onsdag 13. juni 2012

Ingen kval i sikte

Atter ein rolig dag ute på bøljan blå.

Desse karane som leverer værmeldingane til oss trua med ein del drittvær
desse dagane her, men bortsett frå litt skvett i går så har det roa seg
omtrent heilt no. Kan faktisk gå ein tur på bakken utan å risikere å bli
våt.

Vi går langt nord denne turen så temperaturen er ikkje den heilt store ute,
14-115 grader i både sjø og luft.

Det einaste som er vått ute på dekk no er faktisk malinga som ikkje er tørka
ennå :-)

Og sånn går no dagane, alle mann i arbeid og alle stort sett like blie.

Dagens bilde er eit eg tok av tv-skjermen når vi låg i Rotterdam, ein Maersk
båt som kom inn med ein 10-12 meters kval over bulben, er dessverre ikkje så
sjeldant slikt skjer, dei ligg der i vannoverflata og "sover" og då får dei
seg fort ein smell.

tirsdag 12. juni 2012

Filippinsk nasjonaldag - Hipp hurra

12 juni er Filippinene sin nasjonaldag, kan nok ikkje måle seg med vår 17.
Mai då, men allikevel...

Så i dag avslutter vi arbeidsdagen kl. 1700 mot normalt kl. 2000. Eg regner
med at det er blitt laga til litt ekstra snaks til middagen deira i dag og
det er væl fortjent.

Oss Norske om bord må nok nøye oss med vanlig norsk bondekost på denne
dagen, nemligt Raspeballer, Saltkjøtt og det som høyrer til :-)

Været er som det skal være i nord Atlanteren, 16 grader i dag morges, lett
skydekke og sjø og vind imot.

Og i anledning dagen så har vi eit lite flaggbilde, tenker dei fleste veit
hvilket flagg dette er :-)

mandag 11. juni 2012

Engelske Kanal

Då var mei ferdige med Antwerpen for denne gangen, vi kvitta losen litt over
klokka to i natt så eg vart ikkje ferdige med papirarbeidet mitt før nærmare
klokka tre så det vart ein korte natt.

Frå losstasjonen og ned til Dover er det ca 70 nm så der var vi akkurat i
frokosten. Litt smågrått ute og kun 15 grader så det er ikkje så mykje
"kvite klippar" å sjå.

Slike dager som dette (Første dag i sjøen etter eit lengre opphold under
land) brukast ofte til å rydde opp i siste rest av papirer etc slik at alt
det er på plass. Ofte ein litt "lette" stemning om bord også, tenker nok at
dei fleste er glade over å være i sjøen igjen.

Dagens bilde viser to skuter frå eit kjent Dansk rederi, ein av kvar type,
tank og kontainerskip. Dei gjekk sakte desse også, tydeligvis fleire enn oss
som sparer bunkers :-)

søndag 10. juni 2012

Hei frå Antwerpen i Belgia

Eg har fått ein liten oppfordring om å skrive og legge ut ein liten daglig
tekst om livet her om bord.

Eg trur nok ikkje det blir daglig, men skal prøve å få til noko innimellom.

For øyeblikket så ligger vi i Antwerpen og laster frå ein liten coaster som
kom inn i natt, når den er ferdig så går vi herifrå.

Turen ut til havs herifrå tar ein åtte til ti timer med los.

Når vi er komt ut setter vi kursen sørover gjennom den Engelske kanalen før
vi svinger over mot Houston, ifølge "Weather routingen" så skal vi gå på ein
nordlig kurs for å unngå noko skittvær borte i Atlanteren. Time will show om
det vart lønnsomt :-/

Dagens vær er sol, vindstille og 21 grader.

Dagens bilde er frå eit kjent landemerke her i Antwerpen, dei fleste ser nok
kva dette er :-)

Ha ein fortsatt fin dag.

mandag 4. juni 2012

Om bord i Rotterdam og back in bizznizz igjen.

Då var eg tilbake i kvardagen igjen etter 9 månader heime, godt å komme seg
i jobb igjen.

Skuta har no vøre her i Rotterdam i ein uke no så det nærmer seg avgang
etterkvart.

Neste havn vil bli Antwerpen i Belgia, deretter så setter vi kursen mot
US-Gulf, mest sannsynligt Houston området.

Ikkje noko spesielt nytt herifrå denne gang.

Ønsker alle ein fortsatt fin sommer :-)

fredag 11. mai 2012

På jakt etter slektsopplysninger?

Digitalarkivet har no laga og lagt ut ein app for å finne slektsopplysninger på nettet.

Følgende er saksa frå deira side:

DA-appen lar deg søke etter personer i Digitalarkivet med smarttelefon eller nettbrett. Her kan du kjapt og enkelt starte jakten på slekten.

I denne mobilutgaven av Digitalarkivet vil du finne personopplysninger for personer født før 1930. Opplysningene er hentet fra Digitalarkivets database. Dette omfatter:
- folketellinger
- kirkebøker
- andre kilder med personinformasjon


Eg har tatt ein kjappe test og den fungerte utmerket. Foreløpig kun for Android, men kjem for iPhone i neste uke. Anbefalast :-)

Du finner den her

mandag 7. mai 2012

Maria Parr på Søvik Skule

Atter ein gang kom det ein fornøgd jente heim frå skulen, årsaken denne gangen var at dei hadde hatt besøk av forfatteren Maria Parr som hadde lest litt av sine bøker, "Vaffelhjarte" og "Tonje Glimmerdal". Også denne gangen hadde hun sikra seg autografen til den besøkande.

Det er veldigt kjekt for elevane at sånne personer kjem på besøk til skulane, det blir sett stor pris på så takk til dei som står bak og arrangerer slikt noko.

Sist det var sånt fint besøk på skulen var når "The Margarets" var på besøk og spillte for elevane, det er det blogga om tidligere.

Og som sist det var kjendisbesøk på skulen og nokon kanskje lurer på kvifor det blir omtalt på denne "slektsbloggen" så har det med etternavnet å gjere, ikkje usannsynligt at hun stammer frå Par eller Parr i Sunnylven og då er der nok ein slektsforbindelse ein plass.

Du kan lese litt meire om Maria Parr på Wikipedia.

onsdag 25. april 2012

Gards og ættesoga for Sandøy kommune, kapittel 6

Så var det neste kapittel i denne soga...

No har Sandøy kommune vistnok bestemt seg for å legge ned aksjeselskapet som står bak Sandøy soga. Det som no blir gjort er å tilsette forfatteren kommunalt i eit tidsavgrensa engasjement for å spare penger.

Så vegen videre blir å skrive ferdigt band 1 som skal omhandle Lyngværet, Orta, Sandøya, Sæterøya, Gåsøya og Finnøya. Går dette greitt så kjem dette bandet ut sommeren 2014.

Om det siste bandet som eventuelt vil omhandle Harøya nokon gang vil bli laga og gitt ut er førebels usikkert, men det ser ikkje lyst ut.

Eg har tidligere skrevet fleire blogginnlegg om denne saken, dei kan dåkke lese ved å bal nedover på denne siden.

torsdag 12. april 2012

The Margarets på Søvik skule

I dag kom det heim frå skulen ei litt stolt og glad jente.

Og årsaken til det var at 3 av medlemmane i gruppa The Margarets frå Giske hadde vøre på besøk på skulen og framført nokre av sine låter.

Og ikkje nok med det, hun hadde eit ark i handa der det fint sto: Til Sofie og så autografen til dei som hadde opptrådd.

Så vi måtte fyre i gang noko musikk og vi fant fort eit par av dei låtane dei hadde spillt på skulen.

Eit fint tiltak for barna så takk til dei som står bak dette og takk til gruppa som reiser rundt og sprer sånn glede.

Eg har høyrt eit rykte om at dei skal opptre ein annan plass her i området i morra, fredag. Dåkke har noko å glede dåkke til.

Ein liten omtale av gruppa finn du her på Wikipedia.

Og grunnen til at dette er omtala på ein slektsblogg? Well, med dei etternavna på nokre av desse karane så er eg temmeligt sikker på at det er noko fjern slektskap i sikte :-)

søndag 1. april 2012

God påske alle mine venner



Det vart heimepåske i år. Og det er no kjekt.

Været har foreløpig ikkje vøre noko særligt, men det går jo fint an å sete inne å pjaske litt med slekta :-)

Så eg benytter anledningen til å ønske fjerne og nære venner og slekt ein riktig god påske.