein stor ulempe for oss som no går austover frå Korea til USA er at vi
på denne turen krysser datolinja så det betyr at vi denne uka i tillegg til
korte netter får vi to onsdager... Då blir uka lang.

Mykje greiere å gå andre vegen. Lange sløve netter og så hopper mei over ein
dag når det passer :-)

Då skulle dei fleste vite kva pinsing er.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar