lørdag 20. februar 2010

Cruise fart på Brasil kysten

Ja, då er eg komt ombord igjen og slitet er byrja.

Reisa denne gangen var via Oslo, Frankfurt, Sao Paulo og til vi landa i
Salvador i Brasil etter ca 17-18 timer i flytid.

Etter at vi var ferdigt lasta i Salvador eller egentligt så var det i Aratu
vi var, så gjekk vi videre opp langs Brasil kysten til vi var i Maceio. Der
lasta vi ca 7500 m3 med Etanol. Det skal bli sånn ca 7,5 millioner liter med
96% sprit. Ein anselig mengde :-)

Nå er vi på vei opp mot Coatzacoalcos i Mexico, etter Mexico skal vi videre
opp til forskjellige havner i Houston området i USA. Det får eg heller komme
tilbake til seinare.

I går på dagtid så passerte vi Recife i Brasil, i morra (Søndag) ein gang
regner eg med at vi passerer ekvator. Då forandrer virvelen i vannet i
vasken retning når vi tapper ned :-)

Været er som alltid skjønt på desse kanter, over 30 grader både i vann og
luft, må være litt forsiktige med å oppholde oss for lenge i sola, lett å
bli brent.

I maskinrommet er det også varmt for tida, over 40 grader på kaldaste
plassen. Der holder vi på å overhale ein hjelpemotor for øyeblikket, godt å
varmt for dei som holder på med den jobben.

Dagens bilde er frå ankomsten til Maceio, søsterskipet Bow Flora er på vei
ut og vi er på vei inn, losbåten har akkurat forlatt oss og er på vei inn
mot land igjen.

Ha ein riktig god helg alle sammen.

lørdag 13. februar 2010

Sol og sommer venter

Då var dagen komt igjen, for øyeblikket set eg på hotellet på Gardemoen og slapper av.

Reisen denne gangen går til Salvador i Brazil og der er det i allefall sol og sommer.
Videre så skal vi innom Maceio, også i Brazil, før vi kurser nordover mot Mexico og så Houston området.
Der skal vi laste opp igjen, mest sannsynligt for Sør Amerika nok ein gang.

Ser det ikkje usannsynligt at det kan komme eit og anna blogginnlegg frå sjølivet denne gangen også.

Ønsker alle ein fortsatt fin og kvit vinter :-)

tirsdag 9. februar 2010

Slektsforumet, ein plass for meire enn å finne slekt.

Der er det også eit flott forum for kjøp og salg av forskjelligt stoff, slik som bygdebøker med meire.

I januar 2006 la eg ut ein etterlysning etter nokre bøker der, nemlig Herøy bøkene, 2. utgave ved Bjarne Rabben. Har vøre nære på eit par ganger at eg har fått kloa i desse, men eine gangen presterte dei faktisk å sende meg feil bøker, og ein annan gang vart eg akkurat for seine til å kjøpe frå ein annan kar som ville selge.

Men det som er så greitt i Slektsforumet er at ingenting forsvinner derifrå, alt blir liggande, lett søkbart, det forsvinner ikkje i mengda.

No i siste uke fekk eg ein hyggelig melding frå ein kar som hadde lest etterlysninga mi og han kunne tipse meg om at Nome Antikvariat hadde desse tre bøkene i katalogen sin. Då gjekk det ikkje mange minutta før eg hadde funnet telefon nummeret dit og der traff eg ein hyggelig dame som kunne bekrefte at dei hadde desse bøkene, og ville sende dei til meg ASAP. Ikkje var det dyrt der heller :-)

Og no i dag så kom dei, såg ut som dei ikkje hadde vøre opna før, men det blir dei no - Garantert. Eg har mykje slekt i dette området.

Her er linken til Slektsforumet og her er linken til Etterlysninga mi.

torsdag 4. februar 2010

Gards og ættesoga for Sandøy kommune, kapittel 3

Ifølge dagens Sunnmørspost er det no eit håp om at dette arbeidet kan halde fram.
Saka skal i allefall opp til ny behandling i kommunestyret med det første.

Til no er det brukt ca 4 millionar kroner på dette arbeidet, og sogenemda meiner at det trengst omtrent 500.000 kroner til for å få trykt to band i eit opplag av 500 kvar.

Eg skal i allefall ha 1 stk eksemplar av kvar om eller når desse kjem.

Her og her kan dere lese mine tidligere innlegg om denne sak.

Vi får håpe at dei tar til vetet der ute slik at desse bøkene kjem ut.

onsdag 3. februar 2010

Morgon måne over Valderøya

Var så mykje snakk om stor og flott måne no på siste laurdagen. Eg såg no egentlig ikkje den store forskjellen eg ;-)


No i dag når vi var på veg til barnehagen så sa Sofie til meg: Pappa, sjå den fine månen. Og fin var den der den hang over Valderøya. Og atter ein gang tenkte eg: Kvifor har eg ikkje fotoapparatet liggande i bilen (Eller andre plasser der eg har bruk for det)


Så eg kom meg heimatte, fant fram fotoapparatet og gjekk opp på loftet der eg hadde fri sikt mot månen. Knipsa nokre bilete og plukka ut det beste som dåkke ser her på bloggen no. Ikkje den beste kvaliteten når ein måtte lene seg ut av vinduet og med 6 minusgrader, men det vart slik som det vart.

onsdag 27. januar 2010

Solide skuter på STX Søviknes

No i jula så hadde vi eget juletre i Søvika, beliggande nede på verftet.
Nemlig den skuta som etterkvart vart døpt Skandi Aker, 157 meter lang, 27 meter brei og med boretårnet, aka juletre, som rager heile 62 meter over vannflata. Det skal visst være det høgaste i verda når vi ikkje tar med produksjonsskip.

No for eit par dager sidan kom dei slepande frå Romania med eit nytt skrog av samme type og størrelse og desse to som ligger der nede no ruver bra i landskapet.


Tok meg ein tur i dag og tok eit par bilder slik at dere kan få sjå desse flotte skutene sjølv.

Den med boretårnet som ligger til høgre er altså Skandi Aker, den til venstre veit eg ikkje navnet på.

Ein del fleire bilder, blant anna frå innredning og maskinrom, kan dere sjå på denne linken. Denne linken befinner seg på Norsk Skipsfarts forum, ein plass det er vel verdt å besøke om du liker å følge med på det som rører seg i den maritime næringa

onsdag 20. januar 2010

Det hende i Taremareby



Som mange sikkert husker var det i fjor haust ein underskriftaksjon for å få trykt opp denne boka igjen.

Forlaget som sat på rettigheitane hadde ikkje noko tru på dette så dei solgte rettigheitane til eit lokalt forlag som fekk trykt opp 2000 nye eksemplar. Og etter det eg har høyrt så gjekk salger utmerket, meire enn 1500 bøker vart solgt før jul.

Forfatteren av denne boken var Ingebrigt Davik som eg faktist er i slekt med, langt ute, men dog :-)

Boka er ein ypperlig gave til barn i alle aldre, spesielt til dei som vaks opp med desse fortellingane og sangane i barnetimen for dei minste på NRK radio for ein liten mannsalder sidan.

På denne linken kjem dåkke til Taremaryby bloggen der boka er nærmere beskrevet, den kan også bestillast frå samme stedet.

Kos dåkke med desse fortellingane.

tirsdag 12. januar 2010

Gamle bilder på nettet



Fylkesfoto arkivet har masser av gamle bilder liggande på internett, berre frå Sponland arkivet er det ca 46000 person bilder frå tiden rundt 1910 - 1920. Totalt innholder arkivet etter ein grov kalkulasjon ca 290.000 bilder.

Den lokale DIS gjengen har vøre svært sentralt med på å registrere desse bilda, dei holder på med 9. - året no. Eit imponerande arbeid av denne gjengen, all honør til dei.

Eg sjølv har funnet mange gamle bilder av min egen familie der inne og eg trur at dei fleste som tar seg ein tur dit vil finne noko.

Her finner dere arkivet.

fredag 8. januar 2010

Vinter, snø, kaldt og litt data

Og det er well det normale på denne årstida, skjønt det er sjeldant at det er så mykje snø og så kaldt her på Sunnmøre som det har vøre den siste uka.

Dagane no på nyåret har gått med til snømøking (Kjekt med freser) litt data og litt slektsarbeid.

Kjøpte meg ny maskin før jul med Windows7 på og det fungerer utmerket, så utmerket at eg lurer på å oppgradere nokre andre maskiner til det samme.

Ellers så har det no hendt at det trådløse nettverket her i huset har småkrangla litt så ikkje alle har vøre like fornøgde med det. Så då tok eg like godt å testa noko nytt, nettverk via straumen i huset. Invisterte i to stk "nettverksplugger", plugga dei inn, ein kabel inn på den trådløse ruteren og ein inn på ein bærbar pc i ein annan etasje. Det har så langt fungert utmerket sjølv om eg ikkje heilt fulgte anbefalingane frå produsenten ;-) Hastigheita er heilt ok til mitt bruk og for dei som slit med sitt trådløse nettverk så er dette eit godt alternativ. Finst mange typer på markedet, eg leita litt og fant "Best i test" og kjøpte dei. For den som lurer så er desse laga av Devolo, pris på nettet for ein 2-pakk varierer mellom 800 og 1600 kroner så her er det penger å spare for den som leiter litt :-)

God helg til alle og vær forsiktige med kulden, ikkje sovne ute ;-)

fredag 1. januar 2010

Godt nytt år til alle mine venner


Ellers ikkje så mykje meire å sei på ein slike dag.

Ikkje har eg så mykje å sei om det gamle året, og ikkje har eg så mykje planer for det nye heller så eg trur at det som kjem til å skje det vil skje uansett om eg har nyttårsløfter eller ikkje :-)

Så kos dåkke med det nye året.