fredag 17. juli 2009

Gjennom Suezkanalen

Suezkanalen er ein 171,25 km lang (Uten tilførselkanaler 161 km) kanal som
forbinder Middelhavet (Port Said) og Rødehavet (Suez).

Ein Fransk ingeniør, Ferdinand de Lesseps, la planane for ein kanal fram for
Egypts visekonge Said Pasja i 1854 og i 1856 fekk han og selskapet hans
konsesjon for å bygge kanalen og deretter å drive den i 99 år.

Arbeidet med bygginga av kanalen starta i 1859 og den vart offisielt åpnet
17 november 1869. Summen for å bygge kanalen den gangen var ca 430 millioner
kr.

I 1956 erklærte president Nasser at kanalen var nasjonalisert, dette vart
starten på Suez konflikta. Etter krigen med Israel i 1967 vart kanalen
stengt fram til etter oktoberkrigen i 1973 då arbeidet med å gjenåpne
kanalen tok til. Og den vart åpnet igjen i 1975.

Distansen frå Bombay til London rundt sørspissen av Afrika er 10900 nautiske
mil, medan avstanden mellom samme punkta gjennom Suezkanalen er 6100
nautiske mil. Ein innsparing på 44%

Min første tur gjennom Suezkanalen var i august 1979 ombord i Odfjellskipet
Bow Flower som vart bygd i Finland i 1975. Min foreløpig siste tur gjennom
kanaler vart utført med Bow Firda, bygd i Florø i 2003 no i desse dager. Så
i neste månad kan eg feire 30års jubileum for kanalpassering :-)

Turen gjennom kanalen tar normalt ein 12 til 16 timer, starter tidligt på
morgonen og er ute seint på ettermiddag/kveld på andre siden. Lengda på
turen er avhengig av hvor lenge vi må vente på motgåande konvoi i Great
Bitterlake omtrent midt i kanalen.

Egentligt ein ganske så kjedelig tur med åra, stort sett sand å sjå, ikkje
så mykje anna...

Ønsker alle sammen ein riktig flotte weekend med sol og sommer, her er det i
allefall varmt nok for øyeblikket :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar