Viser innlegg med etiketten Søvik skule. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Søvik skule. Vis alle innlegg

tirsdag 19. februar 2013

Sogelaget for Hamnsund sokn, årsskrift 2012


Sogelaget for Hamnsund sokn har som normalt komt med sitt årlige skrift, dette er det 21 i rekken og det første som er innbundet i stive permer, noko som eg liker godt. Dette kom ut før jul og dei fleste har nok fått det med seg.

Som vanligt er dette eit fyldigt og variert årsskrift med mange forskjellige artiklar og tema. Største og lengste artikkelen i denne utgava er skrevet av Per Hånes og heiter " Dagbok frå Søvikreit". Ole Magnus Johanssen Søvik (Søvikreit) skreiv dagbok frå 1915 til 1929 og her er det utdrag av denne i tida 1915 til 1921 og så får vi håpe at neste årsskrift vil gje oss fleire utdrag frå denne dagboka.

På framsida av dette årsskriftet er det bilde av huset på Søvikreitane, det er truleg tatt i slutten av 1960 åra.

Ellers så har Asbjørn Schjelderup skrevet ein artikkel om forliset til MK "Anker" på Aktivneset i september 1932, den forsvant nesten sporlaust med 8 mann herifrå distriktet.

Det er også ein flott artikkel som omhandler kampen som måtte til for å overbevise postverket om at adressa her var Søvik og ikkje Syvikgrend. Det var Mary Flatset som sto for mykje av den kampen og artikkelen er skrevet av Per Hånes.

Ellers er det ein artikkel med oversikt over lærarpersonalet ved Søvik skule gjennom tidene. Var mange kjente navn som dukka opp der :-)

Videre er det ein artikkel om Reidar Uggedal som er skrevet av Oddvar Urkedal, konfirmant bildet dette året er frå 1972 og over tjue artikkler til vil du finne i denne utgava av årsskriftet.

Årsskriftet anbefalast på det varmaste og kan som normalt skaffast hos Sparebanken Møre i Søvika og hos Bok & Papir i Brattvågen.

Eg låner eit uttrykk frå ein større kjede: Løp og kjøp :-)

mandag 7. mai 2012

Maria Parr på Søvik Skule

Atter ein gang kom det ein fornøgd jente heim frå skulen, årsaken denne gangen var at dei hadde hatt besøk av forfatteren Maria Parr som hadde lest litt av sine bøker, "Vaffelhjarte" og "Tonje Glimmerdal". Også denne gangen hadde hun sikra seg autografen til den besøkande.

Det er veldigt kjekt for elevane at sånne personer kjem på besøk til skulane, det blir sett stor pris på så takk til dei som står bak og arrangerer slikt noko.

Sist det var sånt fint besøk på skulen var når "The Margarets" var på besøk og spillte for elevane, det er det blogga om tidligere.

Og som sist det var kjendisbesøk på skulen og nokon kanskje lurer på kvifor det blir omtalt på denne "slektsbloggen" så har det med etternavnet å gjere, ikkje usannsynligt at hun stammer frå Par eller Parr i Sunnylven og då er der nok ein slektsforbindelse ein plass.

Du kan lese litt meire om Maria Parr på Wikipedia.

torsdag 12. april 2012

The Margarets på Søvik skule

I dag kom det heim frå skulen ei litt stolt og glad jente.

Og årsaken til det var at 3 av medlemmane i gruppa The Margarets frå Giske hadde vøre på besøk på skulen og framført nokre av sine låter.

Og ikkje nok med det, hun hadde eit ark i handa der det fint sto: Til Sofie og så autografen til dei som hadde opptrådd.

Så vi måtte fyre i gang noko musikk og vi fant fort eit par av dei låtane dei hadde spillt på skulen.

Eit fint tiltak for barna så takk til dei som står bak dette og takk til gruppa som reiser rundt og sprer sånn glede.

Eg har høyrt eit rykte om at dei skal opptre ein annan plass her i området i morra, fredag. Dåkke har noko å glede dåkke til.

Ein liten omtale av gruppa finn du her på Wikipedia.

Og grunnen til at dette er omtala på ein slektsblogg? Well, med dei etternavna på nokre av desse karane så er eg temmeligt sikker på at det er noko fjern slektskap i sikte :-)