fredag 1. oktober 2010

Atlanterhavet

Då var vi ferdige i Europa for denne gangen, ein uvanlig kjapp rotasjon, ein
kai i Rotterdam for lossing og ein kai kvar i Hamburg og Stade for lasting.

Det var eit håp om at vi skulle gå nordom Skottland på turen til Searsport i
USA, men det vart det ikkje noko av, været der oppe i nord var såpass mykje
dårligere at vi gjekk ned kanalen og bortover den vegen. Forskjellen er jo
ikkje meire enn ein 6 til 8 timer då, men men.

Grunnen til at eg håpa vi skulle gå den nordlige ruta var at då fekk vi gå i
gjennom Pentland Firth, sundet mellom Skottland og Orknøyene, eit sund som
er ca 23 km langt og normalt mellom 10 og 13 km breidt med nokre smalere
plasser som vi må passere. Dette Pentlandstredet er berykta for sine bratte
og berglendte kyster, samt kraftige virvel/malstraumer. Desse straumane er
målt til hastigheiter opptil 18 knop så det er kraftige saker. Eg trur ikkje
at eg har gått i gjennom Pentland siden eg var om bord i Bow Queen eller Bow
Master tilbake til 1976/1977 og det er no rett lenge siden. J

Været var no ikkje noko særligt bra her sørpå heller, ruskete i dag og meire
ruskete skal det bli i morra så denne helga blir det nok berre å holde seg
godt fast.

Ha ein god helg alle sammen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar