mandag 27. juli 2009

Arbeidsplassen min

er som kanskje kjent eit skip, Bow Firda, bygd av Kleven Florø, levert i
november 2003 og eigd av Rederiet Odfjell i Bergen.

Bow Firda er ein topp moderne kjemikalietanker, såkalt "State of the art"
som er laga for å frakte stort sett alt som flyter, vi har muligheiter til å
varme opp lasta til over 80 grader C. Vi har ein total lastekapasitet på
40515 m3.

Hun er 183,10 meter lang, 32,2 meter bred og har ein høgde på 42,8 meter.
Service speed på 16 knop.

Vi har 47 forskjellige lastetanker, alle laga av rustfritt stål (Syrefast)
Alle tanker har sin egen pumpe, line og manifold ventiler så det er fysisk
umuligt å blande last utan at nokon går inn for det. Hadde kanskje vøre lite
kjekt å få litt blåsyre inn i feks vegoljen som du har i kjølskapet heime
:-)

Av teknisk utstyr kan det nevnast at vi har en hovedmotor på 14160 HK, to
hjelpemotorer på 1800 hk kvar, 3 kjeler for heating av last/tankspyling etc
etc. Påhengt på hovedmotoren har vi ein akselgenerator som leverer 1100 KW,
generatorane på kvar hjelpemotor leverer 1260 KW så vi produserer straum
ombord nok til ein liten by. Vi har stort sett to og tre av alle pumper/anna
utstyr etc så vi står ikkje fast om noko ikkje fungerer. Vi har også ein
baugthruster på 1200 hk for å hjelpe oss med å fortøye.

Når det gjelder hovedmotoren så kan det nevnast at dette var den første
hovedmotoren, som kom i drift på eit skip, som ikkje har kamaksling. Vi har
tre hydrauliske pumper som via diverse utstyr styrer både innsprøytning og
eksosventiler. Alt dette er styrt av ein haug med datamaskiner - og ja, det
fungerer bra. Motoren er ein Man B&W og den er bygd i Danmark.

Vi har plass til 1694 m3 med HFO (Heavy fuel oil) som brukast som drivstoff.
I tillegg så kan vi ta 246 m3 med dieselolje også. Samt noko over 175 m3 med
forskjellige typer smøroljer.

For å drive og passe på alt dette så er vi 27 - 28 mann ombord. varierer med
mellom 7 og 9 nordmenn og ca 20 filippinere. Eg trur at dei fleste trivast
godt ombord, sjølv om vi av og til får oss ein tur gjennom Aden gulfen og
det Indiske hav som er noko befengt med pirater.

På dette skiftet er vi tre stykker som har vert med sidan skipet var nytt,
på andre skiftet er det to med samme status. Seilingstida for oss norske
varierer mellom 1,5 og 2 månaders perioder medan filipinerene stort sett har
kontrakter på mellom 6 og 9 månader.

Jobben min om bord er som maskinsjef, omtrent det samme som ein teknisk sjef
heime. Eg har det tekniske ansvaret for alt utstyr om bord. I dag så består
denne jobben dessverre av alt for mykje papirarbeid, det blir for lita tid
til å komme seg ut i felten for å holde seg oppdatert der...

Bildet denne gangen er frå maskinrommet, tatt ifrå forkant og akterover.
Hovedmotoren i midten og på kvar side bak eksosrøret så ser dåkke dei to
hjelpemotorane (Dei blå/turkise klompane)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar