fredag 29. april 2011

Northbound

Då var mei ferdige i Sør Amerika for denne gang. Tidligere i dag (Fredag)
passerte vi ekvator på vei nordover mot Europa og Rotterdam så nå er vi på
den nordlige halvkule igjen.

I utgangspunktet skulle vi innom Maceio og laste ca 4000 m3 med Etanol, men
den lasta vart kanselert så vi gjekk direkte mot Rotterdam.. 4000 m3 er 4
millioner liter det, nesten 1 liter pr. Nordmann – Det hadde blitt litt av
ein fest J

Ikkje så mykje trafikk her ute i havet, såg ein seilbåt på veg sørover i går
og ein supertanker og ein oljerigg i ettermiddag.

Nokre fugler følger oss ennå, men det har blitt mindre av dei også så i
morra regner eg med at dei er vekke.

Beregna ankomst Rotterdam er rundt 10 mai så ikkje mange dagane etter det er
eg nok heime igjen.

Mei talast.

onsdag 20. april 2011

God påske frå sørlige breddegrader

Då var det atter ein gang påske og som sist år så er eg også denne gangen på
vei til Brasil…

Vi er no på vei mot Salvador/Aratu, beregna ankomst på langfredag rundt
lunch. Siste infoen derifrå sei at vi ikkje skal til kai før den 25 april så
det blir nokre dager å vente på reia.

Etter Salvador/Araru skal vi opp til Maceio før vi setter kursen mot Europa.

Siden alle forbinder påsken med kyllinger og sånt noko så legger eg ved eit
bilde av noko lignande med ein litt annan vri… ;-)

God påske alle sammen.

søndag 17. april 2011

Argentina, elvecruise på Rio Parana

Då er vi på vei ut igjen, nesten 14 dager i Argentina, La Plata, Buenos
Aires, Campana, San Lorenzo og til slutt Rosario. 14 dager omgitt av
skittent, brunt elvevann frå Rio Parana, vi var nesten 400 km oppe i denne
elva.

Det skal bli godt å sjå skikkeligt sjøvann igjen.

Turen no går opp igjen til Brasil, Salvador/Aratu og til slutt Maceio. Det
er siste lastahavna før vi setter kursen mot Europa og Rotterdam.

Dagens bilde er i frå Syddokka i Buenos Aires, eit trangt, skittent høl. Men
vi får trøste oss med at det var mykje verre før i tida så det er framskritt
her også ;-)

torsdag 31. mars 2011

1. April

Er ein dag vi narrer kvarandre.

Kvisleis denne skikken oppstod kan eg ikkje fortelle deg, heller ikkje kor
gammal den er… Eg har nemlig ikkje forbindelse til internett og Wiki her så
det må du slå opp sjølv :-)

Eg trur nok at eg har narra mange fleire enn eg har blitt narra sjølv – I
allefall slik eg husker det ;-)

Ute til sjøs har det vøre mange gode 1. april spøker, men dei passer nok
ikkje til å bli gjentatt her.

Legger ved ein liten stripe som viser forskjellen mellom kvisleis barn
oppfatter dette kontra kanskje Fruen som blir lurt :-)

God fornøyelse og ikkje gå i fella no då.

fredag 25. mars 2011

Å male skipsnavna på kaia

Var vanligt i gamle dager, ikkje så mykje i dag, delvis pga restriksjoner
når det gjelder maling i havn, kan søle ein dråpe på sjøen skjønner du :-/
Eller at mannskapet ikkje har samme stoltheita over å være om bord eller
markere sitt skip.

Men ein og annan plassen kan vi framleis sjå dette utført, dagens bilde er
frå ei kai i Aratu, Salvador, Brasil. Tydeligvis mykje Odfjell skip som
bruker å være her…

Og ein god del kjentfolk ser eg også :-)

God helg.

lørdag 19. mars 2011

Om bord i Aratu-Salvador, Brasil

Då var eg tilbake i kvardagen igjen, reisen ned til Salvador, Brasil gjekk
greitt. Etter ei natt på hotell så kom vi ombord i skuta på onsdag
føremiddag. Det føltest omtrent som om at eg ikkje hadde vøre heime i det
heile tatt, mao her er alt ved det gamle…

Turen går etterkvart videre nedover Sør-Amerika, neste havn er Santos, så
Paranagua (Der har eg ikkje vøre sidan 1976) og så forskjellige havner i
Argentina. Kjem tilbake til desse seinare.

Her er det sol og sommer, gode 30 grader ute så det er ikkje mykje som
minner om vinter.

Koz dåkke der heime.

onsdag 2. mars 2011

Bygdebok for Grytastranda, Haram kommune

Som kjent frå før vil det etterkvart komme ut bygdebøker for Haram kommune.

På kulturkvelden og årsmøtet i Hamnsund Sogelag sist uke vart det oppgitt at første band i denne serien mest sannsynligt vil komme ut til hausten.

Bygdebok prosjektet i Haram er egentligt delt i to, den delen av kommuna som kom frå gamle Borgund kommune, Grytastranda, Søvika og Gamlem vil få to? bøker, der den første omhandler Grytastranda og det er denne som kjem først. Forfatter for desse er Randi Ingunn Selnes som har gitt ut ein del slike bøker før, blant anna for Nesset i Romsdalen.
Desse gardane i dette området er også nemnt i Borgund og Giske 4.

I den "gamle" delen av kommuna som omhandler Hildrestranda, Brattvågen og Nordøyane er også arbeidet i gang, har her høyrt eit rykte om at det vil bli tre bøker for dette området. Forfatter av desse bøkene er Stein Arne Fauske.

Og som kjent har siste delen av kommuna som inneholder Vatne/Tennfjord området samt bygdene på nordsida mot Romsdalsfjorden allereie sine egne bøker, Vatne bygdebok, band 1 og 2. Sidan gamle Vatne kommune også inneholdt deler av Dryna og Midøya så er nokre av gardane her også omtalt i desse bøkene. Forfatter av desse bøkene som kom ut i 1983 var Harald Slyngstad.

Eg gleder meg til alle desse nye bøkene står i hylla her :-)

mandag 28. februar 2011

TV-Serien "Hvem tror du at du er"

har nå gått sin seiersgang over Norske tv-skjermer.

Åtte forskjellige program med åtte forskjellige skjebner.

Det var to program eg i utgangspunktet stillte store forventinger til, det om Kåre Willock og det om Kristin Krohn Devold.

Hadde eit håp om at programmet om Kåre Willock skulle komme innom hans slekt på/frå Saure i Hjørundfjorden (Eine bestefaren hans kom derifrå), men det vart ikkje nemnt så der sat mei tilbake med skjegget i postkassa.

Siste programmet i serien var om Kristin Krohn Devold, her visste eg at vi hadde felles aner frå Devold i Rauma. Men det kom også fram i programmet at hun hadde aner frå Haram på Haramsøya og på Roald på Vigra. Ein kjappe sjekk i min database samt innføring av eit par manglande ledd så var vi i slekt den veien også. Langt ute er det så sånne slektskap går mest under namnet Allmenninger :-)

Vil du sjølv starte med denne fasinerande hobbyen så er beste startpunktet her på DIS-Norge sine sider.

Her finner du kurs og informasjon for nybegynnere, informasjon om slektsprogram, eit flott Slektsforum hvor du kan spørre om hjelp, samt lokale sider frå våre lokallag, feks denne frå Haram kommune. Og ikkje å forglemme, DIS-Chatten, eit live forum/Chat der du kan få svar på dei mest utrulige ting på eit øyeblikk.

Som mei sei, på Chatten er intet umuligt, det umulige tar berre litt lengre tid.

lørdag 19. februar 2011

Bokhylla, gratis bøker på nettet



Bokhylla, meire enn 50.000 norske bøker på nettet, av desse ca 8500 bøker som kan lastast ned gratis som PDF.

Her kan du finne litt av kvart, masse bygdebøker som kanskje er av mest interesse for oss slektsforskere.

Ellers er det eit variert utvalg av bøker, også ein del lokalt for blant anna Haram kommune sitt område.

Det er vel verdt å ta turen innom, kanskje du også finn noko du liker.

Her er Bokhylla.

onsdag 2. februar 2011

Sogelaget for Hamnsund sokn


har som normalt komt med sitt årlige skrift, Årsskrift 2010, dette er det 19 i rekken og eg er så heldig at eg har alle 19 i mine hyller. Dette kom ut før jul og dei fleste har nok fått det med seg.

Som vanligt er dette eit fyldigt og variert årsskrift med mange forskjellige artiklar og tema. Største og lengste artikkelen i denne utgava er skrevet av Per Hånes og omhandler skulen i Søvika i åra 1970 til 2010. Det passer godt for i 2010 vart det opna ein ny og moderne barneskule i Søvika. (Første del av skulehistoria, 1920-1975 er omhandla i årsskriftet for 2009)

På framsida av dette årsskriftet er det bilde av MS Skandi Aker som vart valgt til ”Ship of the year” for 2010. Dette er verdens første mobile borerigg bygd på eit skipsskrog. Kanskje ikkje så mykje lokalhistorie akkurat no, men er ein så stor begivenheit at eg forstår godt at dette kom med i årets utgave.

Ellers så er det tre artikkler om det folket som vi i dag omtaler som ”reisende”. Dei har hatt mange navn igjennomtidene, og her er dei omtalt som ”Splint”, ”Tater” og ”Fantefylgje”.

Bjørn Jonson Dale har ein artikkel om den gamle storgarden Søvik og om dei som kom derifrå. ”Studenten, Tausa og Gullungen. Opphav til Mechlenburg’ar, Friis’ar og andre fine Ålesundborgarar” som han skriv sjølv. Denne artikkelen kan du også finne her på nettet.

For oss som også driv med slektsforskning er der fleire interessante artikler, blant anna ein om Georg Ingvald Skjeldrup som stamma blant anna ifrå ei grein i Sunnylven og ei grein ifrå Wærran på Ytterøy i Nord-Trøndelag.
Denne mannen som gjekk under namnet ”Skjegge Skjeldrup” er omtalt som ein orginal globetrotter og verdensborgar. Mykje er skrevet om denne mannen, blant anna skreiv Gerhard Kjølås boka ”Skjegge Skjeldrup” som vart utgitt i 1972. Denne artikkelen i årsskriftet er skrevet av mangeårig medlem av DISNorge, Asbjørn Scheldrup.

Årsskriftet anbefalast på det varmaste og kan som normalt skaffast hos Sparebanken Møre i Søvika og hos Bok & Papir i Brattvågen.

Eg låner eit uttrykk frå ein større kjede: Løp og kjøp :-)