torsdag 30. juli 2009

India farvell

Då var vi ferdige i India for denne gang, Kandla og Cochin. Og alle gleder
seg, ikkje akkurat beste plassen du kjem til som sjømann.

No går turen nordover igjen, til varmere farvann, til Mesaieed i Qatar og
Jubail i Saudi Arabia.
Og august er årets varmaste månad i desse trakter så vi kan vente oss ute
temperaturer langt oppe på 40 tallet i verste fall.

Der oppe i PG (Persiske Gulf) skal vi laste diverse stoff for Mombasa i
Kenya og for Durban i Sør Afrika. Det skal bli godt å få litt last i skuta
igjen, no er vi heilt tomme og det skal ikkje så mykje sjø til før vi
slingrer.

Det er monsumtid i desse farvanna og det er no bra når vi skal sørover
igjen, piratane liker ikkje vind så dei trekker mot land, i tillegg går vi
langt aust i havet så det går nok bra denne gangen også sjølv om Mombasa er
lovligt nær desse områda som er utrygge.

Ønsker alle ein fortsatt fin og solfyllt sommer.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar