torsdag 29. oktober 2009

Lasting av Molasse i Kunsan, Sør Korea

Dette vart ein lasting av gamlesorten, noko som vi sjeldant opplever no til
dags.

Laster ifrå tankbiler, tankbilane tapper lasta over i eit par "opne" tanker
på kaia, desse tankane er utstyrt med lause pumper som igjen er drevet av
eit elektrisk aggregat som også står der.

Man skulle tru at dette skulle gå sakte og det gjer det no også, men ein 100
tonn i timen er jo ikkje så verst, tok oss mellom 50 og 60 timer å få våre
5200 tonn ombord.

Molasse ja, kva er no det? Egentligt eit svart, skummande drittstoff, meir
eller mindre flytande sukker eller sirup...

Men då var vi ferdige her på østen, har no forlatt Korea, gått sør om Japan
og er no i ferd med å starte på storsirkelen over Stillehavet, forventa
ankomst Stockton, California ca 12 November if AGW & WP :-)

fredag 23. oktober 2009

Eit trangt sund gjennom Shimonoseki

På vår vei frå Yokohama i Japan til Ulsan i Korea så passerer vi mellom
hovedøya Honshu og den sørlige øya Kyushu.

Her er det rimeligt trangt og ein voldsom trafikk, eg telde faktisk ca 15
skip som gjekk i samme retning som oss på ei strekning på ca 1-2 km.

Som dåkke ser på bildet så er det masse skip i området så her må ein holde
tunga beint i munnen. Spesielt på fridager er her eit voldsomt liv, då er
det i tillegg til skipstrafikken eit stort antall av små fiske og lystbåter
som stikker seg fram i alle retninger.

Vi er no i Ulsan, skal straks gå herifrå og til Kunsan, også det i Korea.
Etter det så settast kursen for Stockton i USA (På innsida av San Francisco)
Det er ein tur på ca 15 dager.

Ønsker alle ein riktig god helg.

søndag 18. oktober 2009

Tilbake på jobb - Trasig reise

Då er eg ombord igjen etter ein heller trasig reise frå Norge til Taiwan,
starta på fredag heime og var ombord i skuta på tirsdag i Mai Liao.

Ved ankomst Bangkok så må vi av flyet ein times tid fordi dei skal bunkre.
Vel tilbake ved flyet så får vi beskjed om at flyet videre er innstilt og
det er berre å plukke opp handbagasja og gå i gjennom immigrasjonen og til
ankomsthallen.
Men ingen kunne opplyse kvar vi skulle møte så vi enda opp med å gå imellom
immigrasjonsskranka og diverse informasjonsskranker til vi endelig fekk
beskjed om at vi skulle møte opp ved bagasjeband 23 etter at vi hadde
passerte immigrasjonen.

Ved bagasjeband 23 fant vi til slutt bagasja vår, fekk så etterkvart beskjed
om at vi skulle møte ved "gate 4". Eetter mykje om og men så fant vi denne
gaten, der var det også masse folk samlet, men ingen visste noko som helst.

Etter ein stund så byrja det å dukke opp busser som skulle ta oss til
Novotel Hotel ved flyplassen, ved ankomst hotellet så gjekk det kjapt med å
få rom og beskjed om matservering, men info om videre reise var heilt i det
blå. Var snakk om i morgon ein gang, dette var i 1600 tida på søndagen.

Natt til mandag kl 0400 ringte telefonen på rommet, det banka på døra og med
beskjeden om at vi måtte komme oss på flyplassen ASAP... Ved ankomst
flyplass vart vi plassert ved ein skranke til China Air der vi etter mykje
om og men fekk plass på eit fly til Taipei samme morgon.

Ved ankomst Taipei så skulle vi egentligt reise videre til Kaohsiung, men
det vart innstilt sidan skuta allereie var ferdig der og hadde forlatt
stedet.
Då vart det til at vi fekk oss ein bil som tok oss ned til Taichung, ein tur
på eit par tre timer.
Der vart det inn på eit nytt hotell med beskjed om at vi skulle ombord neste
morgon.

Kl 0400 igjen så ringte telefonen på rommet, bilen var venta 0430 så det var
berre å komme seg igang igjen.
Denne gangen tok bilturen ned til Mai Liao ein god time og etter ytterligere
ein times tid hos emigration så gjekk endelig turen ombord i skuta der vi
var rett før kl 0700 om morgonen... Då var det godt å ha komt heim igjen.

Ein laaange tur var komt til ein ende, det er i allefall ikkje KLM
(Flyselskapet) sin fortjeneste at det gjekk som det gjekk, deira folk var
totalt fråværande etter at problema oppstod i Bangkok, der kan vi takke
hyggelige Thaier på ground service nivå at det gjekk som det gjekk til
slutt.

Som ho sa ho eine som hjalp oss - Det er ikkje vårt problem, men nokon må no
hjelpe til. Welcome to LOS - Thailand. Land Of Smile.

lørdag 10. oktober 2009

Telling som ikkje stemmer !!!

Kvar gang eg er på jobb så går dagane tregt ?
Kvifor har eg lurt på mange ganger, men noko svar har eg aldri funnet.

Men når eg kjem heim går dagane som eit kulelyn, og eg veit ikkje noko av noko før eg er på vei til jobb igjen :-(

Slik er det denne gang igjen også... På vei til jobb medan mine kjære er aleine heime.

Så no skal eg iallefall finne meg ein kalender som teller like kjapt enten det gjelder fri eller jobb...

Sikkert mange som kunna ha funnet nytte av denne då :-)

Ha ein flotte haust sammen med dåkka kjære, tenk litt på oss som er ute og reprensenterer ? landet :-)

fredag 2. oktober 2009

Norborg berger plassen i 3. divisjon Sunnmøre



Gratulerer gutter, om ikkje alt, absolutt alt, går gæli no så berger dåkke plassen i 3. divisjon.

(Aafk2 må tape kvalliken og Skarbøvik må rykke ned for at det er fare for nedrykk igjen)

Så dette var storveis, og med ny kunstgrasbane ved sidan av 2 grasbaner til neste år så kan dette berre gå ein vei :-)

Lykke til videre, skulle ønske (av og til) at eg var 30 år yngre.

Link til Norborgs heimeside finn du her

DIS Chatten, meir enn berre slekt :-)



Eg nevnte i mitt siste innlegg Dischatten som ein plass der du kan få hjelp med slekt og det som høyrer til.

Har du problemer med tyding av ein kirkebokside så er dette rette plassen å prøve seg, nesten alltid nokon som er tilstades og vil hjelpe.

Er du på jakt etter andre opplysninger, hjelp til å leite etter slekt etc etc så får du hjelp til det også.

Står du fast med hensyn til kva du skal servere til middag så kan du også få gode råd om det også om du kjem innom, eller kva skal du gje til tante i 70 års presang ? Jauda, nokon kan svare på det også, her blir det ofte anbefalt å gje ein slektstavle - ferdigt utfylt med 10 generasjoner er no draumen då, men ikkje så lett å finne så mykje.

Alderssammensettinga på chatten er frå 15 år og oppover til langt etter oppnådd pensjonsalder så det er masse erfaring som kan finnast der.

(Edit: Synnøve har gjort meg oppmerksom på at vi har/har hatt deltagere ned til 11 år og det er heilt riktigt, faktisk min slekt i Sverige, beklager så mykje til mine Svenske venner og slekt)

Deltakerane på chatten kjem frå heile landet så geografiske spørsmål blir også besvart.

Ikkje for ingenting at vi av og til betegner chatten som Slekt og Svada, eller Matprat.

Som ein gammal maskinist så vil eg låne ut følgende uttrykk: For oss på chatten er intet umuligt, det umulige tar berre litt lenger tid.

Kom innom og prøv sjølv, du er hjertligt velkommen.

Sidan det er lenge sidan eg har lagt ut noko bilde her så frisker eg opp dette blogginnlegget med eit bilde av ein nydelig rett som min Frue bruker å lage til meg, mykje reker, blekksprut, litt kjøtt, litt av diverse grønnsaker og chilli, det hender at denne blir litt sterk, men den smaker nydeligt.

onsdag 23. september 2009

Slektsforskning, hvor finne opplysninger ?

Bygdebøker er alltid ein fin plass å starte, men husk det at dei ikkje alltid er korrekte så opplysningane du finn der må sjekkast opp mot kyrkjebøkene. Og i Norge er vi svineheldige, nesten alle kyrkjebøker er skanna og lagt ut på nettet, desse finn du HER. Og HER ser du eksempel på ein slik kyrkjebokside, dette er klokkerboka 1899-1944 frå Haram. Kanskje det er nokon som drar kjensel på gutt nr 36 :-)

Mormonerene har også i mange år drevet på med å legge ut slektsopplysninger på nettet, HER finn du den vanlige søkesida deira og HER finn du ein ny som dei har laga som mange meiner er enklere å bruke.
Og HER finn du ein oppskrift på hvordan du kan bruke Familysearch (FS) – Mormonernes base på nettet, denne er skrevet av Liv Ofsdal.

På Digitalarkivet (DA) i Bergen finner du også masse stoff (Samme plass som kyrkjebøkene ligger) Alle folketellinger 1801, 1865, 1875 og 1900. Du finn også over 5000 forskjellige andre databaser der.
Og for oss som bor i her i området så ligger det også på DA databaser for gamle Borgund kommune, mykje godt stoff å finne der.

På Registreringssentral for historiske data (RHD) som ligger i Tromsø har dei også ein del databaser liggande, denne finn du HER

Og sist, men ikkje minst, Genealogiske ressurser (GenRes) som er landets største samling av linker, denne er drifta av DIS-Norge, for å komme til startsiden trykk HER. Og vil du sjå kva som ligger under Haram så sjå HER.

Egentligt så holder det lenge om du kun bruker GenRes, her finn du alt du har bruk for :-)

Skulle du mot formodning ikkje finne det du er ute etter så kan du no legge ut ein etterlysning på Slektsforum for å sjå om andre kan hjelpe deg, kanskje det er nokon som har akkurat dei opplysningane du er på jakt etter. På Slektsforum er det for tida ca 10500 registrerte brukere.

Ein annan plass du kan finne opplysninger er i DIS-Norge sine Gravminner, der er det for øyeblikket registrert 1942030 gravminner og av desse er det 782515 med bilde.

DIS-Norge driver også noko som dei kaller Distreff, her kan medlemmane sende inn sine egne data og då få svar tilbake om det er andre som har det samme, eller som forsker på dei samme slektane, for å få fullt utbytte av Distreff må ein være medlem av DIS-Norge.

Står du framleis fast så får du ta deg ein tur til Dischat, ein chattekanal som drivast av DIS-Norge. Der er som oftast folk som kan hjelpe til og svare på det meste innenfor slekt, slektsprogrammer, matlaging etc etc nesten heile døgnet.
Veldigt sosialt og triveligt å være der.

Og trenger du ein program for å samle dine data i så anbefaler eg å ta i bruk Legacy, dette finn du HER. Du kan lese meire om dette programmet i dette blogginnlegget.

Lykke til med ein fin hobby.

fredag 18. september 2009

Oppdatert slektstre på heimesida mi

Då er det lagt ut ein ny oppdatering av mine slektsopplysninger.

Denne gangen med ein del nye opplysninger spesielt frå Grytten området i Romsdalen og Hornindal i Sogn og Fjordane der det viser seg at eg snart er i slekt med heile bygda :-)

Desse nye (og gamle) opplysningane kan du finne her

Har du tillegg, rettinger eller andre opplysninger som du vil dele med meg er du velkommen til å gjere det.

mandag 14. september 2009

Slektsforskning for alle

Ja, no når vi går inn i den mørke tida igjen så vil eg anbefale folket å byrje med slektsforskning, Norges hurtigaste voksande hobby.

Ikkje er det vanskeligt, ikkje er det dyrt - I Norge så er faktisk alt som ligger på nettet, og det er mykje, gratis i motsetning til i diverse andre land.

Den største utgifta vil for mange bli den årlige kontigenten til DIS-Norge, nemlig 300 Kr. For å holde på med denne hobbyen så trenger ein ikkje å være medlem her, men det anbefalast på det varmaste. Som medlem av DIS så får du også kjøpe eit variert utvalg av slekts relaterte ting som lærebøker, anetavler etc etc til reduserte priser.

I DIS finnst det også ein rekke lokale grupper som i mange tilfeller møtast ein gang i månaden, her treffer du likesinnede og kan få hjelp til det meste. Vi har ein slik gruppe i Haram også og vi håper å komme i gang igjen med møtene våre no i denne månaden. Desse møtene bruker vi å holde på Tennfjord barneskule, ta med pc om du kjem, vi har trådløst nettverk.

På DIS sine sider er det ei oppkomme av forskjellige opplysninger, tjenester, linker til opplysninger etc etc, ta turen innom og sjå sjølv.
Startsida til DIS finn du her.

For å samle og systimatisere opplysningane holder det ikkje lenger med skoesker, det blir i allefall vanskeligt å lage rapporter for egen slekt direkte derifrå. Så her anbefalast det å ta i bruk eit slektsprogram, eg sjølv har prøvd/brukt ein del forskjellige gjennom åra men har no siste 5-6 år brukt samme programmet og det skal svært mykje til for at eg skal skifte igjen. Programmet som eg bruker i dag heiter Legacy, er egentligt amerikansk, men er fullstendigt oversatt til Norsk, både bokmål og nynorsk finnst.(Og vil du ha ut ein rapport på engelsk for å sende til ein amerikansk slektning så skifter du berre språk ved hjelp av eit par tastetrykk og så kjem rapporten ut på engelsk)

Standard utgaven av Legacy er gratis, Dø Lux utgaven koster 29 US$ og det er den vel verdt. Å skifte frå standard til Dø Lux'en gjerast ved å skrive inn ein kode i programmet og alle muligheiter blir opna, dette tar ca 15 sekunder å gjere om du bestemmer deg for dette.
Dei norske sidene til Legacy finn du her.

Vil komme tilbake seinare med fleire plasser du kan finne opplysninger som kan hjelpe deg i din søken etter slekt.

torsdag 3. september 2009

Heime igjen

Ja ha, då er eg heime i gamlelandet igjen og nyter ein velfortjent ferie :-)

No dei første dagane består livet av å kose seg med familien, oppdatere diverse pc'er og lese gamle aviser på jakt etter forandringer i slekta medan eg var på jobb. Tar også noko tid å pløge igjennom Slektsforum etter ny info og det samme gjelder diverse andre forum som eg ikkje har anledning til å lese når eg er på jobb.

Og slik går no dagane :-)